Gå til hovedinnhold
Toril Mongstad

Lesarinnlegg i Klassekampen 5. mai 2026

05. mai 2026
Det er ikkje alltid like lett å få lesarinnlegg på trykk. Eg har ikkje tal på alle dei eg har sendt til ulike aviser, men som har vorte refuserte. Men av og til lukkast eg, og her publiserer eg eit innlegg som står i Klassekampen i dag 5. mai. KK har endra litt på det. Eg har difor teke med opphaveleg tekst frå mi side i kursiv.

Fensfeltet i Telemark skal forvaltast av staten, det vart avklara i slutten av april. Det er bra. Me har lang og god røynsle i å forvalta store fellesressursar til det beste for folk og land. Det er nok å visa til korleis me har organisert oss som oljenasjon.

I Dagsnytt 18 onsdag 22.4., i sak om nettopp Fensfeltet, tar Bård Ludvig Thorheim, Høgre, til orde for at me snarast må tilslutta oss CRMA, Critical Raw Material Act, eller råvaredirektivet som han kallar det.

På den måten vil Norge kunna forvalta dei verdfulle ressursar på best mogeleg, hurtig måte

Han gjer det tydeleg at på den måten vil Norge kunna forvalta dei verdfulle ressursane på best mogeleg måte, og me vil ikkje minst kunna nytta hurtigsporet som ligg i denne rettsakta.

Norge bør absolutt ikkje slutta seg til denne rettsakta. Ei tilslutning til CRMA kan føra til at norsk lovgjeving kan verta sett til side i dei nødvendige prosessane som fører fram til driftsoppstart. Dette er særs alvorleg. Det bør vera innlysande, til og med for unionistar, at råderetten over nasjonale ressursar må vera nasjonal.

Unionistane har fått det for seg at utan EU å støtta oss til maktar me ingenting. Tilhengjarane av EU-medlemskap og ikkje minst EØS-avtalen sitt syn på landets folkevalde er negativt: Me er for små, me er for få, me kan ikkje lenger styra oss sjølve. Samarbeid er ikkje godt nok, me må underkasta oss og overlata styringa til Brussel.

Kvifor skulle ikkje Norge kunna forvalta eigne ressursrikdomar utan overstyring frå EU? Det er ingen løyndom at Norge er rik på verdfulle ressursar, til havs og på land. Slik sett er me eit svært attraktivt land for EU. Men det er heller ingen løydom at for kvar rettsakt me godtar frå EU flyttar me makt frå eigne folkevalde og til dei berre delvis folkevalde styringsorgane i EU. Råderetten over eigne ressursar vert redusert, og kan lett føra til at andre haustar fordelene som skulle ha kome eige land til gode.

Å vera attraktiv er både kjekt og smigrande, men det er ikkje alltid at det er til det beste for oss. Når EU gjerne vil ha oss som medlem er det, ikkje minst, fordi me er eit ressursrikt, pengesterkt og velorganisert land.

Me bør ikkje la oss smigra. Me samarbeider og handlar med land i heile verda utan å binda oss til avtalar som reduserer nasjonalt sjølvstyre og nasjonal politikkutforming.  Det bør og vera målet vårt for samhandling med EU-statane. Ikkje union og ein dårleg balansert EØS-avtale.

Relatert

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

03. juli 2026

Igjen og igjen opplever me at meiningane våre vert kasta vrak på både i presse og media. Styret i Hordaland Nei til EU har mange medlemer som er glade i å ytra seg om kampsakene våre. Me sender lesarinnlegg både som sjølvstendige innlegg og som svar på andre sine innlegg. Me sender fakta der ja-sida har servert udokumenterte påstandar. T.d. i saker som omhandlar Brexit, peikar me på manglande dokumentasjon frå ja-sida, og me tilbyr nettopp det, faktabasert informasjon. Me kan lura på kvifor presse og media synes å vera interesserte i å støtta opp under feil-informasjon. I BT 29.6.26 kjem Morten Myksvoll med eit innlegg som osar av skremselspropaganda. Me er nær undergangen om me ikkje tenkjer medlemskap i samband med at Island vurderer dette. Me står utanfor, me er ein stat utan makt, me er utrygge osv. Det er ikkje måte på kva som vil henda oss om me no ikkje går inn i unionen. Eit svarinnlegg på dette var det ikkje plass til i BT. Då eg la innlegget ut som ein kommentar, ser eg at moderator har fjerna det. Er den frie pressa ein myte? Skal det vera slik at meiningsytringar som ikkje fell i smak hos redaktøren, berre skal neglisjerast? Eg publiserer her innlegget mitt, eit innlegg som haltar litt fordi Myksvoll sitt innlegg ikkje vert publisert samstundes. Dette kan ein sjå ved å gå inn på bt.no.