
Maktesløs sikkerhet
Kypros ble angrepet av droner. Hva slags sikkerhetsgaranti gir EU-traktaten?

Reisebrev nummer 2 frå Brussel, oppsummering og refleksjon.
På innsida av Parlamentsbygget og møte med parlamentsmedlem frå Tyskland
Siste dag på studieturen vår i Brussel vart og ein interessant og lærerik dag. Me starta i Parlamentet, og fekk der god kunnskap om Parlamentet som ein viktig, og den einaste folkevalde, institusjonen i EU-systemet. Me var forvitne på kor mange som arbeider i Parlamentet, men noko eksakt tal var det vanskeleg å få fram. Det er tilsette knytt til dei ulike parlamentsmedlemene og til gruppene dei høyrer til. Det er skular og barnehagar for barna til dei folkevalde og dei tilsette. Det er eit stort administrativt apparat rundt det heile. Ressursbruken er enorm, og det at Parlamentet har møte både i Brussel og i Strassburg gjer det ikkje mindre ressurskrevande.
Me fekk og eit lite møte med eit parlamentsmedlem frå Tyskland, Andreas Schwab, som er i Det Europeiske Folkepartis gruppe (Kristelege demokratar).
European Trade Union Institute, ETUI
Så for me vidare til møte med ETUI (European Trade Union Institute), der Wouter Zwysen møtte oss og gav oss ei kort orientering. Han kom inn på Minstelønsdirektivet, spesielt i forhold til kven som treng det mest. I Norge er det motstand mot dette, me meinar at lønsnivået skal avgjerast i den norske arbeidslivsmodellen mellom partane i arbeidslivet og ikkje fastsetjast ved lov. Han informerte og om at målet for EU er at 80% av tilsette skal vera tilknytta ei fagforeining. Me lurte på korleis dette kunne vera realistisk når me ser på verknadene av dei fire fridomane, særleg fri flyt av arbeidskraft som er noko me meiner fører til lågare grad av fagorganisering. Instituttet driv med opplæring av folk, og dei er eit forskningsinstitutt som konsentrerer seg om arbeidslivsforhold. Dei informerer mellom anna gjennom rapportar, faghefte, møte mm.
European Public Service Union, EPSU
Den siste programposten vår denne dagen var eit møte med EPSU, European Public Service Union (Social Europe). Der møtte me Jan Willem Goudriaan. Det vart eit interessant debattmøte sjølv om me slettes ikkje kom der for å debattera, men for å læra! EPSU har medlemer over heile verda og dei arbeider i mange ulike sektorar. Han lurte på kvifor me ikkje var medlemer i EU når me likevel har EØS-avtalen. Me gjorde det klart at me ikkje berre er motstandarar av unionsmedlemskap, men at me og vil erstatta EØS-avtalen med ein normal frihandelsavtale (den me har frå 1973 og som ESA-representanten så kategorisk avviste då me møtte ESA tidlegare i veka).
Goudrian var og innom Minstelønsdirektivet, og han snakka om den sosiale dimensjonen, solidaritet internt i EU, velferdspolitikken, forenklings- og dereguleringspolitikken mm.
Me utfordra han på det paradoksale i at EUs traktatar slår fast at det politiske systemet skal vera marknadsliberalistisk (kapitalistisk), og at eit slikt system alltid vil setja omsynet til marknadskreftene høgast. Og her trur eg at me fekk inn eit poeng. Då han hevda at eit land kunne vera marknadsliberalt uavhengig av EU, følgde me opp med å seia at ja, sjølvsagt, men at eit slikt styresett kunne endrast ved val, noko som er umogeleg i EU fordi den politiske retninga er grunnlovsfesta (traktatfesta).
Me la merke til ein ting: uansett kva med kom med av kritiske merknader, slo han det bort med at det ikkje hadde noko med EU å gjera, og at det me hadde innvendingar mot i EU, ville vera gyldig uavhengig av unionen. Merkeleg!
Som alt nemnd, dette vart eit interessant debattmøte, men me sakna litt meir om EPSU. Me får lesa oss opp på nettet!
Ein lang møtedag og ei hektisk veke gjekk mot slutten. Me skunda oss heim til hotellet og vidare til ein velsmakande middag i hyggeleg selskap. Det var me samde om at me hadde fortent!
Oppsummering og refleksjon.
Det er vanskeleg å forstå den overordna meininga med Den Europeiske Unionen. Me snakkar om 27 ulike land med ulik kultur, historie, økonomi, språk, tradisjonar, levekår, klima mm, og ein intensjon om at alle skal vera (verta) like og handsamast likt. Dette skurrar kraftig. Eit eksempel kan vera bygningsdirektivet. Det er rett og slett ikkje realistisk å tenkja seg at krav til bygningsmasse, inneklima, vedlikehald, bærekraft osv skal vera dei same for eit bygg i Finnmark som for eit bygg i Hellas.
Det er heller ikkje mogeleg å forstå det enorme byråkratiet som er i sving for å sjå til at denne overordna politikken vert etterlevd og følgd opp i alle medlemstatane og i EØS-landa. Den enorme kontrollen som må utøvast for å sikra dette gjev grunnlag for ettertanke. Det fremste ja-partiet i Norge er Høgre. Høgre som ikkje ofte nok får sagt kva dei synes om byråkratiet i Norge, og som kjempar nær sagt kvar dag for å redusera dette. Me spurde oss sjølve: Kva tenkjer Høgre om byråkratiet i EU?
Og kva kostar dette overordna styrings- og kontrollregimet? Det prøvde me å få svar på, men lukkast ikkje med det.
Den demokratiske sida av det heile er likevel det som er det mest alvorlege. Kommisjonen stramar grepet, me les rett som det er om hemmeleghald av dokument, mangel på transparens og topptunge avgjerder utan involvering nedover i systemet. Det er eit detaljreguleringsnivå som er nesten umogeleg å fatta. Og det er eit stort innslag av lobbyisme. Når eg nemner det siste som negativt, er det fordi denne lobbyen representerer for ein stor del pengesterke selskap som øver påverknad nettopp med grunnlag i å vera kapitalsterke. Mange vil hevda at lobbyverksemd går føre seg på mange nivå, også av grupper som ikkje representerer pengemakta. Ja, det er nok sant, men deira makt er ikkje å samanlikna med det som ein kan få til når ein kan ha eit apparat i sving som faktisk både bur og opptrer i makta sine korridorar til dagen.
Kommisjonen er ikkje folkevald. Men det er den som får meir og meir makt saman med dei mange byrå som vert etablerte, og den maktsterke lobbyen.
Det er positivt at Parlamentet har meir innverknad dei siste åra enn det som har vore tilfelle tidlegare, men det rokkar ikkje ved den realiteten at Kommisjonen har einerett på å foreslå lov- og regelverk.
Det rokkar heller ikkje ved den realiteten at EU-lov står over nasjonal lov, det er noko me har fått røynd i eige land.
Så har me notert oss ein viktig ting til:
EU er superflinke i å laga visjonar, planar og mål – på papiret! Når det kjem til det praktiske skortar det mykje, men det får me diverre høyra mindre om.
Argumenta er ikkje uttømande, men konklusjonen vår er klar:
Denne studieturen med alle dei interessante møta me har hatt, har styrka oss i kampen mot å verta medlem i Den Europeiske Unionen. Den har og styrka oss i argumenta for å intensivera arbeidet med å erstatta EØS-avtalen med ein normal frihandelsavtale. Det hastar! – og me er kampklare!

Kypros ble angrepet av droner. Hva slags sikkerhetsgaranti gir EU-traktaten?

Island skal holde folkeavstemning om å gjenoppta sin sovende EU-søknad, og den norske ja-siden nærmest forskutterer et islandsk EU-medlemskap. Jeg foreslår en dose isvann i årene, skriver Heming Olaussen.

I tradisjon tro arrangerte LO i Trondheim og omegn, LO i Oslo, Faglig utvalg i Nei til EU og Sør-Trøndelag Nei til EU formøte på Trondheimskonferansen. Møtet var godt besøkt, med over 90 deltagere. På formøtet ble det innledet om en rekke aktuelle temaer knyttet til EU og EØS.