
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Krisene som råkar vår verdsdel kan ikkje forklarast med tilhøvet til Russland åleine, dei fylgjer i av ein unionspolitikk i Brussel som ikkje tek omsyn til at medlemslanda har høgst ulike klimatiske og andre naturtilhøve å tilpasse seg, frå nord til sør, aust til vest. Forsøket på å lage ein stadig tettare union, etter mønster frå USA, bryt med europeisk tradisjon og tankesett. Det fører til stagnasjon på mange område. Økonomisk friflytpolitikk oppfyller korkje forventningar om auka produktivitet eller rettvis fordeling av godane. Fylgjene for folkestyret er skadelege fordi ålmenta får unionspolitikken presentert bit for bit, kamuflert som høgverdig samarbeid, og ofte driven fram av indre kriser som vert sett på spissen. Så langt har denne framgangsmåten ført til dramatisk overføring av makt frå nasjonalstatane til unionen, og frå nasjonale parlament til byråkratiserte, udemokratiske avgjerdsprosessar i EU.
Utviklinga gjev grunn til uro. Åtvaringar har lenge vorte feia til sides. Eit viktig døme er det Jacques Delors, tidlegare president for EU-kommisjonen og opphavsperson til EUs indre marknad, sa i ein tale til Europaparlamentet 6. juli 1988: «Med omsyn til flytting av maktsentera, undrar det meg at dei nasjonale parlamenta, med unnatak av Forbundsrepublikken Tyskland og Storbritannia, ikkje har oppfatta denne flyttinga av maktsentera. I eit tidsrom på 10 år vil 80% av den økonomiske lovgjevinga, mogleg også den fiskale og sosiale, koma frå Fellesskapet. Ikkje noko medvit om dette har funne stad i ti land, og det eksisterer ikkje noko samarbeid mellom «europeiske
parlamentarikarar» og dei nasjonale parlamenta. Og eg fryktar at ein dag vil enkelte av desse nasjonale parlamenta vakne opp i eit mareritt, sjokkerte, og kjem til å utgjera ein ekstra bremsekloss i prosessen mot den Europeiske Union.» Utsagnet speglar av det som skjer i dagens situasjon, der folk med god grunn opplever og også protesterer mot å akseptere politikk dei aldri har fått sagt si meining om gjennom val. Jacques Delors såg faresignala i sitt eige prosjekt.
Noreg står utanfor EU, men landet vårt vert gjennom EØS-avtalen smitta av stagnasjonen av folkestyret i EU-området. Eit særs aktuelt døme er vedtaket Stortinget gjorde i 2017 om å akseptere EUs tredje energimarknadspakke. Saka hadde eit omfang få i nasjonalforsamlinga hadde tenkt seg. Folket fekk ikkje gjennom stortingsval ta stilling til tilhøve som greip sterkt inn i økonomisk politikk, folks privatøkonomi og landet si konkurranseevne. At me fekk prissmitte på straumpris er uakseptabelt. At heile avgjerdsprosessen sette folkestyret til side, som fylgje av EØS-avtalen er det mest alvorlege og må få fylgjer for korleis avtalen vert omtalt og forstått i den offentlege debatten.
Hordaland Nei til EU vil sterkt oppmoda dei politiske partia om å drøfte og ta stilling til EØS på eit heilskapleg grunnlag, der også det politiske ved avtalen, som seinast viste seg klart i striden om nasjonal kontroll av krafta, vert løfta fram i offentleg debatt. Det er uansvarleg å hevde at avtalen mest handlar om norsk tilgang til marknader. Den grip inn i norsk samfunnsliv og styringsrett, den set til sides norsk debatt og lovgjeving i stort omfang. Me meiner det er klargjort at det finst alternativ som tek vare på norske interesser. Me meiner at den beste politikken for oss og Europa er ja til samarbeid, nei til union.
John Dale

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: