ARRANGEMENT
Torsdag 10. oktober 2019 kl. 19:00 Brautvegen 14, 4341 Bryne

Stiftingsmøte for lokallaget Time og Klepp Nei til EU

Rogaland Nei til EU kallar inn til møte for på nytt å stifta lokallag i Time og Klepp.

Rogaland Nei til EU kallar inn til møte for på nytt å stifta lokallag i Time og Klepp. Stiftingsmøtet blir halde på garden til Jens Peter Hansen og Berit Braut i Brautvegen 14, 4341 Bryne.

Saker:

1.    Velkomst ved Leiv Olsen, leiar for Rogaland Nei til EU

2.    Stifting av lokallaget

3.    Val av styret for lokallaget

Så lenge EU-tilpassinga held fram, trengst aktive lokallag i Nei til EU. Stikkord: ACER, jernbanepakke 4, Hjelmeng-utvalet, sosial dumping, kabotasje med utanlandske trailarar på norske vegar — og nye framstøytar kjem på løpande band. Det blir klart for fleire at det ikkje var nok at me sa nei til norsk medlemskap i EU, me må seia opp EØS-avtalen. Det vil stå eit viktig slag om den på landsmøtet til Fellesforbundet no i oktober. Same korleis det landsmøtet endar, må kampen halda fram, og det som i lengda vil avgjera, er aktiviteten på grasrota.

Om du ikkje allereie er medlem i Nei til EU, kan du melde deg inn her: Bli medlem.

Leiv Olsen, leiar

Rogaland Nei til EU

Admiral Cruys gate 24

4012 Stavanger

leolsen(att)online.no

tlf. 948 29 008

reLATERT

Se alle arrangementer

Kommende arrangementer

arrangement
Lørdag 06. des. 2025 kl. 11:00 - 16:00 Bygdelagshuset, Nordahl Bruns gate 22

Julemarked 2025

Kom på Oslo Nei til EUs julemarked lørdag 6. desember klokken 11.00–16.00 på Bygdelagshuset, Nordahl Bruns gate 22.
arrangement
Onsdag 10. des. 2025 kl. 19:00 - 21:00 Bø hotell, Gullbringvegen 32, 3800 Bø

Åpent møte om framtidas skogpolitikk - styrt av EUs avskogingsdirektiv eller norsk folkestyre?

Telemark Nei til EU, Telemark Bondelag og Telemark Bonde og småbrukarlag inviterer til åpent møte på Bø hotell.
arrangement
Lørdag 14. feb. 2026 kl. 10:30 - 15:00 Folkets hus, Sandnes

Rogaland Nei til EU - årsmøte 2026

Velkommen til årsmøte!
arrangement
Lørdag 28. feb. 2026 kl. 13:00 - 15:00 Hermetikken i kulturfabrikken, Sortland

Åpent møte om energipakke 4 med Vesterålen og Lødingen Nei til EU

Velkommen til åpent møte om energipakke 4.