EU på røvartokt til Svalbard
EU har tatt seg rett til å fordela fiskekvotar i Svalbard-sona. Dei har fastsett kvotar både for eigne medlemsland og for Storbritannia, som ikkje lenger er medlem i EU.
Dette har dei gjort utan å bry seg med å spørra den norske regjeringa, endå Svalbard er norsk land og aldri har ligge under EU-myndighet. Kvotane EU har røva til seg, er langt større enn det norske styresmakter har gitt dei. Fisket er i gang. Desom EU-landa fisker så mye som EU har sagt dei skal, vil det vera eit overfiske som vil truga livsgrunnlaget for fiskebestanden i området.
Svalbard har aldri vore EU-område. Svalbard er norsk land, og det er norske styresmakter som tildeler fiskekvotar. Det EU gjer, er eit ran. Når EU legg ut på slikt røvartokt, viser det kor lite omsyn dei tar både til Norge som eit samarbeidande naboland og til verdas miljø og livsgrunnlaget for verdas ulike artar.
Norske myndigheter har protestert, og sagt dei vil stoppa EU-fiskarane med makt dersom dei fisker meir enn det norske styresmakter tillet. Me støttar regjeringa i denne saka. EUs røvartokt må stoppast, med dei maktmiddel som trengst!
Årsmøtet i Rogaland Nei til EU 20. mars 2021