ARRANGEMENT
Torsdag 16. mars 2023 kl. 10:00 Gloppen Folkebibliotek, Trivselshagen

Boklansering: Soga om Gloppen Nei til EU

Jostein Hansen lanserer boka si «Soga om Gloppen Nei til EU 1969–2020 : overnasjonal kapital, nasjonal sjølvråderett og lokal motstand».

Gratis inngang. Boksal.

Baksidetekst:
Ved folkerøystinga i 1972 sa heile 84 prosent av dei glopparane som røysta nei til medlemskap i EF. Over 20 år seinare, i 1994, stemte nær 78 prosent av nei igjen. Gloppen Nei til EU har vore det sterkaste Nei til EU-lokallaget i landet i høve til folketalet. Ved den første folkerøystinga om medlemskap i 1972 hadde laget heile 1500 medlemmer. I 1994 hadde laget 636 medlemmer. Gjennom samtalar med sentrale personar i lokallaget, arkivmateriale frå protokoller og aviser, gir Jostein Hansen eit innblikk i kvifor kampen mot europaunionen har engasjert så mange i Gloppen.

Dette er første gongen det er skrive om arbeidet og historia til eit lokallag av Nei til EU.

Jostein Hansen (fødd 1944) er førsteamanuensis i sosiologi og samfunnsfag, fødd på Sandane i Gloppen. Han har arbeidd på Høgskulen i Alta i 34 år, men er no pensjonist. I 2008 flytta han tilbake til Sandane. Hansen har tidlegare gitt ut boka Saueull, fossekraft og gründerånd : Evebøfoss fabrikker 1910-1984 (Selja 2019). Han har og vore leiar i Gloppen Nei til EU frå 2009 til 2022, og medlem av fylkesstyret fram til 2020.

Stort bilde i toppen: Jostein Hansen presenterer den nye boka om Gloppen Nei til EU. (Faksimile frå Firda Tidend 3. mars 2023)

reLATERT

Se alle arrangementer

Kommende arrangementer

arrangement
Lørdag 17. jan. 2026 kl. 12:00 - 14:00 Tromsø bibliotek, Grønnegata 94, Tromsø

Åpent møte i Troms Nei til EU

Foredrag av Idar Helle: Hvor går EU? Økonomi, velferd og miljø
arrangement
Tirsdag 27. jan. 2026 kl. 17:00 På nett

AU-møte 27. januar 2026

Møte i Nei til EUs arbeidsutvalg.
arrangement
Fredag 30. jan. 2026 kl. 10:00 - 15:00 Clarion Hotell Trondheim, Brattørkaia 11.

Formøte Trondheimskonferansen 2026

LO i Trondheim og omegn, LO i Oslo, Faglig utvalg i Nei til EU og Sør-Trøndelag Nei til EU arrangerer formøte på Trondheimskonferansen.
arrangement
Tirsdag 03. feb. 2026 kl. 18:00 - 21:00 Torp Hotell, Fokserød

Toppmøte mellom Einar Frogner og Trine Lise Sundnes.

Vestfold Nei til EU inviterer til toppmøte mellom Nei til EU og Europabevegelsen tirsdag 3. februar kl. 18.00-21.00 på Torp Hotell, Fokserød.