
Einar Åbergsjord er konstituert som leder i Nordland Nei til EU.
På et styremøte forleden ble Einar Åbergsjord fra Andøy konstituert som leder i Nordland Nei til EU. Han vil ta oppgaven på det største alvor og ser fram til å ta fatt på oppgaven.

Sak 1. Opning
Fylkesleiar Gunnar Rutle opna og ønskte velkomen til årsmøtet.
Han kom kort inn på den topp-aktuelle saka om energibyrådirektivet, ACER, og tok særleg opp den motstanden det er i ulike lag av folket mot å slutta seg til direktivet. Måten regjeringa har tenkt å gjera dette på, er eit stort spørsmål både for folket og for kjente juristar. Motstanden ser me i fagrørsla, hos ein del parti, fleire kommunar og fylkeskommunar, delar av Arbeiderpartiet, naturvernarar med fleire.
13 medlemmer møtte (inkludert Tove Berit Berg og Sigbjørn Hauge)
Det var ein kort presentasjonsrunde.
Sak 2. Konstituering av årsmøtet
Innkalling og saksliste vart godkjente
Sigmund Simmenes og Jorunn S. Holsen vart valde som møteleiar
Toril Mongstad og Oddvar Skre vart vald som protokollførarar
Jane Nordlund og Tone Storevik vart valde til protokollunderskrivarar
Sak 3. Helsingar til årsmøtet
Det vart også vist ein flott, liten film om kva industrien vår er og kva han betyr for landet vårt. Denne filmen er ein del av kampanjen mot energibyrådirektivet og han ligg tilgjengeleg på Nei til EU si heimeside.
Sak 4. Årsmelding 2017
Årsmøtet vedtok årsmeldinga for 2017.
Sak 5. Revisjonsmelding 2016
Årsmøtet tok revisjonsmeldinga for 2016 til orientering.
Sak 6. Rekneskap, balanse og revisjonsmelding for 2017
Hildur presenterte det framlagte materialet.
Følgjande hadde ordet:
Årsmøtet vedtok framlagte rekneskap, balanse, og revisjonsmelding. Heile styret har skrive under, bortsett frå Rose Maiken Flatmo. Hennar underskrift kjem i ettertid.
Årsmøtet vedtok at årsresultatet for 2017, kr 33.021.- vert lagt til eigenkapitalen.
Sak 7. Arbeidsplan 2018
Toril gjekk i gjennom arbeidsplanen for 2018 slik han låg føre.
Desse hadde ordet:
Årsmøtet vedtok arbeidsplan for 2018
Sak 8. Budsjett for 2018
Hildur gjekk gjennom budsjett for 2018, og kommenterte at merknad om post 3900 har feil kontonummerreferanse, det skal vera post 3200.
Følgjande hadde ordet:
Årsmøtet vedtok budsjett for 2018 med følgjande merknad: ved bortfall av UD-midlar vil årsmøtet godkjenna revidert budsjettering av eit mindre underskot.
Sak 9. Innkomne framlegg og årsmøte-fråsegner
a. ACER
Toril gjennomgjekk uttalen, og refererte til siste kapittelet om vedtak.
Årsmøtet vedtok å godkjenna uttalen slik han er presentert.
b. EØS – folkestyret, viktigaste argumentasjon for nei til avtalen.
John Dale gjekk gjennom uttalen. Det er ønskjeleg å vidaresenda denne til sentralt hald. Temaet har klart overordna viktigheit.
Følgjande hadde ordet:
Årsmøtet vedtok å gå vidare med diskusjonen om denne uttalen på seminaret påfølgjande dag. Dette for eventuell vidare utforming. Styret fekk fullmakt til å gjera dette arbeidet (slik ble den endelige uttalen)
c. Privatisering av selskap i offentleg regi
Toril gjekk gjennom uttalen.
Desse hadde ordet:
Dette slutta årsmøtet seg til. Uttalen er slik.
Årsmøtet vedtok at Toril tar ansvar for å senda ut vedtekne uttalar, i første omgang første og siste uttale.
Sak 10. Val
Leiar i valkomiteen, Jane Nordlund la fram valkomiteen si innstilling.
Årsmøtet vedtok følgjande samansetning av styret, revisor og val-komité:
Styret:
| Leiar | Gunnar Rutle |
| Styremedlem | Toril Mongstad |
| Styremedlem | Oddvar Skre |
| Styremedlem | Hildur Straume |
| Styremedlem | Sigmund Simmenes |
| Styremedlem | Jorunn Skistad Holsen |
| Styremedlem | Ivan Tubez (ny |
Vararepresentanter:
*det vart avklara 3. mars under seminaret at John Dale tek på seg vervet som 1. vara.
Revisor: Frank Mo
Desse hadde ordet:
Årsmøtet vedtok val av styret. Årsmøtet vedtok at styret arbeider med å finna 1. vara – sjå ovannemnde merknad som syner at dette vart avklart 3. mars.
Val av utsending til neste landsmøte.
Årsmøtet vedtok at styret får fullmakt å velja landsstyredelegatar til landsmøtet 9. – 11. november 2018 (i Sarpsborg).
Valkomité 2018
Jane Nordlund, Bergen, leiar
Jorge C Dahl, Bergen - ny
Årsmøtet vedtok at valkomiteen har to medlemmer og begge dei som det er gjort framlegg om vart valde.
Sak 9. Avslutning
Sigmund Simmenes takka for frammøte og eit godt årsmøte og ønskte velkomen til felles middag.
Gunnar Rutle avslutta og takka for møtet, han takka og eit aktivt AU for godt samarbeid.
Møtet var heva kl. 20.30
Sigmund Simmenes, møteleiar
Toril Mongstad, referent
Oddvar Skre, referent
Protokollunderskrivar: Jane Nordlund Protokollunderskrivar: Tone Storevik

På et styremøte forleden ble Einar Åbergsjord fra Andøy konstituert som leder i Nordland Nei til EU. Han vil ta oppgaven på det største alvor og ser fram til å ta fatt på oppgaven.

Er det mulig å lete fram et flertall i Stortinget for å gjenopprette kontroll over kraftmarkedet?

Nei til EU har sammen med en rekke sivilsamfunnsorganisasjoner kommet med krav til frihandelsavtalen mellom EFTA og MERCOSUR. Opprett et sivilsamfunnsforum for å følge opp frihandelsavtalen.