
NHO sin halvhjerta omsorg for distriktene
Det var mange gode grunner til at det ble nei i folkeavstemninga i 1994.

Island har avgjort at det skal vera folkerøysing 29. august og at denne skal avgjera om landet skal gå inn i medlemskapsforhandlingar med EU. Dette er i første omgang berre om det skal forhandlast eller ikkje.
Mange EU-tilhengjarar i Norge set si lit til at eit eventuelt seinare islandsk ja til medlemskap, vil gjera vegen inn i uinonen lettarar for ja-folket her i landet.
Kva står på spel for Island? Hovudnæringa for Island ligg i dei rike fiskeressursane landet har tilgang til.
Alt no ser me at kommisæren for fisk i EU, Costas Kadis, lokkar med særordningar på fiskeriområdet. Kan islandske styresmakter stola på slik lokkemat og at ei særordning no vert ei varig løysing? Svaret er nei.
Den mektige kommisjonen i Den europeiske unionen har eksklusiv kompetanse på fisk, dvs at dei er einerådande på det fiskeripolitiske området. Rett nok skal både ministerrådet og parlamentet høyrast, men realitet kan likevel ikkje bortforklarast. Den eksklusive kompetansen viser kvar politiske avgjerder vert tekne.
Denne eksklusiviteten inneber at det er kommisjonen som skal forhandla om islandske fiskeressursar om Island vert medlem. Det samme vil vera gjeldande om Norge vert medlem.
Då må islendingane, så vel som det norske folket, spørja seg: Er det slik me vil ha det? Vil me at forvaltninga av ein av dei viktigaste ressursane me har skal overlatast til EU-kommisjonen? Berre ihuga unionistar kan svara ja på dette.
Kan Island stola på kommisær Kadis i dette spørsmålet? Lat oss sjå kva som skjedde med Irland. For Irland var det viktig med særordningar på området, noko dei og fekk. Men i desember i fjor reduserte EUs ministerråd dei irske kvotane med om lag ein tredjedel, noko som av irske fiskeprodusentar vart karakterisert som katastrofalt. Avtalar inngått då Irland vart medlem av EU i 1973, og ikkje minst avtalen som vart inngått tre år deretter (Haag-preferansen), vart kasta over bord då fastsetjing av kvotar vart vedteke i desember i fjor.
I Irland vert dette kalla eit svik.
Island bør merka seg dette sviket. Å tru at det ikkje skulle ramma dei vil vera naivt. Det same gjeld for Norge. Sjølv om me ikkje er medlemer i unionen, ser me at EU er svært så ivrige på å leggja seg opp i forvaltninga av norske fiskeressursar, og dei kritiserer avtalar me inngår med andre (t.d. Russland).
Om Island vil halda på suverenitet og råderett over denne viktige ressursen, er det berre ein ting å gjera, og det er å stå utanfor Den europeiske unionen.
Det vil utan tvil også vera den beste måten å ta vare på sjølvstende og demokrati. Desse sakene er for viktige til å gje frå seg til ein union der det demokratiske underskotet aukar til fordel for topptunge, ikkje folkevalde institusjonar, embetsverk og lobbyistar.

Det var mange gode grunner til at det ble nei i folkeavstemninga i 1994.

Dublin raser mot Brussel etter at EU kaster garanti for Irlands tilgang til egne fiskeressurser over bord.

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 27. april 2025.