Lokallaget Alver Nei til EU etablerer seg i Nordhordland: – Kampen mot EU er ikkje over

Lokallaget Alver Nei til EU etablerer seg i Nordhordland. Velkomen på stiftingsmøtet 9. mai.

Trudde du at kampen mot EU var over? Og at Nei til EU som organisasjon var gått i dvale? Slik er det ikkje. Nei til EU er aktiv som aldri før, og sentralt i kampen står no kravet om å erstatta EØS-avtala med ei likeverdig og oppdatert handelsavtale, der EU ikkje lenger skal kunna påtvinga oss lover, direktiv, forordningar og reglar som premiss for at me skal kunna handla med EU-landa. 

Det er viktig å minna om at berre tre land i verda er underlagt EØS-avtala, det er landet vårt, Liechtenstein og Island.

Med resten av verda handlar EU med grunnlag i normale handelsavtalar, utan at desse landa vert underlagt politisk styring frå EU. Norge handlar også med resten av verda utan at resten av verda krev at me skal innretta oss etter deira politiske vegval.

Ønskjer du å vita meir om kva Nei til EU har på dagsorden? Interesserer du deg for folkestyre, demokrati og sjølvråderett? Synes du det er viktig at vårt eige Storting lagar dei lovene som skal gjelda i landet vårt? Dette er nemleg ei av dei viktige oppgåvene til Stortinget som lovgjevande makt. Det er ingen ting i konstitusjonen vår som seier at andre utanfor landet vårt, skal kunna påleggja oss lover som me sjølve ikkje har utforma. Dette er det viktige i maktfordelingsprinsippet i demokratiet Norge.

Nei til EU har mange medlemmer i Nordhordland. Frå 1. januar 2020 er kommunen Alver ein realitet. Lindås, Meland og Radøy vert slått saman og dannar den nye kommunen.

Me er 5 medlemmer i Nei til EU i Nordhordland som ønskjer å starta eit nytt lokallag av Nei til EU, Alver Nei til EU. Me har hatt møte og har etablert eit interimsstyre som skal fungera fram til 9. mai i år. Då inviterer me alle medlemmene i Lindås, Meland og Radøy til stiftingsmøte i Alver Nei til EU. Møtet finn stad i kantina i Rådhuset i Knarvik.

Me vil oppmoda alle som er interesserte til å koma på dette møtet.

For å ha stemmerett på møtet må du vera medlem av Nei til EU, og du må ha betalt kontingenten. Men om du berre er interessert i å koma fordi du er forviten og ønskjer å vita kva dette er, så er du og velkomen. Kanskje kan det føra til at du ønskjer å melda deg inn i Alver Nei til EU?

I Nei til EU er alle velkomne som medlemmer, enten du ønskjer å vera aktiv og delta i styre og stell og aktivitetar, eller du berre ønskjer å vera passivt medlem. Det er opp til deg. Uansett vil du få tilsendt informasjon, du vil verta invitert på medlemsmøte og du vil kunna ha påverknad på kva du meiner er viktig for laget.

Interimsstyret i Alver Nei til EU ønskjer gamle og nye medlemmer hjarteleg velkomne!

Innlegget har også stått på trykk i Avisa Nordhordland. 

reLATERT

Se alle arrangementer

Nei til EU podkast: Burde Norge komme med en reaksjon på EUs jerntoll?

05. des. 2025

I denne korte miniepisoden av Nei til EUs podkast diskuterer Einar Frogner og Alexander Fossen Lange den nye EU-tollen på norske ferrolegeringer.

Regjeringen må stå opp for norske interesser

04. des. 2025

EUs nye toll på norske ferrolegeringer viser at EØS-avtalen ikke er verdt papiret den er skrevet på, skriver Einar Frogner i Nei til EU.

Vil ikke bukke, nikke og neie for EU

02. des. 2025

– Vi har alt å tjene på godt samarbeid med våre naboland. Men vi har ikke noe å tjene på at det skal gå automatikk i at det som bestemmes i Brussel skal alltid godtas i det norske Stortinget, fastslo Senterparti-leder Trygve Slagsvold Vedum i EU/EØS-debatten.

Et norsk mottrekk?

01. des. 2025

Å svare på EUs jerntoll med mottiltak vil ivareta både norske økonomiske interesser og EØS-avtalens prinsipper.

31 år siden EU-neiet i folkeavstemninga – Gratulerer! 

28. nov. 2025

Motstanden mot EU og EØS øker, viser to nye meningsmålinger som kom rett før 31-årsdagen for folkeavstemningen i 1994. 

EUs jerntoll mot Norge

25. nov. 2025

EØS-avtalen skulle utelukke toll på industrivarer, men nå har EU innført kvoter og toll på ferrolegeringer fra Norge og Island. Hva koster EUs toll, og hva er konsekvensene for norsk industri?

Ja-sidas fallitt i møte med EU-makta

25. nov. 2025

Har vi ei regjering som har som eneste strategi å logre for Brussel og håpe at de ikke banker oss opp enda en gang?

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

21. nov. 2025

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.

EØS-avtalen har spilt fallitt

20. nov. 2025

EUs nye tollsatser overfor Norge viser at vi må tenke nytt om vårt forhold til unionen.

Alexander Fossen Lange er ny rådgiver for samfunnskontakt i Nei til EU 

18. nov. 2025

Nei til EU styrker staben for å bli mer synlige i den norske samfunnsdebatten. 

EUs tollavgjørelse om norske ferrolegeringer er uakseptabel 

13. nov. 2025

EU har gjort det klart at det legges opp til at Norge vil rammes av toll på ferrolegeringer.

Ingen seier i saken mot minstelønn 

11. nov. 2025

I dag avsa EU-domstolen sin dom i saken om minstelønnsdirektivet.  – Nå må regjeringa stå på kravet om at minstelønnsdirektivet ikke er EØS-relevant, sier Einar Frogner, leder i Nei til EU.