
Einar Åbergsjord er konstituert som leder i Nordland Nei til EU.
På et styremøte forleden ble Einar Åbergsjord fra Andøy konstituert som leder i Nordland Nei til EU. Han vil ta oppgaven på det største alvor og ser fram til å ta fatt på oppgaven.
INNLEIING
Medlemskapsdebatten og ikkje minst ordskiftet om EØS-avtalen har teke seg opp det siste året, både på grunn av dei ustabile straumprisane, men også på grunn av ustabile, internasjonale tilhøve generelt. Enkelte parti tar til orde for at me må ha ein ny debatt om medlemskap i Europaunionen, andre meiner at det ikkje er aktuelt. EØS-avtalen sine mange og inngripande direktiv og forordningar har ført til ei større merksemd om avtalen sine ulemper. Manglande nasjonal kontroll på energiområdet og høge straumprisar har også ført til ein skarpare tone frå fagrørsla mot avtalen. Det same gjeld ESA (overvakingsorganet til EFTA) sitt kritiske syn på norske seriøsitetskrav i arbeidslivet. Ja-sida, og diverre også somme på Nei-sida hevdar at EØS-avtalen har tent oss godt. Desse haldningane skuldast etter Nei til EU sitt syn manglande kunnskap om dei negative konsekvensane av avtalen, og ja-sida sin myte om at avtalen er nødvendig for å få seld varene våre til EU.
Nei til EU sitt tap i ACER-saka i Høgsterett i 2023 skal ikkje hindra oss i å føra kampen vidare også i 2025/26, då innhaldet i saka er minst like aktuell no. Fleire direktiv på viktige samfunnsområde som vatn, avlaup, bygningsmasse, energi, klima m fl, vil ha stor påverknad på nasjonal sjølvråderett om dei vert innførte. Mange av dei vil også ha stor innverknad på økonomien, både nasjonalt, lokalt og for innbyggjarar flest. Det er ingen grunn til å tru at noverande Storting vil endra praksis når det gjeld innføring av EØS-relevante lover, direktiv og forordningar. Difor er det viktig å påverka årets stortingsval til å få vald inn eit fleirtal av representantar som seier Nei til EU.
Talet på medlemer i Nei til EU har gått ned dei siste åra både nasjonalt og for mange fylke. Samstundes går gjennomsnittsalderen på medlemene opp. Det store spørsmålet er korleis me kan gjera organisasjonen vår interessant og relevant for yngre folk.
Meiningsmålingar viser framleis fleirtal mot norsk medlemskap i Europaunionen, med EØS-avtalen er det motsett, særleg under dei politiske usikre tidene me har no. Dette er ei utfordring styret vil ta på alvor, og styret vil arbeida aktivt med informasjons- og kunnskapsarbeid. Med dette som bakgrunn vil fylkesstyret leggja fram ein arbeidsplan som rettar merksemda særleg mot informasjonsarbeid og kunnskapsformidling. Dette gjeld både medlemskapsmotstanden og i aukande grad arbeidet med å få erstatta EØS-avtalen med ein rein handelsavtale. Difor vil me og styrka arbeidet med å aktivisera folk i heile Hordaland ved å ha tettare kontakt med lokalkontaktar. Dersom aktive medlemer i kommunane ønskjer å etablera lokallag, vil fylkesstyret gjera det dei kan for å få det til.
HOVUDMÅL
Utdjuping av måla:
Driva aktivt informasjonsarbeid og kunnskapsformidling om kampsakene våre
Aktivisera i heile fylket gjennom betra og hyppigare kontakt med lokalkontaktar
Vera meir synlege i heile fylket på ulike arrangement som stand og folkemøte
Søkja samarbeidspartar i kampen mot EU-medlemskap og for å få fram at det finst alternativ til EØS-avtalen.
Auka aktiviteten på heimesida og på andre sosiale media
Delta i oppfylling av Nei til EU sin landsmøte-vedtekne overordna arbeidsplan
Bidra til aktivt og målretta styrearbeid samt utvikling av organisasjonen i heile fylket
Delta i auka samarbeid på tvers av alle fylkeslaga for inspirasjon, engasjement og erfaringsutveksling
Driva aktiv og kontinuerleg medlemspleie

På et styremøte forleden ble Einar Åbergsjord fra Andøy konstituert som leder i Nordland Nei til EU. Han vil ta oppgaven på det største alvor og ser fram til å ta fatt på oppgaven.

Er det mulig å lete fram et flertall i Stortinget for å gjenopprette kontroll over kraftmarkedet?

Nei til EU har sammen med en rekke sivilsamfunnsorganisasjoner kommet med krav til frihandelsavtalen mellom EFTA og MERCOSUR. Opprett et sivilsamfunnsforum for å følge opp frihandelsavtalen.