Borgny Sletten, leiar i Oppland Nei til EU.

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.

Denne våren innførte Ap-regjeringa tre av direktiva i EUs fjerde energipakke. Det la til retta for at nye utgåver av desse tre direktiva allereie no er på trappene for Noreg sin del. Dei nye utgåvene sementerer og forverrar problema ved EUs fjerde energipakke, og må derfor avvisast.

Bygningsenergidirektivet var saman med fornybardirektivet det mest kontroversielle av det regjeringa innførte. Dette direktivet fremja krav om å laga strategiar og vegkart for å rehabilitera alle bygg, både offentlege og private, med mål om at dei blir energinøytrale innan 2050. Den nye utgåva legg endå strengare føringar for denne rehabiliteringa.

Klimaforskjellane, og det faktumet at Europa bruker gass til oppvarming i Europa gjer at norske hushald bruker fire gonger så mykje straum som eit gjennomsnittleg hushald i Europa. Dette gjer ei innføring av direktivet her mykje meir kostbar. Noregs Bank har rekna ut at det i snitt vil kosta 450 000 kroner for eit norsk hushald.

Fornybardirektivet var på si side kontroversielt særleg på grunn av dei korte saksbehandlingsfristane i vindkraftprosjekt. Pålegget om maksimal saksbehandlingstid på to år vil etter alt og dømma få store konsekvensar for moglegheita lokaldemokratiet har til å påverka, noko som er svært uheldig når vindkraft allereie er eit svært betent politisk tema i Noreg.

I det reviderte fornybardirektivet blir kravet stramma inn ytterlegare, og inneheld ein frist på eitt år i prioriterte prosjekt.

Også det reviderte energieffektiviseringsdirektivet byr på problem. Her blir krava skjerpa om å redusera energiforbruket, noko industrien tidlegare har vore bekymra for at hemmar utvikling og klimaomstilling i norsk næringsliv. Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva. Dei må derfor avvisast, og Noreg må leggja ned veto mot å innføra desse gjennom EØS-avtalen.

Stort bilde i toppen: Borgny Sletten, leiar i Oppland Nei til EU.

reLATERT

Se alle arrangementer

NHO sin halvhjerta omsorg for distriktene

16. jan. 2026

Det var mange gode grunner til at det ble nei i folkeavstemninga i 1994.

Norgespris og «ESA-prosessen»

14. jan. 2026

ESA mener norgespris er i strid med EØS-reglene, men regjeringen avviser dette kontant i et fyldig svar.

Minstelønnsdirektivet består

14. jan. 2026

Minstelønnsdirektivet får bestå, har EU-domstolen bestemt. Kommer kampen mot direktivet tilbake til Norge nå?

EUs nye nettpakke på høring

09. jan. 2026

EU-kommisjonen vil bygge flere overføringsforbindelser raskere, og samle mer makt hos seg selv og energibyrået ACER.

Jacobsen bommer om løk og EU

09. jan. 2026

En eventuell frykt for at stortingsflertallet nå har åpnet døra for skader på nordmenns levre, nyrer og skjeletter i 2026, er svakt begrunnet, skriver Einar Frogner.

Podkast: Hva er problemet med EUs bygningsenergidirektiv?

08. jan. 2026

Ny episode av podkasten Standpunkt, med Nei til EUs Morten Harper og Alexander Fossen Lange.

Stiller Valencia og Vestfold likt?

08. jan. 2026

Vi trenger ikke EU for å fortelle oss at det er klokt å ha tette vinduer.

Ut mot milliardregning til norske boligeiere fra EU

07. jan. 2026

En ny versjon av EUs bygningsenergidirektiv kan gi en massiv regning til norske boligeiere. Det avslører regjeringens høringsrunde for EU-direktivet.

Hva er greia med løk og kadmium?

22. des. 2025

EU-forordning skaper problemer for løkbønder rundt Mjøsa.

Katta i sekken

22. des. 2025

Energiministerens julegave til boligeiere er økte utgifter.

Nei til EUs høringssvar om Bygningsenergidirektivet

16. des. 2025

Nei til EU mener at EUs bygningsenergidirektiv ikke er tilpasset lokale forhold. Direktivet vil gi store kostnader for samfunnet og for huseiere i Norge.

Har EU åpnet handlingsrommet i EØS?

11. des. 2025

EUs toll på ferrolegeringer vekker til live en sovende bestemmelse i EØS-avtalen, og gir nye forutsetninger for tiltak mot prissmitte fra det europeiske kraftmarkedet, skriver Morten Harper.