
Norgespris er en utgift påført oss av EU – ta tilbake kontrollen over krafta
Norgespris kompenserer for høye strømpriser for husholdninger, men tar ikke problemet ved roten.

Mandag 8. september går Norge til valg på nytt Storting. Troms Nei til EU jobbar tverrpolitisk, men vi vil gjerne bidra med informasjon til velgarane i Troms om kva partia og kandidatane står for i EU-spørsmålet.
Denne artikkelen er hentet fra Nei til EUs valgkampavis Standpunkt. Les hele avisen på valgsiden
I tillegg vil vi informere om kva kandidatane meiner når det gjeld EØS-avtalen, og spesielt om kandidatane er for eller imot å knytte Norge tettare på det europeiske strøm-markedet. Svara frå kandidatane finn du på baksida av denne avisa, som blir delt ut til husstandar over heile Troms fylke.
...fortsatt meiner vi i Nei til EU at styringa av Norge blir best når det er våre eigne folkevalgte som bestemmer. Folk, organisasjonar og politiske parti skal ha rett til å fremme forslag til nye løysingar. Men slik er det ikkje i EU: Berre EU-kommisjonen (som ikkje er folkevalgt) har rett til å foreslå nye reglar. Folk i dei enkelte medlemslanda og EU-parlamentet har dermed begrensa mulighet til å drive fram ny politikk. EU er eit politisk system der styringa skjer ovanfrå, no som i 1994. Det var året då eit fleirtal av det norske folket stemte Nei til medlemskap i Den europeiske unionen. Over 70 prosent i Troms stemte Nei – av gode grunnar:
Norge er velsigna med etterspurde ressursar som fisk, olje/gass, mineralar og vasskraft. Ved at det er Stortinget, og ikkje internasjonal storkapital som bestemmer over desse ressursane, har vi bygd eit av verdas beste produksjons- og velferdssamfunn. EU-systemet er ikkje basert på folkevalgt styring over nøkkelressursar, men på fri flyt av kapital. Også her i Norge kan vi sleppe storkapitalen til, men då vil det vere eit fleirtal i folket som vil det. Ikkje på diktat frå Brussel. EU-landa importerer fisk og energi. Norge eksporterer. Eit felles EU-regelverk, basert på importlanda sine interesser, vil vere svært skadeleg for Norge. Råderetten over fiskeressursane vil gå tapt ved eit EU-medlemskap.
Troms har stolte tradisjonar
Vi skal sjå framover, men det må vere lov å minne om at Troms Nei til EU stod for den sterkaste markeringa mot medlemskap i EU, den 14. november 1994. Rett etter at Sverige og Finland hadde stemt JA, og med Nordens statsministrar samla i Tromsø, kom tusenvis av motstandarar frå heile landsdelen for å markere at «Vi står han av». Her markerte vi periferiens makt over sentrum, (for ein gongs skuld). Det er all grunn til fortsatt å stå opp for folket som bur her, og for langsiktig bruk og vern av ressursane i Nord.
Stort bilde i toppen: Store naturressursar. Råderetten over norske ressursar vil gå tapt ved eit EU-medlemskap.
© Foto: Jens Olav Løvlid

Norgespris kompenserer for høye strømpriser for husholdninger, men tar ikke problemet ved roten.

Det varslede nedsalget i Mantena viser mangel på egenutviklet politisk vilje i dagens Ap-regjering.

EUs prosedyreforordning griper inn i et kjernespørsmål i EØS-debatten: hvor stor myndighet kan og bør overvåkingsorganet ESA ha i Norge? skriver Morten Harper.