
Hvorfor de stadige omkampene?
Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.
–Eg gler meg til å lære meir om det grunnleggjande her, seier Marte Gjestvang Olimb.
– I Bygdeungdomslaget starta eg som økonomi- og tevlingskonsulent i eit vikariat, og så hoppa eg rundt og hadde alle stillingane utanom organisasjonskonsulent, før eg vart generalsekretær der for to og eit halvt år sidan.
– Så då Thomas ringde tilfeldig for å spørje om eg visste om nokon som kanskje kunne passe inn på Nei til EU-kontoret, så svarte eg at «eg kjem ikkje på nokon umiddelbart, men eg har den kompetansen du er ute etter. Er det greitt?». Så han håpa han fekk søknad.
– Eg gler meg veldig til å bli kjend med medlemsmassen og med politikken litt meir i djupna. Eg synest det er artig å lære ein vaksenorganisasjon å kjenne. Og så er eg veldig enig i at Noreg ikkje skal inn i EU. Spesielt ut frå landbruksbakgrunnen min. I Noreg er vi avhengige av at det er smått og at vi kan drive overalt.
– Reint økonomisk er det vanskeleg med marknadskrefter i landbrukssamvirket. Dette påverkar inntektene til organisasjonen, seier ho.
– Ei organisatorisk utfordring er å få til ei god digitalisering i organisasjonen. Det er ei utfordring for alle organisasjonar, men eg trur det er lettare i ein ungdomsorganisasjon. Sakte, men sikkert må vi få alle trygge på å ta i bruk verktøya.
– Det er veldig spanande med ny medlemsmasse, med eit anna alderssegment. Verving er ein konstant jobb som vi alltid må fokusere på.
– Det er artig å høyre historiene frå 1994 der Bygdeungdomslaget var med og stod sterkt i kampen.
– Eg har vore medlem av Bygdeungdomslaget heile vegen. 4H var eg også med frå eg var 12 år. Eg starta opp klubb i bygda der eg er frå.
– Eg er interessert i politikk, men er ikkje så driven på det.
Norges Bygdeungdomslag har omlag sju tusen medlemer.
– I Bygdeungdomslaget blir det arrangert landsstemne med 2000 deltakarar på sommaren. Ei veke på eit jorde i campingvogner med swing og konsertar på kvelden og tevlingar på dagen. Det er trøkk. Det er skikkeleg festival. Slikt synest eg vi kunne fått til. Ein Nei til EU-festival, ler ho.
– Organisasjonsskulen i Bygdeungdomslaget er heilt rå. Ein ser igjen bygdeungdommen overalt, spesielt innanfor landbruket,landbrukssamvirket og i politiske organisasjonar. Ser igjen folk i høge stillingar, på grunn av den gode organisasjonsskulen. Det trur eg er viktig.
– Eg er overraska over kor mange saker som er på agendaen no. Det hadde eg ikkje tenkt over før eg starta. Acer-søksmål mot staten, og mykje som skjer i samband med Brexit, til dømes.
– Sånn er det i ein politisk organisasjon. Det er viktig å vere på i forkant og hive seg rundt. Eg gler meg til å lære meir om EØS. Eg gler meg til å kome skikkeleg i gang. Det er så mykje som er likt, så den første veka har vore ganske grei.

Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Etter at Reidun Berntsen Heggen flyttet sørover 1. oktober, har Tore Ruud fungert som leder. Han ble nå valgt som leder for kommende år. Evelyn Bjerkås ble valgt som nytt styremedlem. Ellers var det stort sett gjenvalg til de øvrige posisjonene.