
Det spissar seg til om EØS og EU.
Den pågåande debatten om energipakke 4 aukar i intensitet.
Undervegs i debatten har ja-sida forsterka sin argumentasjon om at Norge er eit veldig lite land, der folkevalde politikarar i mindre og mindre grad er i stand til å gjera eigne, sjølvstendige politiske val. EU vert meir og meir framstilt som redninga, me må knyta oss sterkare til unionen, elles er det ikkje godt å seia kor fort me kan bukka under. Frå AP si side vert det vist til Hurdalsplattforma, regjeringa styrer med EØS-avtalen i botn, derfor må me akseptera det EU pålegg oss gjennom den. At EØS-avtalen har klåre retningslinjer som tillet reservasjon og til og med veto mot det som kjem frå EU, vert knapt nemnd når ja-sida argumenterer. Det vert heller ikkje nemnd at Hurdalsplattforma også slår følgjande fast:
Regjeringen vil føre en politikk som sikrer oss at vi beholder suveren norsk kontroll over alle avgjørelser med betydning for energisikkerheten i Norge
Og at:
Handlingsrommet i avtalen skal utredes og brukes aktivt, og det skal jobbes målrettet for å forsvare norske interesser overfor EU
Når det gjeld desse tre direktiva det no er snakk om, vert det hevda at ingen ting i desse direktiva er problematiske. Nei, slik har det vore heilt sidan 1994. Ingen direktiv synes å vera problematiske, reservasjonsretten har ikkje vore brukt, og alle direktiv og forordningar har utan særleg motstand automatisk glidd inn i landet og vorte norsk lov.
Det vert og hevda at det meste av innhaldet i desse tre direktiva alt er norsk lov. Javel, då er det vel ingen problem å snakka om? Då har me vel same politikken som EU på området? Men det er nettopp dette som tydeleggjer det høgst problematiske i saka, ved å gjera EU-politikk til vår politikk gjennom vedtekne direktiv, er det EU som styrer, og utviklinga av direktiva må følgjast slavisk. Eigne politiske vedtak utforma utan EUs innblanding kan som kjent endrast dersom eit stortingsfleirtal ønskjer det. Her ligg den viktige suvereniteten.
Ja-sidas underliggjande intensjon i denne saka er å knyta oss nærare og nærare den europeiske unionen for til slutt å verta medlem av EU. Det vil seia å heilt underleggja seg overnasjonal styring og samstundes naivt hevda at då ville me få ei hand på rattet. Då ville vesle Norge automatisk forvandla seg til ei stormakt som kunne påverka EU-politikken i vår retning. Ja slik kan ein forvrengja realitetane.
Heilt fram til no har dei 8 direktiva i 4. energimarknadspakke vorte omtalt som nettopp ei pakke, slik og energipakke 3 vart omtala.
Det er det slutt på. Energiministeren hevdar no at dette tvert i mot ikkje er ei pakke, men enkeltståande direktiv som kan handsamast eit for eit. Alt dette for å pynta på saka og få SP og andre motstemmer sine argument til å framstå som ugyldige.
Tidlegare skremselspropaganda vert som ny: hundretusenvis av industriarbeidsplassar vil gå tapt, EU vil ikkje lenger kjøpa varer hos oss, og straffetiltaka frå EU kan verta avgjerande for Norges overlevingsevne. I tillegg har skremselspropagandaen fått ein ny dimensjon som heiter Donald Trump.
Debatten avslører ein realitet som me på nei-sida har hevda gong på gong. Det er ikkje snakk om reelle forhandlingar med EU. Om me ikkje imøtekjem dei på deira politikk, kan det går ut over heile EØS-avtalen. Det er neppe i tråd med avtalen som seier at det berre er innafor aktuelt saksfelt at sanksjonar skal vurderast.
Denne kampen er avgjerande. Skal Norge ta vare på suverenitet og folkestyre, må me vera i stand til å vedta politikk som nettopp gjer det. Debatten synleggjer og at det er på høg tid å vurdera eit alternativ til EØS-avtalen. Ein handelsavtale utan politisk overstyring og med eit reelt samarbeid som grunnleggjande verdi.
Ingen ting av energipakke 4 må avgjerast no. Heile sakskomplekset må verta ein viktig del av valkampen der folket kan gjera seg opp ei sjølvstendig meining før dei går til valurnene 8. september. Det er dette som er folkestyre.
Toril Mongstad
Fylkesleiar