
Hvorfor de stadige omkampene?
Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.
Grunngjevinga for endringar i dei tre direktiva (fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet), og for denne REPowerEU-planen synest å vera:
Det som går igjen i dei fleste dokumenta knytt til REPowerEU er at prosessane må sikrast mykje raskare handsamingstid, at medlemsstatane på sikt skal ha likt lov- og regelverk, og at EUs styringsorgan skal ha moglegheit for å ta overordna avgjerder dersom dei ser at nasjonalstatane ikkje klarar å redusera sakshandsaminga. I sakshandsamingsprosess ligg og omsyn til natur, fugle- og dyreliv, kulturvern, noverande bruk av aktuelt område for utbygging.
Hurtigsporomgrepet og det at det skal utpeikast område for snarleg gjennomføring av prosjekt, er og understreka som essensielt for å oppnå målsetjinga i planen og følgjeleg i dei direktiva som no er under endring.
Kva kan dette føra til:
Kva meiner Hordaland Nei til EU?
Det overordna viktige er å minna om at Norge har sagt nei til deltaking i den europeiske unionen to gonger. Trass dette viser både denne og tidlegare regjeringar at dei er meir enn villige til å knyta oss tettare opp til unionen, t.d. no ved å meir eller mindre tilslutta oss den europeiske energiunionen. Dette meinar me er å handla mot det folket så tydeleg har gjeve uttrykk for, og det viser at argumenta våre om tap av sjølvråderett, folkestyre og demokrati på alle styringsnivå var og er like relevante og aktuelle som då kampen starta på 60-talet.
Dei tre nemnde direktiva er så langt ikkje implementerte, men iflg regjeringa sin statusrapport om direktiva, er desse i sluttfasen for implementering. Fornybardirektivet, før revideringa, vart derimot implementert i 2005.
Me går derfor ut frå at styresmaktene vil sjå på desse direktiva, og følgjeleg REPowerEU-planen som EØS-relevant.
Det vert lagt opp til raskare handsaming av saker knytt til etablering av vindkraft, til havs og på land, samt utbygging av solenergi.
Det vert og lagt opp til at det bør etablerast overnasjonale retningsliner for slik handsaming, noko me ser på som eit trugsmål mot gode demokratiske og nasjonale prosessar på alle politiske nivå.
Nasjonal ramme for utbygging av vindkraft, lansert i 2019, møtte massiv motstand, noko som kom til syne gjennom m.a. meir enn 5000 høyringssvar, samt store protestar frå lokaldemokratiet i aktuelle kommunar. Slik me ser det, kan slike rammeplanar i verste høve utpeika av andre enn nasjonale myndigheiter, igjen verta ein realitet. Det kan innebera overkøyring av lokalt demokrati, og i neste omgang også overkøyring av nasjonal politikk på området.
Hurtigspor som vert lansert som ei mogeleg løysing, kan ha som realistisk risiko at kravet til grundige konsekvensutredningar vert sett til side, i verste høve at konsekvensutredningar ikkje ligg føre når konsesjon vert gitt.
Det vert lagt opp til at konsesjonssøknader ikkje treng å vera detaljerte og fullt ut dekkande for det prosjektet det vert søkt konsesjon for. Dette kan føra til at storleiken på prosjektet, korleis det skal gjennomførast og konsekvensane av det, ikkje er tilstrekkeleg kjent før prosjektet vert sett i gang og realisert. Dette vil svekka krava til aktuelle prosjekt, og det kan føra til at prosjekta vert vesentleg endra undervegs.
Når det gjeld havvind, er det mange omsyn å ta i eit kystland som Norge. Fiskeressursane våre legg grunnlag for ein av dei viktigaste eksportnæringane våre. Dersom det heller ikkje her skal vera grundige konsekvensutredningar, men at omsyn til raske avklaringar skal vega tyngst, kan dette verta katastrofalt for fiskerinæringa. Det seier seg sjølv at utbygging av havvind ikkje er eigna for noko hurtigspor, men må underleggjast særs grundige vurderingar og uttalar frå ulike hald: næringa sjølv, forskarmiljø, andre ekspertar. I tillegg ligg det distriktspolitiske omsyn i det å ivareta ein fiskeriindustri langs heile kysten, særleg i nord, og desse kan i verste høve verta sett til side ved prioritering av hurtig og omfattande utbyggjing av havvind.
Det vert argumentert for at nasjonalstatane ikkje kan klara desse endringane og dei uttrykte krava åleine. Den nødvendige overnasjonale styringa vert understreka som overordna viktig. Dette viser at utvikinga går i meir retning av overnasjonalitet og svekking av nasjonalstatane sin sjølvråderett og suverenitet. Dersom det planen presenterer er EØS-relevant, noko som det svært truleg vil verta definert som, vil denne overnasjonaliteten også ramma Norge. Igjen – faren for tap av suverenitet, nasjonal kontroll og styring er reell. Demokratiet vert svekka.
Me tar med følgjande sitat som underbyggjer mykje av det me tek opp i dette høyringssvaret: (Sitatet er henta frå Forslag til EUROPA-PARLAMENTETS OG RÅDETS DIREKTIV om ændring af direktiv (EU) 2018/2001 om fremme af anvendelsen af energi fra vedvarende energikilder, direktiv 2010/31/EU om bygningers energimæssige ydeevne og direktiv 2012/27/EU om energieffektivitet (EØS-relevant tekst))
Under hensyntagen til de forskellige energipolitikker i medlemsstaterne er der større sandsynlighed for, at tiltag på EU-plan støttet af den solide forvaltningsramme vil nå EU's klimamål og den krævede øgede udbredelse af vedvarende energi end nationale eller lokale foranstaltninger alene.
Langvarige og komplekse administrative procedurer er en central hindring for investeringer i vedvarende energi og den dertil knyttede infrastruktur. Varigheden og kompleksiteten af tilladelsesprocedurerne varierer meget mellem de forskellige teknologier for vedvarende energi og mellem medlemsstaterne. Selv om medlemsstaterne kan træffe foranstaltninger til at fjerne de hindringer, der findes på nationalt plan, er der behov for en koordineret europæisk tilgang til at afkorte og forenkle tilladelsesprocedurerne og de administrative processer for at fremskynde den nødvendige udbredelse af vedvarende energi. Dette er igen nødvendigt, for at EU kan nå sine klima- og energimål for 2030 og sit langsigtede mål om klimaneutralitet samt udfase sin afhængighed af russiske fossile brændstoffer og reducere energipriserne. I betragtning af medlemsstaternes forskellige energipolitikker, -prioriteter og -procedurer og i betragtning af at det haster med at fremskynde udbredelsen af vedvarende energi i alle medlemsstater, er der større sandsynlighed for, at en indsats på EU-plan vil nå de krævede mål end en national eller lokal indsats alene.
Der er behov for en indsats på EU-niveau for at sikre, at medlemsstaterne bidrager til det bindende energieffektivitetsmål på EU-plan, og at det opfyldes kollektivt og på en omkostningseffektiv måde. Unionens aktiviteter vil supplere og styrke de nationale og lokale aktiviteter med henblik på at styrke indsatsen inden for energieffektivitet.
Konklusjon:
Hordaland Nei til EU vil minna om at Norge ikkje er EU-medlem og at me framleis har, og skal ha, eigne demokratiske prosessar basert på gjeldande lov- og avtaleverk, og at folkevalde har fått mandat frå folket, ikkje frå EU. Berre ved å respektera det vil norsk suverenitet og folkestyre verta ivareteke.
Hordaland Nei til EU vil ikkje tilrå at Norge sluttar seg til REPowerEU-planen, heller ikkje dei omtalte direktiva med nemnde endringar.
Dersom planar og direktiv knytt til REPowerEU vert gjort EØS-relevante, vil me stilla krav om at styresmaktene gjer bruk reservasjonsretten som er nedfelt i EØS-avtalen.
Hordaland Nei til EU

Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Etter at Reidun Berntsen Heggen flyttet sørover 1. oktober, har Tore Ruud fungert som leder. Han ble nå valgt som leder for kommende år. Evelyn Bjerkås ble valgt som nytt styremedlem. Ellers var det stort sett gjenvalg til de øvrige posisjonene.