
Bergen Nei til EU – Årsmøtedokumenter 2026
Årsmøtet avholdes tirsdag 28. april, klokken 18.00-20.00
Sted: Kulturhuset Danckert Krohn, Kong Oscarsgate 54

Vårt kjære fylkesstyremedlem gjennom mange år, Oddvar Skre, døyde 2. juli 2022. Me har mista eit aktiv, kunnskapsrikt, klokt, empatisk og humørfylt styremedlem, og me kjenner alle på ei stor sorg. Gjennom veldig mange år var Oddvar aktiv i Nei til EU, frå han starta der tidleg på 90-talet, først i lokallaget i Bergen og deretter i fylkesstyret. Han var fylkesleiar i åra 2002 - 2009, og deretter aktivt styremedlem heilt fram til i vår då han etter kvart måtte gje tapt for sviktande helse.
Me viste at Oddvar var sjuk. Likevel kom det som eit sjokk på oss då me fekk vita at livet hadde teke slutt. Oddvar var ein nær person, det var alltid godt å ha han med seg, enten det var i styremøte, på seminar, på Etne-marknaden der han deltok mange gonger, eller i sosialt lag over eit godt måltid. Oddvar var uvanleg kunnskapsrik, ikkje berre innanfor dei sakene som Hordaland Nei til EU arbeider med, men på så utruleg mange andre område. Nemnast kan naturvern, målsaka, kultur- og sogearbeid, korsong mm. Me var heldige som fekk ha han hos oss, og me visste at me måtte dela han med mange andre. Rett som det var måtte Oddvar av garde til eit anna møte, for han var og sjølv innstilt på å dela seg over mange interessefelt. Oddvar sin lune veremåte, hans gode humør, hans skarpe penn og gode replikk var alle eigenskapar me fort lærte oss å verta glade i. Sjølv vart eg kjent med Oddvar for knappe 10 år sidan, men det vart fort slik at eg syntest at eg hadde kjent han heile livet. Han var lett å koma inn på, og lett å snakka med enten det var om felles interesseområde, som me hadde mange av, eller meir nære og personlege ting. Var det noko attende i historia som måtte friskast opp, var det lett å spørja Oddvar, han kunne vera som eit vandrande arkiv, me visste at me fekk svar hos han. Like lett var det å be han skriva ein uttale, ei fråsegn eller eit lesarbrev til ei avis.
Me har ikkje berre mista eit verdfullt medlem i fylkesstyret, me kjenner alle på at me og har mista ein god ven, ein god samtalepart. Me vil takka Oddvar for ein formidabel innsats i Hordaland Nei til EU, og me kjenner på sorg og sakn. Det vert eit stort tomrom som me vil merka alle når han ikkje lenger er med oss i alle dei ulike samanhengane der han tidlegare var sjølvsagt. Det er ofte prisen for å ha kome nær på eit menneske slik me opplevde at me gjorde med Oddvar gjennom eit særs godt og langt samarbeid.
Takk for den du var Oddvar! Du vil alltid ha ein plass i hjarta våre. Varme tankar går til Gyri og familien.
Hordaland Nei til EU
Fylkesstyret v/ leiar Toril Mongstad

Årsmøtet avholdes tirsdag 28. april, klokken 18.00-20.00
Sted: Kulturhuset Danckert Krohn, Kong Oscarsgate 54

Vestfold Nei til EU mener all folkeopplysning om EU og Norge er bra. Vi trenger saklig informasjon og kunnskap om vår handels- og samarbeidspartner, slik at vi kan føre en opplyst debatt om Norges forhold til Europaunionen.

Regjeringene i Storbritannia, Sveits og på Island vil nærmere EU, men kan miste flertall i folket.