
Hvorfor de stadige omkampene?
Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Seminaret hadde to hovudbolkar: organisatorisk / administrativt og politisk.
Innanfor temaet som går på det organisatoriske / administrative var det særleg to saker som fekk mykje merksemd: korleis kan me sikra oss at me har eit fullgodt arkiv og eit godt system for arkivering? – og treng me ein digitalt møtestad der me kan samla aktuelle dokument slik at me lettare kan finna desse samla?
Det vart gode diskusjonar kring dette, og ikkje minst fekk me mange gode innspel, idear og tankar frå Lisa og Sindre. Det var lett å konkludera med at me har mykje arbeid framfor oss når alt materiell skal samlast i eit godt arkiv. Det gode er at det finnes utruleg mykje, det må berre systematiserast. Vidare var det semje om å etablera ein plattform der aktuelle dokument fortløpande skal leggjast ut til bruk for styret.
Fylkesstyret har etablert fleire arbeidsgrupper og desse rapporterte om framdrift i arbeidet. Me ser at me i tillegg til ovannemnde arbeidsområde, også må halda fram med å arbeida for etablering av lokallag eller kommunekontaktar, informasjons- og kunnskapsformidling, medlemspleie, studiearbeid, arrangering av fagseminar og ikkje minst, byggja alliansar med andre lag og organisasjonar som har samanfallande interesser med oss.
Det politiske området er alltid viktig, og sjølv om det i næraste framtid neppe vert aktuelt å stilla spørsmål om medlemskap, ser me at EØS-avtalen grip om seg på ein måte som gjer oss meir og meir til undersåttar for EU sin politikk. Korleis dette trugar eit godt og reelt folkestyre var ein del av diskusjonen. Fylkesleiaren understreka at ho ønskjer meir fokus på det politiske og på dei aktuelle kampsakene framover. Eit offensivt fylkesstyre med definisjonsmakt på viktige område som ACER, jernbane, arbeidsliv mm vil styrka oss i kampen for å få erstatta EØS-avtalen med ein rein handelsavtale. Det er verdt å merka seg at me som ønskjer nettopp dette, kan visa til dokumenterte fakta, medan ja-sida oftast støttar seg på påstandar og skremsler, og at me slik sett burde kunna stilla sterkt i debattar og ordskifte.
Douglas Ferguson, tidlegare leiar i Bergen Nei til EU, held eit interessant foredrag om Brexit, der både forhistoria og dagens situasjon vart grundig gjort greie for. Ein god debatt følgde Douglas sitt innlegg.
Lisa og Sindre gav oss eit godt bilete av staben sitt arbeid og kva utfordringar dei jobbar med.
Som fylkesleiar må eg seia meg godt nøgd med seminaret, og ikkje minst var det særs viktig og kjekt å treffast slik at også det sosiale kunne takast mykje betre i vare enn det me oppnår når me set framfor kvar vår skjerm i kvar vår stove og avviklar digitale møte.
Ein stor takk til alle som deltok, aktivt, med gode innlegg og innspel, og med godt humør. Det gjorde seminaret til ei fin oppleving. Eg ser fram til vidare godt og gjevande arbeid i fylkesstyret og i kampen for å få ein rein handelsavtale som ikkje dikterer oss politisk slik EØS-avtalen gjer.

Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Etter at Reidun Berntsen Heggen flyttet sørover 1. oktober, har Tore Ruud fungert som leder. Han ble nå valgt som leder for kommende år. Evelyn Bjerkås ble valgt som nytt styremedlem. Ellers var det stort sett gjenvalg til de øvrige posisjonene.