Vellukka seminar om energipolitikk, energiunion, alternative tilnærmingar, klima og ACER-søksmålet

Seminaret den 21.11. synte at behovet for kunnskapsformidling og informasjon om den energi- og industripolitiske situasjonen er stor. Det same gjeld det like viktige området klimapolitikk og grøn omstilling. Seminaret synte og at me som fylkeslag i Nei til EU er ein viktig organisasjon i formidlinga av kunnskapen.

Den 21. november 2022 arrangerte Hordaland Nei til EU eit seminar – eit kraftseminar! Det var godt over 40 påmeldte, grunna sjukdomsforfall vart me litt færre. Oppslutnaden om seminaret må uansett karakteriserast som svært god.

Det var topp-aktuelle tema på programmet. Alle kjenner på kroppen resultatet av EU- og marknadsstyrt straumpris-fastsetjing, og me slepp ikkje unna dette her til lands fordi me er med i EØS-avtalen.

Fylkesleiar Toril Mongstad ønskte velkomen og innleia kort med eit historisk attendeblikk på det energipolitiske område, frå den tida då krafta vår vart vurdert som ein ressurs til gode for heile folket, og som ein viktig faktor i velferdssamfunnet, og fram til dagens situasjon.

20221121_153859(0)

Terje Kollbotn, 1. vara til energi- og miljøkomiteen i Stortinget og fylkestingsrepresentant, innleia om den aktuelle, politiske situasjonen. Krafta vår er no ei vare underlagt marknadsmessig styring, noko som meir eller mindre gjer styresmaktene handlingslamma. Ei handlingslamming statsministeren og til dels resten av regjeringa synest å vera komfortabel med. EU sin politikk, realisert for vår del gjennom EØS-avtalen, gjer at me ikkje har moglegheiter til å gripa inn. Men det er politiske krefter på stortinget som vil det annleis, Terje Kollbotn sitt parti Raudt, er ein av desse.

B4D41FAF-659F-4AB2-A062-FC5D72E46FBF

Boye Ullmann, sentralstyremedlem i NtEU, med i Industriaksjonen og deltakar i den alternative energikommisjonen (AEK), var neste person på podiet, og han informerte om Industriaksjonen og rapporten frå AEK. Målet må vera at krafta vår framleis skal vera eit konkurransefortrinn i kraftforedlande industri, ikkje ei salsvare som i verste høve kan flytta større delar industrien ut av landet. AEK sine konklusjonar føreset at handlingsrommet i EØS-avtalen vert utfordra, og at me må ut av energipakke 3 som inkluderer ACER og RME (reguleringsmyndigheten for energi), samt at me må seia nei til energipakke 4. Det store spørsmålet er om det er politisk vilje til dette.

3A4923F7-5798-4EE3-A9D4-A5D1200CBB1F

Bent Endresen, advokat og prosessfullmektig i NtEU sitt søksmål om kor vidt tilslutninga til ACER i mars 2019 vart gjort i strid med Grunnlova, gav ei god orientering om prosessen frå saka starta og fram til no. Lagmannsretten handsama søksmålet i byrjinga av november og dom er venta før jul. Han meiner at uansett utfallet i Lagmannsretten vil saka verta anka til Høgsterett. Det kan vera ein fordel for NtEU at verknadene av tilslutninga til energipakke 3 og ACER no er å sjå i nettopp det at styresmaktene har mindre og mindre handlingsrom når det gjeld energipolitiske grep.

IMG_1139

Ole-Kristian Setnes, sentralstyremedlem og medlem i klimagruppa i NtEU, gav ei god innleiing om EU sin klimapolitikk, korleis den heng saman med energipolitikk og kraftforsyning. Gjennom innleiinga si gav han mange gode grunnar for at Norge skal føra sin eigen klimapolitikk. EU har mange gode tiltak og visjonar, men realitetane syner at desse ikkje på langt nær er nok til å gjennomføra eit sokalla grønt skifte. Mellom anna har storstilt utfasing av fossil energi auka behovet for balansekraft samt at EUs uttalte vekstfilosofi fører til usolidarisk handel med land som har viktige innsatsfaktorar til ny og rein produksjon.

Det var rom for spørsmål, kommentar og innlegg frå deltakarane undervegs, og dette gjorde kvaliteten på seminaret endå betre. Sigmund Simmenes, fylkesstyret, styrte debatten på ein god og lun måte. Dei tema som vart tekne opp er tema som veldig mange er opptekne av, og gode attendemeldingar frå mange deltakarar viser behovet for å halda fram med kunnskapsformidling og informasjon.

Hordaland Nei til EU arbeider no med å arrangera studiekveldar på nyåret, det vil framleis vera aktuelt å setja den energipolitiske situasjonen på dagsorden. Me vil og setja pris på innspel frå medlemene våre om det er andre tema de ønskjer på dagsorden.

Me vil retta ein stor takk til dei gode innleiarane våre og til alle dykk som tok dykk tida til å delta.

Til saman var de alle med på å gjera dette til ein interessant ettermiddag.