Viktige aktivitetar framover!
Styra i Hordaland NtEU, Bergen NtEU og Alver NtEU arrangerer i samarbeid fleire interessante og topp aktuelle møte framover. Sett av datoane 26., 29. og 31 august og les meir om arrangementa her:
26. august:
Stand og folkemøte i Odda. Me står på stand i gågata i Odda laurdag 26. august frå ca kl 12 til 14.
Frå kl 14.15 til 16.30 vert det ope møte i Sentralbadet Litteraturhus, Den raude sal. Tema for møtet er ACER-saka som startar i Høgsterett 5. september og valet 11. september. Representantar frå Hordaland NtEU, Alver NtEU og Bergen NtEU vil halda innlegg og appellar, og Terje Kollbotn vil ha innleiing om lokaldemokratiske utfordringar med EØS-avtalen som inngripande faktor i lokalt styre og stell. Lokale politikarar vil verta inviterte.
Det vert høve til spørsmål frå publikum, og me ønskjer velkomen ein aktiv debatt.
29. august:
Seminar i Bergen Offentlege Bibliotek, auditoriet. Påmeldingsskjema og program finn de her på heimesida.
31. august (merk ny dato her, 21.8. som er tidlegare annonsert, går ut).
Møte i Strilabiblioteket i Alver, Knarvik. Tema er lokaldemokratiet sine vilkår under EØS-avtalen og ACER-søksmålet. Lokale politikarar er inviterte og vil delta i debatten om kva innverknad EØS-avtalen har på lokaldemokratiet i Alver Kommune.
Toril Mongstad og Sigmund Simmenes frå fylkesstyret i HrdlNtEU vil innleia om lokaldemokrati og EØS, samt gje ei kort orientering om bakgrunnen for ACER-søksmålet som startar i Høgsterett 5. september.
Standsaktivitetar.
I tillegg til desse tre arrangementa vil me vera å treffa på stands framover mot valet. Me reiser til Voss 15.8., og står på stand der i tida 12.30 til 15.30. Me vil og vera å treffa på Lindås Nærsenter, Amfi i Knarvik, Etne og i Bergen sentrum fleire dagar både i august og i september.
Me oppmodar medlemer og andre til å delta aktivt framover både i møta og ved å ta kontakt med oss når me står på stand.
Møte arrangert av andre.
Me oppmodar også alle som har høve til det å delta på valkamparrangement i regi av andre (politiske parti, ulike lag og organisasjonar mm). Det er viktig at me er synlege og aktive i debattar kring om i fylket fram mot valet.
Toril Mongstad, fylkesleiar i Hordaland Nei til EU
Jane Nordlund, leiar i Alver Nei til EU
Tor Sander, leiar i Bergen Nei til EU