Forslag til arbeidsplan 2024-25

ARBEIDSPLAN HORDALAND NEI TIL EU mars 2024 – februar 2025 

 

INNLEIING 

Tida me lever i viser ei aukande interesse for kampsakene våre. EØS-avtalen runda 30 år 1.1.2024. Både medlemskapsdebatten og ikkje minst ordskiftet om EØS-avtalen har teke seg opp. Nokre parti tar til orde for at me må ha ein ny debatt om medlemskap i EU, andre meiner at det ikkje er aktuelt. EØS-avtalen sine mange og inngripande direktiv og forordningar har ført til ei større merksemd om avtalen sine fordeler og ulemper. Manglande nasjonal kontroll på energiområdet og høge straumprisar har ført til ein skarpare tone frå fagrørsla mot avtalen. Det same gjeld ESA (overvakingsorganet til EFTA) sitt kritiske syn på norske seriøsitetskrav i arbeidslivet. Det var ikkje noka storstilt markering av 30-års-dagen for avtalen, men ja-sida hevda i kjent stil at EØS-avtalen har tent oss godt, og at den har vore svært positiv for landet vårt. 

Nei til EU si sak om stortingsvedtaket i mars 2018 om tilknytinga til EU sin tredje energimarknadspakke og ACER (energireguleringsmyndigheita i EU), vart ført for Høgsterett i september 2023. Nei til EU tapte fullstendig, noko som mange ja-folk brukte aktivt som argument for sitt syn. Tapet skal ikkje hindra oss i å føra kampen vidare med både engasjement og intensitet.

Fleire direktiv på viktige samfunnsområde som vatn, avlaup, helse, energi, klima m fl, vil ha stor påverknad på nasjonal sjølvråderett om dei vert innførte. Mange av dei vil også ha stor innverknad på økonomien, både nasjonalt, lokalt og for innbyggjarane. Det er ingen grunn til å tru at styresmaktene vil endra praksis når det gjeld innføring av EØS-relevante lover, direktiv og forordningar.

Talet på medlemer i organisasjonen gjekk ned i 2023, både nasjonalt og for mange fylke. Samstundes går gjennomsnittsalderen på medlemene opp. Dette er noko me må arbeida aktivt med slik at trenden snur til at me får såvel fleire som yngre medlemer. 

Meiningsmålingar viser framleis fleirtal mot medlemskap i den europeiske unionen, og det synest å vera fleire som er skeptiske til EØS-avtalen, sjølv om det framleis er fleirtal på å halda fast på den. 

Med dette som bakgrunn vil fylkesstyret leggja fram ein arbeidsplan som rettar merksemda særleg mot informasjonsarbeid og kunnskapsformidling. Kampen må førast vidare, og skal me vinna fram må me ha folket med oss. Difor vil me og styrka arbeidet med å aktivisera heile fylket ved å ha tettare kontakt med lokalkontaktar. Dersom kommunar ønskjer å etablera lokallag, vil fylkesstyret gjera det dei kan for å få det til. 

HOVUDMÅL 

  • Driva aktivt informasjonsarbeid og kunnskapsformidling om kampsakene våre
  • Aktivisera heile fylket gjennom betra og hyppigare kontakt med lokalkontaktar
  • Vera meir synlege i heile fylket på ulike arrangement som stand, folkemøte mm
  • Søkja samarbeidspartar i kampen mot EU-medlemskap og for å få fram at det finst alternativ til EØS-avtalen. Her under ligg og informasjonsarbeid om handelsavtalen frå 1973 som utgangspunkt for arbeidet med å erstatta EØS-avtalen, samt avtalar som EU har med andre land utanfor unionen. 
  • Auka aktiviteten på heimesida og på andre sosiale media
  • Delta i oppfylling av NtEU sin overordna arbeidsplan 
  • Bidra til aktivt og målretta styrearbeid samt utvikling av organisasjonen i heile fylket 
  • Delta i auka samarbeid på tvers av alle fylkeslaga for inspirasjon, engasjement og erfaringsutveksling. 
  • Driva aktiv og kontinuerleg medlemspleie som inneber både vervearbeid og kontingentpurring.


Utdjuping av måla: 

Driva aktivt informasjonsarbeid og kunnskapsformidling om kampsakene våre

  • Arrangera to til tre seminar i året om aktuelle tema
  • Arrangera studiekveldar vår og haust
  • Stå på stand 
  • Formidla kunnskap via heimesida og sosiale media

Aktivisera i heile fylket gjennom betra og hyppigare kontakt med lokalkontaktar

  • Halda fram med arbeidet retta mot lokalkontaktane for å involvera og aktivisera desse
  • Invitera og involvera lokalkontaktane til lokale og sentrale aktivitetar

Vera meir synlege i heile fylket på ulike arrangement som stand og folkemøte

  • Arrangera aktivitetar saman med lokalkontaktane minimum fire stader i fylket
  • Delta på lokale og relevante aktivitetar arrangert av andre

Søkja samarbeidspartar i kampen mot EU-medlemskap og for å få fram at det finst alternativ til EØS-avtalen. Her under ligg og informasjonsarbeid om handelsavtalen frå 1973 som utgangspunkt for arbeidet med å erstatta EØS-avtalen, samt avtalar som EU har med andre land utanfor unionen. 

  • Halda fram med og vidareutvikla kontakten med fagrørsla som viktig alliansepart 
  • Utvikla kontakten med dei partia som vil erstatta EØS-avtalen og som tar eit klårt standpunkt mot medlemskap i EU 
  • Delta i arrangement som 8. mars, 1. mai og andre aktuelle møte og demonstrasjonar / markeringar som har relevans for NtEU og EØS-saka
  • Etablera eit tettare forhold til ungdom, både i UmEU, Studentar mot EU og andre lag og organisasjonar for ungdomar. 

Auka aktiviteten på heimesida og på andre sosiale media

  • Leggja endå meir aktuell informasjon og relevant kunnskapsstoff på heimesida
  • Bruka sosiale media i større omfang enn tidlegare
  • Spreia informasjon om eiga heimeside og heimesida til NtEU sentralt og oppmoda til auka bruk av desse

 Delta i oppfylling av NtEU sin overordna arbeidsplan

  • Tilpassa aktivitetar lokalt til organisasjonens overordna mål, delmål og tiltak 
  • Bidra til at organisasjonen når sine overordna mål både nasjonalt og lokalt

Bidra til aktivt og målretta styrearbeid samt utvikling av organisasjonen i heile fylket

  • Styret skal halda seg oppdatert om føringar frå NtEU sentralt, og følgja opp der dette er naturleg på fylkes- og lokallags-nivå 
  • Styret skal vera representert på fylkesleiarsamlingar, rådsmøte, landsmøte og på aktuelle konferansar arrangert av Nei til EU sentralt 
  • Styremøta skal ha politisk kvarter som fast post på sakslista, og styremedlemmene skal veksla på å ha ansvar for å setja seg inn i og vidareformidla stoff om aktuelle tema. Dersom det let seg gjera, skal denne bolken av styremøta filmast og leggjast tilgjengeleg på fylkesstyret si heimeside. 
  • Styret skal ha ein representant frå UmEU i samsvar med vedtektene.
  • Det skal vera minst 8 styremøte pr kalenderår 
  • Det skal arbeidast aktivt for å få til eit meir aktivitets-orientert styre med bidrag frå alle, og for å gjera styreverv i Hordaland Nei til EU meir attraktivt for yngre folk. 
  • Styret skal styrkja samarbeidet med lokallaga og lokalkontaktane ved å oppsøkja dei der dei er 
  • Styret har ansvaret for å handtera og eventuelt vidareformidla pålegg og føringar frå NtEU sentralt, og å halda seg oppdatert på det arbeidet som sentralt styre, AU, Rådet og Landsmøtet har på dagsorden 
  • Styret skal tilpassa all aktivitet innafor vedtekne budsjettrammer, og gjennomgang av den økonomiske stoda skal vera fast sak på dagsorden i styremøta
  • Styret skal leggja til rette for eit aktivt og godt samarbeid med Ungdom mot EU, og støtta ungdomen i deira arbeid. 


Delta i auka samarbeid på tvers av alle fylkeslaga for inspirasjon, engasjement og erfaringsutveksling 

  • Delta aktivt i fylkesnettverksmøta
  • Vidareutvikla samarbeid på ulike område på tvers av fylkesgrensene og i heile landet
  • Vurdera felles arrangement med fylke som ligg nær oss geografisk

Driva aktiv og kontinuerleg medlemspleie

  • Halda fram med å kontakta alle nye medlemmer for å ønskja dei velkomne 
  • Skriva fleire medlemsbrev med aktuelt politisk stoff samt informasjon om organisasjonen og om fylkesstyret sitt arbeid 
  • Betra oppfølgjinga av medlemer som ikkje har betalt kontingent