EØS-avtalen er ei tvangstrøye

EØS-avtalen er ei tvangstrøye, seier Oddvar Skre i Hordaland Nei til EU i dette avisinnlegget i BT 7. februar 2019 og svarar AP-ordførar Eirik Haga i Vaksdal som vil slå ring om EØS-avtalen.

Innlegget til AP-ordførar Eirik Haga i Vaksdal den 29. januar med tittelen «Slå ring om EØS-avtalen» er rein skremselspropaganda, og kunne like gjerne ha vore skrive av ein Høgre-politikar eller ein NHO-sjef. Liknande spådomar om kor gale det ville gå dersom me sa nei til EU, blei også sett fram i 1994 av Torbjørn Jagland og dåverande NHO-direktør Karl Glad, men utviklinga etter EU-avstemninga viste at dei tok skammeleg feil. Eg vågar å påstå at ein av grunnane til at dei siste 25 åra har vore ein «fantastisk periode for å skapa arbeidsplassar på Vestlandet» som Haga uttrykker det, er at Norge har hatt ein viss grad av handlefridom utanfor EU. Men denne fridomen blir stadig mindre, noko som Eirik Haga ser ut til å sjå heilt bort frå. I sin noverande form er EØS-avtalen faktisk meir omfattande enn den EU-avtalen som me sa nei til i 1994. Anbodsreglane i EØS-avtalen og alle direktiva som er blitt tredd ned over hovudet på folk, har blant anna ført til at ein stor del av dei offentlege tenestene er sett ut på anbod med dårlegare kvalitet som resultat, det er nok å nemna Veireno-skandalen i Oslo, Statens Vegvesen, Jernbanepakke 4 og alle velferdsprofitørane i barnehage og helsinstitusjonar av typen Aleris, som no har fritt spelerom på grunn av EØS. Vidare svekking av faglege rettar, oppseiingsvern og arbeidsmiljø gjennom teneste-, vikarbyrå- og postdirektiva og den frie flyten av transport som har ført til kaos på vegane vinterstid, alt dette gjer norske arbeidstakarar til lausarbeidarar, slik det alt er i store deler av Europa.

Haga nemner at Stortinget må stilla krav om faste tilsetjingar og ryddige løns- og arbeidsforhold. Men dette er ikkje så lett når ein har regjeringar som ser det som sitt fremste mål, slik som Erna Solberg, å få Norge inn i EU, og at den frie flyten av varer og tenester skal vera den fremste paragrafen i Grunnlova, og at det blir så lite debatt som råd i Stortinget om nye EU-direktiv før dei er vedtekne av EØS-komiteen. Haga bør heller støtta fleire av fagforbunda sitt krav om å erstatta EØS-avtalen med ein utvida handelsavtale etter mønster av den som Canada har forhandla seg fram til med EU. Dette ville vera ei solidaritetshandling, men ved å stilla seg på EU si side, arbeider han for det motsette.

Oddvar Skre
Hordaland Nei til EU