Protokoll fra årsmøtet 15. mars 2019
Stad: Terminus hotell Bergen Tid: møtet starta kl 18.00 og vart heva kl 20.30
Merk at her finner du referat fra årsmøteseminaret 16. mars
Sak 1. Opning
Fylkesleiar Gunnar Rutle opna og ønskte velkomen til årsmøtet.
27 medlemmer hadde meldt seg. 26 medlemmer møtte. Eit nytt medlem kom utan å ha vore førehandspåmeldt.
Sak 2. Konstituering av årsmøtet
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Innkalling og saksliste vart godkjente
- Val av møteleiar og ordstyrar. Jorunn S. Holsen og John Dale vart valde.
- Val av protokollførar
- Toril Mongstad og Oddvar Skre vart valde som protokollførarar
- Val av to personar til å underskriva protokollen. Hildur Straume og Tor Sander vart valde.
Sak 3. Årsmelding 2018
Gunnar gjekk gjennom årsmeldinga.
Følgjande medlemmer hadde ordet: Jane Nordlund: Det er ikkje Lindås som dannar lokallag i Nordhordland, det er Alver. Karl Sigurd Årland stilte spørsmål om medlemsfordeling i kommunane i fylket. Det kunne ikkje svarast på på sparket, men det er mogeleg å framskaffa slik informasjon og denne kan leggjast ut på heimesida vår innan kort tid.
Vedtak: Årsmøtet tok årsmeldinga til orientering.
Sak 4. Rekneskap, balanse og revisjonsmelding for 2018
Hildur presenterte rekneskap og balanse.
Følgjande medlemmer hadde ordet: Jorunn S Holsen stilte spørsmål om nye lokallag får midlar frå fylkesstyret. Hildur informerte om at det avgjer styret etter søknad frå lokallaget.
Styret sitt forslag til disponering av overskotet 2018: Overskotet i rekneskapen for 2018 på kr 78.229,- vert lagt til eigenkapitalen.
Styret sitt forslag til vedtak på rekneskapen for 2018: Rekneskapen 2018 vert godkjent.
Revisor Frank Mo gjekk gjennom den framlagte revisjonsmeldinga. To av styremedlemmene har ikkje skrive under. Det vert gjort i etter årsmøtet.
Revisor kommenterte ei utgift på kr 120,- pr månad for ei bankteneste. Hildur orienterte om kva denne tenesta innebar, den gjev m.a. større fleksibilitet i høve til endringar av disponering av kontoen.
Årsmøtet godkjende framlagte rekneskap, balanse og revisjonsmelding.
Årsmøtet vedtok styret sitt forslag om at overskotet i rekneskapen for 2018 på kr 78.229.- vert lagt til eigenkapitalen.
Sak 5. Arbeidsplan 2018
Toril gjekk i gjennom arbeidsplanen for 2019 slik han låg føre.
Følgjande hadde ordet: Tor Sander: Kan fylkesstyret gjera meir, laga ein strategi eller ein slags 1,2,3 for etablering av lokallag, for å få fleire lokallag. Kva med å ta meir aktiv kontakt med kontaktpersonar i dei ulike kommunane og hjelpa til med å etablera nye lag. Kan me ta dette med i arbeidsplanen? Han gjorde framlegg om at kontaktpersonane får tildelt liste over alle medlemene i sitt lokallag, og går gjennom dei, gjerne saman med nokon frå fylkesstyret, for å finna kandidatar til styre i lokallaget.
Gunnar: tok opp den viktige kampen mot EØS og alle dei påstandane som kjem frå ja-sida som går mot dette. Me må møta dette med sakleg og konkret informasjon. Me må vera på offensiven. Tom Eddie: kan det etablerast ei arbeidsgruppe som kan arbeida med etablering av lokallag? Styret må arbeida med dette for å gjera det enklare å oppretta lokallag.
Tormod Lid: kommenterte Alternativrapporten. Toril: i ein av fråsegnene i årsmøtet krev me at det skal utgreiast ein oppdatert alternativrapport. Oddvar: kommenterte Brexit. Det er mykje skremselspropaganda både i Storbritannia og her i landet. Karl Sigurd Årland (to gonger): til valet må me fokusera på den aukande privatiseringa. Styret må vurdera dette. Emil Øvretveit: kommenterte samarbeid med fagrørsla, ikkje berre som alliansepart, me bør også prøva å påverka fagrørsla. Me må også arbeida i høve til dei som er usamde med oss. Agathe Børretzen: kontakt med vidaregåande skular, gjer me det? Oddvar: orienterte om at me hadde tatt kontakt og delt ut info til elevar på Tanks skule. Toril: orienterte kort om at dette var gjort også på vidaregåande skular i Nordhordland. Frank Mo: er nøgd med den setninga som står om samarbeid med fagrørsla. Å skriva at me vil påverka kan verka negativt. Bruk diplomatiske formuleringar. Gunnar: EØS-kampen igjen. Refererte til Fellesforbundet sin kongress for to år sidan. Knapt fleirtal for EØS-avtala. Nemnde ulike saker me arbeider med, privatisering arbeider me med gjennom å informera om bl.a. Hjelmengutvalet sin rapport. Emil: presiserte det viktige i å informera, utan å seia direkte at me vil påverka.
Sten Risvoll: me har no ein arbeidsplan som det er kome ein del merknader og kommentarar til, kva gjer me vidare?
Vedtak: Årsmøtet vedtok arbeidsplan for 2018. Innkomne merknader vert sendt over til styret for vidare handsaming.
Sak 6. Budsjett for 2018
Hildur gjekk gjennom det framlagte budsjettet.
Følgjande hadde ordet: Marta Røskeland: Kven fører rekneskapen? Hildur svarte at Frode Mannsåker held fram. Karl Sigurd Årland: spørsmål om stand, kva ligg i post 7300? Hildur svarte: Etnemarknaden er budsjettert for i 2019. Det ligg også ein del materiell inne i posten + at det ligg reisekostnader på posten for dette knytt til standsverksemd utanfor Bergen. Frank Mo: er det midlar til å styrka arbeidet med å få fleire ungdomar med? Hildur stadfesta dette. Emil Øvretveit : kan UmEU søkja om midlar? Hildur svarte at ja, det kan søkjast og styret vil avgjera i kvart enkelt høve. Oddvar Skre: kjem det Standpunkt framfor valet i år? Toril svarte at det gjer det ikkje. Anja Otterstrøm: tok om att spørsmålet om UmEU kan søkja fylket og ikkje sentralt? Hildur stadfesta at UmEU kan søkja fylket, men kan dei også søkja sentralt. Gunnar: ønskjer meir aktivitet frå UmEU, slik at det går begge vegar. Anja Otterstrøm: er det berre ungdomar som skal engasjera ungdomar? Emil svarte: bra at dei kan søkja, nemnde møtet førstkomande måndag. Det har ikkje vore så mykje aktivitet så langt, men dei er ganske organisert, i alle høve sentralt. Anna Nordlund: kommentar til Gunnar: ho var i UmEU tidlegare. Medlemmer frå UmEU går ut av organisasjonen når dei vert vaksne. Frank: nokon må gjera arbeidet, refererte til arbeid med skulekorps. Det finnes personar og det er aktivitet, og me må støtta opp.
Vedtak: Årsmøtet vedtok budsjett for 2019 med følgjande merknad: ved bortfall av UD-midlar vil årsmøtet godkjenna revidert budsjettering med eit underskot inntil same beløp som det som manglar i UD-tilskot.
Sak 7. Innkomne framlegg og årsmøte-fråsegner
Hjelmengutvalet
Gunnar orienterte om saka og gjekk gjennom fråsegna. Følgjande hadde ordet: Tom Eddie Borge: er i mot at private skal gjera seg rike på offentlege midlar, og fleire kommunar går i den retninga. Karl Sigurd Årland: understreka det viktige i å redusera dei private sin aktivitet på den offentlege sektor. Anja Otterstrøm: usikker på kva NtEU skal fokusera på, det bør vera det folkerettslege med sjølvråderetten, og ikkje korleis det reint praktiske fungerer med privatisering og pålegg om innføring av skatt på offentlege tenester. Tormod Lid: kva skal me bruka desse fråsegnene til? dela det med andre? Korleis spreia desse fråsegnene. Gunnar: fråsegnene er offentleg dokument som me sender til presse og media eller kan bruka på andre måtar. Tor Sander: det har vore mogeleg å privatisera fordi Solberg-regjeringa går inn for det, men no kan det verta irreversibelt som pålegg via EØS-avtala. : ivan Tubez: det må også betalast avgifter og skatt etc. Gunnar: nemnde som eksempel på tenester og objekt som EU vil leggja skatt på: symjehallar, SFO. Frode det er noko med tankegodset, sjølvråderett, fri konkurranse, marknadsliberalisme ? Frank: bra fråsegn, ingen kommentar i dag (dette vert tema på seminaret). Det som ikkje kan reverserast er skremmande. Tom Eddie: det som er irreversibelt er svært problematisk. Dette er det ikkje alle som får med seg, derfor får det ingen konsekvensar. Hildur: understrekar at me skal romma fleire syn. Me vil avgjera sjølve, og me skal kunna endra om me ønskjer det. Elles meinte ho at me i diskusjonen hadde gått litt utover sjølve fråsegna.
Sølvi Møinichen: presiserte kva dette handlar om, betala skatt bl.a., slik vanlege kommersielle aktørar gjer. John Dale orienterte om alternative vedtaksformer som årsmøtet kan gå for, og det vart avgjort at årsmøtet skulle stemma over fråsegna.
Vedtak (ved avstemming): Årsmøtet gjorde prinsippvedtak om å gå inn for fråsegna om Hjelmengutvalet sin rapport og at fråsegna blir oversendt styret for endeleg utforming.
Deretter vart årsmøtet samd i å ta sak 8 før resten av fråsegnene.
Sak 8. Val
Val av nytt styre:
Leiar i valkomiteen, Jane Nordlund la fram valkomiteen si innstilling:
Leiar Gunnar Rutle, Bergen
Styremedlem Toril Mongstad, Lindås
Styremedlem Oddvar Skre, Bergen
Styremedlem Hildur Straume, Bergen
Styremedlem Ivan Tubez, Fjell
Styremedlem John Dale, Vaksdal (ny, opp frå vara)
Styremedlem Anna Nordlund, Lindås (ny, opp frå vara)
Vararepresentanter:
- Sigmund Simmenes (ny, har vore styremedlem)
- Tom Eddie Borge (ny)
- Emil Øvretveit (ny)
- Frode Mannsåker
Revisor:
Frank Mo
Valkomité 2018
Jane Nordlund, Bergen, leiar
Jorge C Dahl, Bergen
Jorunn Skistad Holsen (ny)
Vedtak: årsmøtet vedtok valkomiteen si innstilling til styre, revisor og valkomite.
Samtlege er vald for eit år.
Deretter gjekk årsmøtet attende til sak 7, fråsegnene
- Jernbanedirektivet
- Alternativ til EØS
Gunnar foreslo å vedta desse to fråsegnene utan å orientera nærare om dei.
Vedtak: Årsmøtet vedtok fråsegn om Jernbanedirektivet og fråsegn om Alternativ til EØS slik dei framkom i sakspapira til årsmøtet.
Sak 9 . Avslutning og middag
Gunnar takka for møtet, takka Jorunn for god innsats i styret og EU, og overrekte blomar til henne.
Deretter deltok dei fleste av dei frammøtte på felles middag og hyggeleg samver.
Toril Mongstad, referent
Oddvar Skre, referent
Hildur Straume Tor Sander
Protokollunderskrivar Protokollunderskrivar