Grafisk profil for Nei til EU
I samband med nye nettsider har Nei til EU også oppdatert den grafiske profilen vår. Her finner du informasjon om hvordan den grafiske profilen skal brukes.

Ver obs på følgjande før du legg stemmesetelen i urna:
Sjå for deg SFO, ein idrettshall, eit kommunalt reinhaldsverk, ein kulturskule osv. I dag har desse lågare pris fordi kommunen ønskjer at alle skal kunna nytta tilboda og klara utgiftene ved å bruka desse tenestene.
Ei omleggjing av den kommunale verksemda i tråd med konklusjonane i Hjelmengrapporten, kan føra til ein månadspris på SFO på kr. 10.000.- ihht KS sine eigne utrekningar. Kulturskuletilbodet kan fort vert både to og tre gonger dyrare enn det er i dag.
Eit tilskot til drift av ein idrettshall, kan vera ulovleg.
I tillegg kjem den kostbare omleggjinga som kommunen eventuelt vert tvinga til å gjera.
Kvifor fokuserer me på dette no? Jau fordi det fort kan verta ein realitet.
Kort fortald:
Det vart sett ned eit utval, Hjelmengutvalet, som skulle greia ut høvet mellom kommunal og privat levering av teneste som kommunane stort sett har levert – hittil. Dette etter oppmoding frå ESA (som overvåker at me held oss til EØS-avtala), og regjeringa sjølv. Rapporten kom i januar 2018. Spørsmåla var mellom anna: Kan kommunane halda fram med å levera teneste til gode for innbyggjarane og til prisar som ofte vil kreva subsidiering? Kan kommunane avgjera å gje tilskot til kommunale verksemder som leverer desse tenestene? Eller vil dette vera i motstrid til EØS-avtala?
Konklusjonen frå Hjelmengutvalet er klar: Skal slik tenestelevering halda fram, må den kommunale verksemda skiljast ut og etablerast som eit aksjeselskap, og prisane må justerast i tråd med marknadsnivået. Dette inneber og at den kommunale verksemda må visa overskot, det skal betalast skatt (dvs kommunen skal betala skatt til seg sjølv!!), og verksemda skal kunna gå konkurs.
Store delar av den offentlege tenesteleveringa, som er ein særs viktig del i ein godt fungerande velferdsstat, er i fare.
Alle som ønskjer å stemma ved valet 9. september må vera klar over at nokre parti synes at dette er heilt uproblematisk, andre parti synes at dette er totalt uakseptabelt. Og det handlar om kva nasjonen vår, regionane og kommunane skal avgjera sjølve. Det kommunale sjølvstyret er i fare.
Hald deg orientert slik at du veit kva politikk du kan venta deg etter valet!
I samband med nye nettsider har Nei til EU også oppdatert den grafiske profilen vår. Her finner du informasjon om hvordan den grafiske profilen skal brukes.

Årsmøtet avholdes tirsdag 28. april, klokken 18.00-20.00
Sted: Kulturhuset Danckert Krohn, Kong Oscarsgate 54

Vestfold Nei til EU mener all folkeopplysning om EU og Norge er bra. Vi trenger saklig informasjon og kunnskap om vår handels- og samarbeidspartner, slik at vi kan føre en opplyst debatt om Norges forhold til Europaunionen.