11.11.2021 Folkestyret må inn som eit sentralt argument i EØS-diskusjonen

Takk for oppdraget eg - John Dale - fekk til dette møtet ! Mitt viktigaste poeng, som eg i komande innlegg argumenterer for, er at folkestyret må inn som eit sentralt argument i EØS-diskusjonen, bli mindre generelt og langt meir presist. Det argumentet må me også lykkast med for å bli kvitt EØS-avtalen

Tilsløringa av Noregs faktiske tilhøve til EU.

EØS er heilt på sidelina i den offentlege debatten.  I NOU 2012, Europautredningen finst det forklaringar på det,, f.eks at EØS «bidrar til å tilsløre Norges faktiske forhold til EU og som legger en demper på incentivene til politisk engasjement». Tilsløringa passiviserer folket. Dessutan seiest det i nemnde NOU at den vedvarande usemja om EU-medlemskap har medført at dei politiske partia er forsiktige med å problematisere EU/EØS-saker. Ja, også siste stortingsvalg viste det. Ein tredje moment gjeld media si manglande dekning av vår tilknytningsform til EU, at det vert ikkje opplyst om korleis EU-lovene ,som me har forplikta oss til å ta imot , vert til.Kunnskap om vedtaksprosessane i EU ligg på eit lågmål. Og så høyrer folk stadig frå mange hald at EU er demokratisk, i motsetning til land styrt av autokratar. Dette og meire til, forklarar inntrykket fleirtalet av folket har av EØS, at det i all hovedsak er ein fornuftig økonomisk avtale, ja, ein handelsavtale basert på folkeretten, at EØS er ein garantist for vår velferd. NHO, Høgre, ja-folka i AP, leiinga i LO, dei aller fleste mediakanalar, driv på med dette snakket. Dei har  definisjonsmakt. NTEU sin motstrategi har fram til no har vore å angripe EU-direktiv, mest for sitt innhald, men utan å få fram kunnskap om det udemokratiske systemet som produserer dei, det var me gode på i 1972 og 1994. Akkurat det poenget manglar i det elles imponerande arbeidet NTEU gjer for å opplyse om EØS.

 

Prisen for EØS: demokratiet råtnar på rot.

Det er eit stort sprang mellom kunnskapstilfanget me har om EØS og det som           finst av offentleg diskusjon. Eg har alt vist til NOU 2012, Europautredningen. Publikasjonen er eit oppfattast eit festskrift for dei som dreiv avtalen fram, godt pynta med fargebilete frå høgtidlege seremoniar, med smil og alvor.  Og likevel , nemnde NOU inneheld mykje som er «omforent», her finst få dissensar. Alle står saman om eitt hovedsynspunkt, som sidan er blitt totalt negliserjert av tilhengarane av EØS, og lite kommunisert av oss, at saka har to sider. NOUen slår fast«at tilknytningsformen kan også sies å være et kompromiss mellom hensynet til demokrati og hensynet til andre verdier». Altså, at Noreg har ofra noko av folkestyret av omsyn til andre verdiar, les økonomiske interesser, føy til maktpolitiske interesser.  Det er lett å forstå at NHO er for EØS. Det ligg ein logikk i økonomiske-og maktpolitiske interesser. Men EØS er langt meir enn ei næringspolitisk sak. Alle i debatten burd ha respekt for at EØS også har ei folkestyreside. Den er mørk. Avtalen har sin pris.  Sveinung Rotevatn av alle har sett brutalt ord på denne andre sida: Han skriv i ei lita bok at økonomisk er EØS til å leva med, men demokratiet derimot, det råtnar på rot.

 

«Det politiske Norge var klar over prisen»

Mykje ville vunne for den politiske helsetilstanden i Noreg om prisen for valget av EØS hadde stått sentralt i den offentlege debatten. Det hadde vore ei ærleg sak. Var det verdt å gå inn i ein slik handel med EU? Få hadde vel tenkt seg at folkestyret var til salgs for pengar. Men slik vart det. Om dette spørsmålet skriv Europautredningen:

«Det politiske Norge var klar over prisen da EØS-avtalen ble inngått i 1992, men valgte å gjøre det likevel. For det første var dette det kompromisset man kunne enes om. For det andre mente et bredt flertall at de materielle fordelene ved avtalen mer enn oppveiet de prinsipielle svakhetene. Valget ble truffet av stortingsflertallet med kvalifisert flertall etter Grunnloven § 93 og er slik sett konstitusjonelt og demokratisk forankret. Et vanlig flertall kan i prinsippet når som helst si opp EØS og de andre avtalene. Men så lenge de gjelder er det norske demokratiske spillerommet begrenset på avtalenes områder. «

 

EØS – alltid meint som steg fram mot medlemskap i EU.

Uttrykket «det politiske Norge» eksluderer her dei mange av oss som alt i 1989 sette foten ned for den «nye» typen avtale som var under oppsegling. EØS stod i sentrum for regjeringsforhandlingane på Lysebu det året, og utløyste regjeringskrise året etter. Regjeringa Syse gjekk av. I utgreiinga burde det difor stått «fleirtalet i det politiske Norge». Men eg er ikkje samd med NOUen her. Dei fleste som gjekk inn for avtalen visste neppe kva dei gjorde. Kunnskapar om avtalen var små. At EØS var ein heilt ny konstruksjon hadde få innsikt i. Det vart avdekka gjennom ei utspørjing av stortingsrepresentantane. Journalistane viste inga interesse for forvarsla om eit paradigmeskifte i norsk statsstyring. Folk flest stod utan hjelp til å forstå kva som hende, alt av regi låg i hendene på Gro Harlem Brundtland og Jaque Delors, leiar for Kommisjonen i Brussel. Men det må leggjast til her at «det politiske Norge», altså fleirtalet, ikkje såg med stor entusiasme på avtalen. Fleirtalet gjekk for medlemskap. Avtalen vart difor sett på som eit nasjonalt kompromiss. Berre Venstre og Krf hadde den som sitt førstevalg. Slik har det vore i mange år. I det siste har Venstre har gått bort frå dette standpunktet, partiet har no medlemskap i EU som sitt førstevalg. KrF står att  med sine 3 på Stortinget, dei vil forsvare EØS i eitt og alt. Det vil og Støre og Barth Eide, med eit delt parti bak seg. Europabevegelsen og folk i Høgre karakteriserer EØS som ein husmannsavtale. Dei brukar demokrati som argument for å oppnå sitt primære mål, medlemskap. Det skal eg straks kommentera.

 

Folkestyreargumentet – eit vippepunkt i kampen mot EØS.

I ei langdryg tautrekking om EØS kan  folkestyreargumentet bli eit vippepunkt, og det har å gjera med ein langt vidare horisont enn EØS: det skjer ei aukande flytting av makt. Det skjer nasjonalt, regionalt og globalt. Innanfor dimensjonen arbeid/kapital har arbeidsfolket i årevis tapt makt til arbeidsgjevarsida, i nyliberalismen sitt teikn.Innan styringsverket har  nasjonalforsamlingane tapt makt til dei utøvande organ og domstolane. Ja me ser konturane av eit historisk comeback av embetsmannstaten. Byråkrati og fianans er dei viktigaste pådrivarane, dei har i EU fått fram eit styresett som  minner oss om tida før 1814 og 1884 med ei endra maktfordeling mellom dei utøvande, lovgjevande og dømande statsorgana,  bærebjelken i vår og i andre land sine grunnlover. Om dette skriv  Europautredningen:

«Avtalene med EU påvirker også maktforholdene internt i Norge – mellom lovgivende, utøvende og dømmende makt, politikere og embetsverk, sentrale og lokale myndigheter, arbeidsgivere og arbeidstakere m.m. I hovedsak kan man her se de samme utviklingstrekk som er kjent fra EU-statene, men med noen mindre variasjoner som skyldes særtrekk ved  Norges tilknytningsform.»

Gode tilhøyrarar! Som eg sa heilt i starten, no gjeld det å spisse argumentasjonen, bli meir presise. Då får me fram at i  EU-systemet står nasjonalforsamlingane, altså dei folkevalde organ, og dessutan alt lokalstyre, som dei store taparane i den nye maktfordelinga, medan dei utøvande organa og domstolane er dei store vinnarane. Denne vridinga av makt bort frå folkestyret, råkar oss gjennom EØS. Dette er og skikkeleg dokumentert i juridiske standarverk om EØS-rett. Fylgjeleg, min appell er at folkestyreargumentasjonen må bli fornya gjennom fokus på maktfordeligsprinsippet. Hittil har me i NTEU ikkje interessert oss nok for dette. Sjølvsagt har talspersonar som f.eks Seierstad, Harper og Helle full oversikt over momenta eg presenterer her.. Men som organisasjon står NTEU litt i stampe, me snakkar stadig altfor alment om folkestyre og EØS, men utan å avdekke kor tampen brenn. Som om me ikkje synest me er godt nok skodde for ein nærkamp med ja-sida.  Det forklarar at me står nokså handfalne når ja-sida argumenterer for at me må inn i EU for å kvitte oss med det demokratiske underskottet EØS har skapt. Slik kan me ikkje ha det.

 

Det vanskelege.

Ja, det kan bli ein vanskeleg debatt, men den kan og bli lett. Til det vanskelege først. Me tenkjer at konstitusjonelle spørsmål blir lite forstått i folkedjupet. Debattantar kan uhemma blanda epler og pærer, almenn forvirring oppstår fort i tabloide tider.  La oss f.eks gripe fatt argumentet frå ja-sida at Noreg ved medlemskap vil få ei hand på rattet, og med det utslette det demokratiske underskotet som ligg i EØS. Det skal ein viss porsjon samfunnskunnskap til for å forstå at det er tull, men håplaust er det ikkje. Eg prøver meg: Suverenitet, eit lands sjølvråderett er ikkje synonymt med folkestyre. Diktatorar og autokratar utøver suverenitet på vegne av sine land. Suverenitetsspørsmål handlar om tilhøve mellom land, folkestyret mellom innbyggarane og styresmaktene innan kvart land, og sjølvsagt innan EU. For Noreg, som land,  å sitja ved bordet i Brussel, dvs. i Ministerrådet betyr at me kan få ei viss «tilbakebetaling» av suvereniteten me har gjeve frå oss til EU, ja, ei hand på rattet. Men det kompenserer jo ikkje for det store tapet Stortinget som lovgjevar må finna seg i. Det er demokratitapet. Det er viktig at me i NTEU forstår at det finst to rekneskap å halda styr på her; eitt for sjølvråderetten (Noreg), eitt for folkestyret (Stortinget). Så sant me har nokolunde struktur på dette, blir debatten lettare for oss. Båe desse rekneskapa, for Noreg, for Stortinget, går med store underskot: Fråskrivinga av sjølvråderett kan ikkje på noko vis vinnast tilbake ved bordet i Brussel, til det er me (Noreg)for småe i tranedansen. Desssutan, demokratitapet EØS påfører oss veljarar gjennom EØS er ille ( i 2012 var 178 av 600 norske lover påverka og forma av EU-direktiv, jfr. Europautredningen), og det vil auka dramatisk ved medlemskap i EU, altså det motsette av det ja-sida hevdar. Sett frå folkestyret si side vil overgang frå EØS til medlemskap vera å gå frå vondt til langt verre. Kan me klare å aktivisere og vinna fram med eit slikt argument ? Svaret er ja.

 

Det lette.

Rett nok, å diskutere demokrati er vanskeleg. I akademia vert det skapt forestillingar om at ordet kan bety så mangt. Og demokrati blir brukt av oss alle i mange samanhengar, ordet er nesten håplaust å bruke. Men heldigvis, folk flest meiner nok at demokrati, det er eit styresett, metoden me styrer landet med. Dvs. at makta skal koma frå oss, frå grunnplanet, og bli løfta frå tå til topp. Og at det kan skje ved folkerøystingar eller ved valg av representantar som forvaltar våre fullmakter og vår tillit, folk me kan kontrollere og byte ut. Det er demokratiet, slik me forstår det, eg tek opp att:ei styringsform der Stortinget står for folkemakta. At dette ligg i ryggmargen hjå dei fleste av oss gjer vår argumentasjon lettare å få fram. Så eg ynskjer meg eit mottrekk frå NTEU, ein enkelt parole i EØS-kampen som lyder slik: «All lovgjevingsmakt må førast tilbake til forsamlingar me sjølv har valgt. Det må vera realitet, ikkje berre form». Den siste setningen her, realitet, ikkje berre form, refererer seg til EØS-avtalen. Der ligg ein liten snublestein me må kjenne til: For overflata er polert, alle direktiv som kjem frå EU passere Stortinget. Stortinget må setja sitt stempel på dei. Form. Samstundes har landet gjennom EØS forplikta seg til å gjera nettop det,. Stortinget har akseptert rolla som kopieringsmaskin, eller som eg les i europutredningen, me lastar ned det som kjem frå Brussel. Det er ein konstitusjonelle katastrofe. Realitet. Og ein snublestein til, det finst ein vetorett i EØS. Den har ja-sida gjort om til form, den skal ikkje brukast,for då står avtalen i stor fare, Det er skremsler. Bruk av vetoretten utløyser forhandlingar og eventuelt unntak på gjeldande område (resiprositet), naturlegvis kan Noreg bli møtt med mottiltak.

Alt i alt: ja-sida meiner EØS er til å leva med, til Noreg er medlemmer av EU. Det er eit absurd standpunkt. Eg siterte Rotevatn , som meiner demokratiet vårt råtnar på rot. Han og ja-sida synest det må vera slik til Noreg ein dag blir medlemmer av EU. Hjelpe meg og oss alle.

 

Helsing til våre stortingsrepresentantar.

Like før stortingsvalget vart eg utfordra til å skriva ein artikkel i Vaksdalsposten. Eg formulerte den som ei helsing til våre stortingsrepresentantar.  Nokre setningar frå artikkelen kan summere opp og forsterke noko av det eg har vilja få fram i dette innlegget. Det kan vera kjekt å sitere seg sjølv, om det ikkje vert for mykje av det.:

«Stortingsmakta taper terreng., ei fylgje av EØS-avtalen som tok til å gjelda, 1.jan.1994. Snart vart ein stor porsjon av lovgjevinga, altså Stortinget si kjerneoppåve, overført  til Brussel og til folk me korkje kjenner, veljer eller kontrollerer. I ei lærebok i EØS-rett ser eg at kanskje 30 -40%  av lovene kjem utanfrå, smått og stort,og det fortel oss at folkevalde si makt er på retur, at embetsfolk og byråkratar tek over meir av styringa. Og trass i dette er dagens Storting og Alltinget på Island framleis sterke. Til samanlikning har Riksdagane i Finland og Sverige, og Folketinget i Danmark gjeve frå seg mykje meir av si lovgjeving til EU. Vår posisjon er demokratisk sett mykje betre enn det våre nordiske naboland og andre EU-land kan oppvise. Skal me då som folk slå oss til ro med det ? Eg meiner det nye Stortinget, og alle partia der, absolutt treng diskutere Stortinget si framtidige rolle som lovgjevar. Det er det store poenget,synest eg.»

Eg legg til: Me ser at EU klandrar Polen for brot på maktfordelingsprinsippet, Ja, me er vel enige med Unionen om at domstolane skal vera uavhengige. Men Unionen har krenka prinsippet ved å tappe dei folkevalde lovgjevande forsamlingane for makt. Er ikkje det ei verre sak?