
Hvor ble det av pandemipengene?
EU vet ikke hva milliardene som skulle få fart på økonomien etter koronapandemien har blitt brukt til. Det kaster skygge over forhandlingene om nytt budsjett.
BergenAvisen har ein artikkel der du litt nede på sida finn opptak av heile markeringen på Torgalmenningen. Toril Mongstad si apell startar etter 18 minutter og 35 sekunder
Her er det Toril sa: I Hurdalsplattforma tar regjeringa til orde for å ta i bruk handlingsrommet i EØS-avtalen, med særleg vekt på nasjonal kontroll av bl.a. energi. Handlingsrommet er lite, viljen til handling minimal.
Straumprisane er høge, men det er berre eit symptom. Eit symptom på at noko er riv ruskande galt. For vanlege folk kan symptoma lindrast gjennom støtteordninga, enn så lenge.
Men regjeringa har ikkje lov til å gje økonomisk støtte, subsidiar, til industrien og alle dei bedriftene som opplever at straumrekninga kveler dei.
Det vil nemleg vera brot på EØS-regelverket, der dei frie marknadskreftene rår, og der fri flyt og forbod mot konkurranseregulerande tiltak, ville setja ein effektiv stoppar for den slags støtte. Då er me ved diagnosen.
Trass i dei mange åtvaringane frå mange hald, ikkje minst frå Nei til EU, gjekk Stortinget i mars 2018 inn for ACER som ein del av Energipakke 3 og EUs energiunion. Åtvaringane har slått til: dette har ført til auka prisar og manglande kontroll. No har me ei handlingslamma regjering som er bundne til regjeringsplattforma der EØS-avtalen er freda.
ACER bestemmer ikkje prisen, det er me samde om. Men ACER skal sikra at energiuninonen fungerer. Om ikkje, kan dei gripa inn blant anna via den norske reguleringsmyndigheiten, RME. Merk dykk: RME er totalt frikopla frå norsk politisk styring!
Kort fortald, desse forpliktande avtalar har resultert i at våre eigne folkevalde ikkje lenger har styring og kontroll på den viktige ressursen: rein kraft.
Er det slik me vil ha det? Skal politisk styring overlatast til Brussel og dei frie marknadskreftene? Skal lojaliteten til EU vera større enn lojaliteten til det norske folket? Eller skal våre folkevalde ta og ha styringa?
Det er dette det handlar om no.
Nei til EU er ei viktig stemme i denne kampen, og me veit at det finnes alternative avtalar for handel med EU, og med resten av verda. Me kjempar for at styresmaktene og ser dette før det er for seint.
Me får ikkje selja varene våre utan EØS-avtalen, vert det hevda. Det burde uroa både regjeringa, LO og NHO at me på sikt kanskje ikkje har varer å selja. Konkursramma, nedlagte eller utflytta bedrifter sikrar korkje arbeidsplassar eller eksport for Norge.
Her trengs brei mobilisering.
Ver med oss i kampen om nasjonal styring over krafta!

EU vet ikke hva milliardene som skulle få fart på økonomien etter koronapandemien har blitt brukt til. Det kaster skygge over forhandlingene om nytt budsjett.
Lørdag 13. juni arrangerte Troms Nei til EU møte om sikkerhet og beredskap på Setermoen. Samtidig var det villmarksmesse der, noe som kan ha bidratt til at oppmøtet ikke var all verden. De som hadde møtt opp, fikk ihvertfall høre tre interessante foredrag. Først ut var tidligere leder i Nei til EU, Heming Olaussen, som hadde fått temaet "Sikkerhetspolitikk i en ny tid". Han understreket viktigheten av et sikkerhetspolitisk samarbeid med land som vi har felles interesser med. Det er i første rekke de nordiske landene og Storbritannia, men kanskje også Canada som i likhet med Norge er et land med interesser i Arktis.

Siste møtedag i Brussel og tid for refleksjon. Reisebrev frå studieturen 8.- 12. juni 2026