15.7.2022 Tabu-ord i den politiske debatten om straumprisar og nasjonal kontroll i energipolitikken.

I diskusjonen om straumprisane spesielt og energipolitikken generelt, synest det å vera total mangel på vilje til å diskutera ACER, energipakke 3, RME og EU sin energiunion som me er på full fart inn i. Nasjonal kontroll på dette området er heller ikkje tema lenger, om det nokon gong har vore det sett bort frå nokre fine formuleringar i Hurdalsplattforma. På denne måten vert diskusjonane lite realistiske, og energiministeren sine vage formuleringar om tiltak lite truverdige.

Straumprisane aukar i Sør-Norge, berre sumarvarmen gjer at vanlege forbrukarar ikkje protesterer like iherdig som i vinterkulda.

Me ser prisar på opp mot 3 kr pr kwt, og vel så det i enkelte periodar. Frå Trøndelagen og nordover er prisane på eit botn-nivå, men så har dei heller ikkje kablar til utlandet slik me her i sør har.

Presset på regjeringa og stortingsrepresentantane aukar. Saman med auke i matvareprisar, drivstoff og andre produkt, ser vanlege folk at økonomien vert meir og meir pressa. Samstundes håvar kraftselskapa, drivstoffleverandørar og staten inn pengar. Straumstøtta står ved lag til mars 2023, det er ei mager trøyst, men likevel, den er no der.

Legg merke til ein ting i den pågåande diskusjonen, det er særs få som nemner hovudårsaka til elende: me har ikkje nasjonal kontroll, og gjennom EØS-avtalen, ACER, energipakke 3 og tilknyting til EU sin energiunion, er me overlatne til styring frå Brussel.

På LO-kongressen vart det arbeida for å få til vedtak om å melda oss ut av ACER, ta kontroll, og sørgja for nasjonal styring. Dette vart det ikkje fleirtal for, dei puslete vedtaka som kom var tilpassa EØS-avtalen og regjeringa sin politikk.

Dette er skammeleg, og det grensar mot det pinlege. I Hurdalsplattforma vert det tatt til orde for at målet må vera nasjonal kontroll over energiområdet. Tomme ord? – ja, det verkar slik.

Regjeringa veit at om dei prøver å ta styringa attende til det nasjonale, vil ESA koma på bana. ACER styrer ikkje prisen, det er rett, men ACER ser til at marknaden fungerer slik det er fastslått i EU sine traktatar og i premissane for energiunionen. Det vil seia fri flyt, ingen konkurransehindrande tiltak, full marknadsliberalisme. Som igjen vil seia at eiga regjeringa står utan verktøy.

Reguleringsmyndigheiten for energi, RME, er frikopla ein kvar politisk kontroll, der er det ACER som gjev innspel og er premissleverandør, RME rettar seg etter dette.

Slik er innretninga i den norske energipolitikken, eller rettare sagt, fråveret av norsk energipolitikk.

Det er som ein kan verta nostalgisk når me ser attende til korleis regjering og storting tok styringa i oljepolitikken for meir enn 50 år sidan. Ressursane var våre og dei skulle koma det norske folket til gode, samstundes som det sjølvsagt vart slik at olja også vart ein viktig eksportartikkel. Men me hadde kontrollen, og me brukte inntektene til å styrka velferdsstaten.

Slik var det og med den reine krafta vår heilt fram til tidleg på 90-talet då energilova kom, og EØS-avtalen vart ein realitet.

Er det for mykje forlangt å ta attende den nasjonale kontrollen? – og å setja ord på kva som hindrar oss i å gjera det?