16.7.2022 Frå vondt til verre i energipolitikken.

EU lanserer ny plan for å få fortgang i utbygging av solenergi og vindkraft, på land og til havs. Det er sannsynleg at dette vil vera EØS-relevant. Det vil vera å gå frå vondt til verre når det gjeld håpet om å få nasjonal kontroll over den totale energipolitikken, og det vil kunna svekka sjølvråderetten og demokratiske prosessar på alle politiske nivå. Fylkeslaget arbeidet med eit høyringssvar.

REPowerEU er ein plan for korleis medlemsstatane skal få fortgang i utbygging av rein kraft. Det handlar om havvind, vindkraft på land og solenergi. Behovet for planen vert hovudsakleg grunngjeve i krigen i Ukraina og EU sitt mål om å gjera seg uavhengig av russisk gass. Det er verdt å merka seg at EU byrja å jobba med dette i 2021, ei god stund før Russland sin invasjon av Ukraina.

Planen kan fort verta EØS-relevant. Planen inneber endringar i tre direktiv, fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet, bygningsenergidirektivet. Av desse tre direktiva er det berre fornybardirektivet som så langt er innlemma i EØS-avtalen (iflg regjeringen.no). Målet med REPowerEU og endringane i nemnde direktiv, er eit hurtigspor for utbygging av fornybar energi. Grunngjevinga er i hovudsak konsekvensen av krigen i Ukraina, men det er ikkje tvil om at den massive motstanden mot ein del vindkraftprosjekt både her til lands og i nokre av EUs medlemsstatar, veg tungt. I ytste konsekvens vil dette føra til hastevedtak av prosjekt utan at det har vore tid til grundige konsekvensutgreiingar, lokal handsaming og vurdering av innverknad på natur, fiskeri, fugle- og dyreliv. Vindkraftverk skal kunna konsesjonshandsamast utan at fullstendig konsekvensutgreiing er gjort.

Då regjeringa i 2019 presenterte Nasjonal ramme for vindkraft, kom det inn 5300 høyringssvar. Resultatet vart at planane vart trekte og det skulle leggjast opp til noko meir lokalt sjølvstyre i spørsmålet om vindkraftutbygging. REPowerEU kan slå beina under det lokale sjølvstyret, det vert teke til orde for å gjera godkjenningsprosessane både hurtigare og smidigare. Eg er redd for at det også kan setja til side nasjonal politikk på området, slik me ser det skje i den høgst aktuelle debatten om straumprisar og straumkrise.

Høyringsperioden er sett til beste ferietid, og fristen er 22. august (nyleg utvida frå 8. august).

Dokumenta er ikkje tilgjengelege på norsk.

Det minste som det må kunna stillast krav om i denne saka er at saksdokumenta må liggja føre på norsk, og at høyringsfristen vert forlenga monaleg.

Dersom lokalt og nasjonalt sjølvstyre skal ha ei meining, må ei så viktig sak gjerast kjent både for politikarar på alle nivå, interesseorganisasjonar og vanlege folk,  og det må vera mogeleg for dei som måtte ønskja det å gje høyringssvar utan at denne moglegheita går tapt grunna feriefråver.