
Hvorfor de stadige omkampene?
Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.
I Klassekampen 30.7. tek Stein Lier Hansen I Norsk Industri til orde for at me må ha sjølvråderett når det gjeld kraftmarknaden.
Velkomen etter kan me trygt seia til Lier Hansen. Nei til EU har stilt krav om sjølvråderett på mange viktige samfunnspolitiske område så lenge organisasjonen har eksistert, og vil halda fram med å gjera det.
Men sjølvråderett på energiområdet, som på så mange andre område, er utopi så lenge me er knytt til EU via EØS-avtalen.
NHO har alltid hevda, og vil nok halda fram med det, at EØS-avtalen er avgjerande for at me skal få seld varene våre. NHO og Norsk Industri som ein del av NHO, burde uroa seg mykje meir over at me på sikt kanskje ikkje vil ha varer å selja. Rein og billeg kraft har vore ein av dei store konkurransefortrinna våre. No kan det sjå ut som om dette fortrinnet er i ferd med å smuldra bort, verksemder står i fare for å gå konkurs, straumrekninga kveler dei. Heller enn å klamra seg til myten om at kundane ikkje vil ha varene våre med mindre me underkastar oss EU, bør NHO og fleire med dei, etter kvart sjå kva veg det ber med norske arbeidsplassar. Er me tente med at norske verksemder etablerer seg i andre land fordi kostnadsnivået vert for høgt? Om ikkje kraftforedlande industri får halda fram med akseptabel pris på straum, vil dei mista konkurransefortrinnet. Men endå verre enn ein slik situasjon er at me sakte, men diverre sikkert, taper sjølvråderett og står att med eit svekka demokrati.
Regjeringa kan vera skuffa, dei kan seia at dei følgjer nøye med, at dei krev rapportar om straumeksporten, at dei snur på alle steinar osv. Alt er eit uttrykk for det same: total handlingslamming og null sjølvråderett. Eigne folkevalde ter seg i dag som om det er EU dei skal tena, og ikkje dei som har vald dei her i landet. Fagre ord i Hurdalsplattforma har ingen verdi, nasjonal kontroll er ikkje tema.
Nei til EU er ein viktig aktør i samfunnsdebatten, me må halda fram med å informera, argumentera, og dokumentera kvifor utviklinga går i feil retning. Det er nok av motkrefter som meir enn gjerne let vera å snakka om dei eigentlege årsakene til energisituasjonen her til lands. At NHO no ropar på sjølvråderett kan vera eit steg i rett retning frå den sida.
Her må me følgja med!

Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Etter at Reidun Berntsen Heggen flyttet sørover 1. oktober, har Tore Ruud fungert som leder. Han ble nå valgt som leder for kommende år. Evelyn Bjerkås ble valgt som nytt styremedlem. Ellers var det stort sett gjenvalg til de øvrige posisjonene.