
Barth Eide setter tilpasning mot EU foran norske interesser
I sin redegjørelse til Stortinget snakket utenriksminister Espen Barth Eide som om han vil ha en ny EU-kamp i Norge.
Nei til EU fokuserer ikkje på prisane i seg sjølv, men vil retta merksemda mot årsakene til at me har hamna i denne situasjonen.
I 1991 kom energilova, den førte til frisleppet i kraftbransjen. Krafta vart ei vare som skulle omsetjast i den frie marknaden. Me gjekk bort frå å sjå krafta som ein viktig ressurs, for industrien og for folket, til ein pris som var til å leva med. Og ikkje minst – ein pris som vart fastsett av folkevalde – ikkje marknadskreftene.
Det er god grunn til å tru at denne endringa i måten å sjå på krafta på, vart gjort for å kunna tilpassa den situasjonen landet vårt ville koma inn, enten som EU-medlem, eller som ein del av EØS-avtalen.
Seinare har me fått energipakkar frå EU, via EØS-avtalen, og me har fått ACER og RME.
ACER avgjer ikkje straumprisen. ACER sin funksjon er å sjå til at energipakkane fungerer, at det er fri flyt, og at det ikkje vert innført konkurranseregulerande tiltak – altså at marknadskreftene får fritt spelerom.
Kort fortald, me har inngått forpliktande avtalar med det resultatet at våre eigne folkevalde ikkje lenger har styring og kontroll på den viktige ressursen som den reine krafta vår er.
Prisen vert avgjort av og i marknaden, vara vår – krafta – vert seld høgast pris til ei kvar tid.
Kva seier regjeringa?
Dei erkjenner at dei ikkje kan – og heller ikkje vil – gjera noko med den eigentlege årsaka til straumpris-galoppen. Både statsminister og olje- og energiminister seier rett ut at dei vil ikkje vil ikkje «forstyrra» marknaden, deira lojalitet ligg i tilknytinga til EU via EØS-avtalen, ikkje hos det norske folket.
Kva gjer regjeringa?
For å bøta på verknaden av høge prisar, er det vedteke kompenserande tiltak – i første omgang for privatpersonar / hushaldningar. Dette er som å gje smertestillande utan å spørja om diagnosen.
For industrien kan regjeringa gjera lite, subsidiering på det området vil stri mot EØS-avtalens intensjonar, og ESA, som overvakingsorgan, ville koma på bana.
Nei til EU er klare på kva me vil:

I sin redegjørelse til Stortinget snakket utenriksminister Espen Barth Eide som om han vil ha en ny EU-kamp i Norge.

Podkast med Nei til EUs Alexander Fossen Lange og Morten Harper. I denne episoden av Standpunkt ser vi nærmere på EUs prosedyreforordning.

Under koronapandemien så vi en rekke utfordringer for helseberedskapen både i Norge og resten av verden. I ettertid av koronapandemien og i en usikker verdenssituasjon ser vi behov for styrket helseberedskap. Likevel er ikke suverenitetsavståelse til EUs legemiddelbyrå og en ensidig tilpasning til EU løsningen.