
Standpunkt: Lar den norske landbruksmodellen seg forene med EU?
Podkast med Alexander Fossen Lange og Kjetil Marstrander om påstanden om at norsk landbruk ikke vil påvirkes nevneverdig av et EU-medlemskap.
MDG har hatt landsmøte. Dei har vedteke at Norge bør verta medlem i den europeiske unionen. Slik sluttar dei seg til to andre parti, Høgre og Venstre har teke same standpunkt i denne saka.
Politisk utgjer desse dei nye unionistane. Norge har vore i union tidlegare, med Danmark og med Sverige. Tidene endrar seg, men kva er det som gjer at fleire parti på ny ønskjer landet vårt inn i ein union?
Sjølv om dei nemnde partia har ulik politisk ståstad har dei fleire felles trekk, dei har inga tru på det norske demokratiet og folkestyret. Dei snakkar ned norske folkevalde og hevdar både direkte og indirekte at desse ikkje er i stand til å styra, eller til å ta dei rette politiske avgjerdene.
MDG seier heilt openlyst at den europeiske unionen kan hjelpa dei til å få gjennomslag i saker som har vorte avklara i det norske stortinget, men der avgjerda ikkje har vore i tråd med MDG sitt syn.
Dei har og ein annan ting felles, det er den naive trua på at Norge ville få ei vektig stemme i unionen sine styrande organ. Kan ikkje desse folka nok om institusjonane i unionen? Har dei bomma på folketalet i landet vårt sett opp mot folketalet i unionen totalt? Kan dei ikkje nok om representasjon og prosentrekning?
Det er mange av oss som ikkje er unionistar og som trur på samarbeid heller enn overnasjonal styring, og som utan å tvila ønskjer nasjonalt folkestyre heller enn overstyring, byråkrati og meir makt til ikkje-valde styringsorgan i Brussel.
Norge har vore i union tidlegare, la oss ikkje hamna der igjen.

Podkast med Alexander Fossen Lange og Kjetil Marstrander om påstanden om at norsk landbruk ikke vil påvirkes nevneverdig av et EU-medlemskap.

EU vil ha Island sin fisk og lovar gull og grønne hav!
Dette innlegget av Toril Mongstad er å lesa i avisa Nationen 29.6. Det er berre å håpa at islendingane gjennomskodar EU før det er for seint.

Forslag til innføring av EU-forordningen om det europeiske helsedataområdet er ute på høring. Forordningen har flere problematiske sider.