
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Marit Arnstad uttaler at avtalar om krafta må reforhandlast. Me veit kva ho snakkar om – EØS-avtalen. Ein statssekretær i AP er raskt ute med svar. Me treng ikkje lesa mellom linjene for å forstå det han seier: det kjem ikkje på tale.
Det er ingen løyndom at regjeringa er i ein skvis på dette området, me kjenner både SP og AP sine haldningar når det gjeld både EU og EØS-avtalen. Trass i dette seier Hurdalsplattforma klårt at EØS-avtalen skal ikkje rokkast ved i denne regjeringsperioden. Og like fullt presenterer regjeringa i same plattform politiske programpostar som ikkje let seg gjennomføra under EØS-avtalens regime.
Presset aukar på regjeringa. Frå mange hald – det er på høg tid. Lier Hansen i Norsk Industri vil reforhandla avtalen, sterke krefter i fagrørsla vil det same, industrien ser signala og vil og ha ein omkamp om kven som skal styra krafta i landet.
I tillegg altså splid internt i regjeringa. Det sentrale spørsmålet om kven som skal styra kraftpolitikken glir dei unna gong på gong. Det går mykje tid og ressursar med til å bortforklara og til å flytta merksemda bort frå det viktigast spørsmålet: Kven styrer krafta vår?
Nei til EU må krevja konkrete svar på nettopp dette, og i tillegg be om svar på kva forpliktingar Norge har ovafor EU / EØS-avtalen. Kva og kven er det som konkret hindrar oss i å ta grep?
Oppmodinga til regjeringa er:
Hald opp med utanomsnakk og bortforklaringar. Kom til fakta! – og la veljarane få vita kva som må til for å ta kontroll og styring av krafta attende til dei folkevalde, dei som veljarane trass alt har vore med på å stemma fram til regjeringsposisjon.
Nok bla-bla no!

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: