
Stand i Tromsø 3. oktober
Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.
Straumprisane aukar, og det skal verta verre ifølgje dei som har greie på slikt. Prisen vil sjølvsagt variera, men trenden er klar: stigande pris.
Eksporten held fram. Aukar behovet for kraft i Europa, vil regjeringa at me skal stilla opp og levera. Vil og vil…, det er vel slik at denne hausten og vinteren har vist at dei har ikkje val slik dei innrettar politikken sin. Handlingslamminga er total, og så lenge regjeringa set foten ned for reforhandling av EØS-avtalen med alle sine energipakkar og ACER, vil galskapen halda fram. Fri flyt framfor fornuft!
Og kva no? Jau, regjeringa har sett ned ein energikommisjon, og me har alt fått eit lite innblikk i kva denne kommisjonen skal sjå på. Om nokon skulle ha hatt eit håp om at reforhandling av EØS-avtalen skulle vera opplagt, kan dette håpet nokså sikkert svinna fort.
Heller enn å gå til rotets vonde, vil kommisjonen sjå på korleis me kan byggja ut meir vasskraft her i landet. Til og med verna vassdrag kan det koma på tale å sjå på for eventuell utbyggjing. Oppgradering av eksisterande vasskraftverk like så, men akkurat det kan ha noko for seg, modernisering og utviding av desse anlegga kan vera klokt. Men det bør ikkje gå utover naturen, fugle- og dyreliv.
Her må me ikkje sova i timen! – denne kommisjonen må me følgja nøye med på. Pessimistar skal me ikkje vera, men det er ikkje å nekta for at me kjenner lusa på gangen etter kvart!
Me vert ikkje arbeidslause i 2022 heller!

Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.

Få med deg debatten fra Litteraturhuset i Trondheim mellom Morten Harper fra Nei til EU og Tommy Reinås og Lars Gaupset fra Europabevegelsen Trøndelag.
Telemark Nei til EU og Vest-Agder Nei til EU samlet inn om lag 900 underskrifter under Dyrsku’n i Seljord 11.–13. september 2026.