
Hvorfor de stadige omkampene?
Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.
Tilhengjarar av EU-medlemskap er på bana, no også Halle Jørn Hanssen (KK 5.4.22). Aldri har det visst hasta meir enn no å koma seg inn i EU. Å stå utanfor vert karakterisert som nærast skjebnesvangert. Men verda er større enn EU, som me i Nei til EU plar seia.
Tilhengjarar av medlemskap i EU omgjev seg med mange mytar. Ein av desse er at utanforskap gjer at me ikkje har påverknad når vedtak skal fattast. Med vel 1 % av folketalet i EU, ville vel påverknaden verta om lag av same storleik. Ville me heva stemma vår meir med eit medlemskap i ryggen, med politikarar som ikkje ein gong er viljuge til å protestera eller avvisa alt det som vert påført oss av EU-politikk via EØS-avtalen? Mangel på nasjonal kontroll over kraftressursane kan stå som eit grelt eksempel her. Regjeringa torer knapt snakka høgt om dei reelle årsakene til straumpriskrisa, dei pøsar heller på med systemlindring som støtte til vanlege folk.
Støre måtte sitja på gangen og venta til EU hadde bestemt seg, skriv Halle Jørn Hanssen, og brukar det som eit prov på kor mykje utanfor me er. Når vart det å ta eigne, nasjonale avgjerder i viktige politiske saker synonymt med å stå med lua i handa for eit EU der mange viktige politiske avgjerder ikkje vert tekne i demokratisk valde organ, men kanskje heller i lukka prosessar og i dei mange byråa som etter kvart er ein realitet?
Kva er det som har endra seg? Halle Jørn Hanssen skriv at EU viser handlekraft som overraskar verda i den situasjonen som har oppstått etter invasjonen i Ukraina. Ja, det er rett, men det er både på godt og vondt. EU lanserer seg ofte som eit solidaritetsprosjekt, og som eit fredsprosjekt. Den solidariteten som berre gjeld for enkelte folk, er ingen god solidaritet. Flyktningutfordringa i verda starta ikkje 24.2.22, slik ein kan få inntrykk av når politikarar uttaler seg i dag. EU betaler store summar for å hindra at flyktningar frå andre land enn Ukraina skal få tilgang til eit betre liv i Europa. Libyas kystvakt får pengar og opplæring for å hindra at flyktningar frå det afrikanske kontinentet tek seg over Middelhavet. Det same gjeld for Tyrkia, der avtalar om å hindra flyktningar vidare tilgang til Europa, vert betalt dyrt for. Er det dette me skal kopiera? Er dette fredsskapande?
Og kva med dobbeltmoralen som gjer seg gjeldande i sanksjonspolitikken og i synet på krigsbrotverk? EU utøver strenge sanksjonar mot Russland, og det er på sin plass. Men kva med andre regime som utøver uakseptabel politikk i høve til folkeretten? Israel kan stå som eit døme her.
Julian Assange står i fare for å verta utlevert til USA, og kan risikera 175 års fengsel. Kvifor? Jau, han har avslørt at USA har utført handlingar som utført av andre truleg ville ha vorte karakterisert som krigsbrotverk. Kvar er EU si stemme i denne saka?
Me som er engasjerte i Nei til EU fryktar ikkje Europa. Det me fryktar er at eit medlemskap vil gå ut over folkestyret, demokratiet og den gode tradisjonen me har på at eigne folkevalde skal avgjera landets politikk. Så skal me sjølvsagt samhandla med andre land på nødvendige område, delta internasjonalt og bidra på ulik vis. Men me treng ikkje medlemskap i EU for å få det til, for som eg alt har sagt: Verda er større enn EU.

Ja-sida på Stortinget viser igjen sin stadige iver etter å komme inn i EU. Desto mer gledelig er det at et stort flertall i utenrikskomiteen innstiller på at forslaget ikke vedtas.

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Etter at Reidun Berntsen Heggen flyttet sørover 1. oktober, har Tore Ruud fungert som leder. Han ble nå valgt som leder for kommende år. Evelyn Bjerkås ble valgt som nytt styremedlem. Ellers var det stort sett gjenvalg til de øvrige posisjonene.