
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Fakta er at dei arbeidsplassane står me i fare for å mista dersom straumprisane vert høgare, den kraftkrevjande industrien toler ikkje auke i straumprisen, me veit og at den auken me no ser kan verta dramatisk utover hausten og vinteren. Fakta er og at norske styresmakter står utan verktøy, dei kan ikkje gjera noko.
Det var dette eg ønskte å få fram, og etter ein korrespondanserunde med i BT, endra eg litt på innlegget mitt.
Svaret frå BT er klart, dei vil heller ikkje ta inn den nye versjonen.
Oppsummert kan eg seia det slik:
Dette må me, og skal me, få gjort noko med!
Toril Mongstad
Fylkesleiar
Her er innlegget som sto i BT 19.9
Og her er svaret fra Toril Mongstad 23.9:
I BT søndag 19.9. tar Kjetil Malkenes Hovland for seg 7 årsaker som skal forklara den høge, og aukande straumprisen. Ei av dei viktigaste årsakene utelet han: EØS-avtalen som har knytt Norge til EUs tredje energimarknadspakke og EUs energibyrå ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators).
Det vert skulda på tørt ver og lite vind. Sanninga er at 2021 starta med magasinfylling som var 10% over normalen, og det var normal magasinfylling heilt fram til juni. Det er sant at juli og august var tørre månader, likevel held den høge eksporten fram.
Lat oss sjå litt attende for å få fram samanhengar:
Mange vil hugsa kampen mot innføringa av ACER i 2018, der mange av Aps fylkesparti, AUF, ei samla f fagrørsle og Nei til EU var sterkt mot implementeringa av denne energipakka. AP stemte likevel med regjeringa og sikra fleirtal. Me som var ACER-motstandarar hevda at ein konsekvens ville vera auke i straumprisen. Dette vart attendevist som tull, kanskje kunne prisen auka med eit par øre vart det hevda frå EØS-tilhengjarane si side. Olje- og energiminister Terje Søviknes uttalte følgjande i forkant av avstemminga: Det finnes ikke hold i påstandene om at vi gir bort norske kraftressurser eller kontroll, eller at strømprisene vil stige ved en tilslutning til Acer.
No viser det seg heilt konkret at me som ikkje ville ha ACER, fekk rett: me har aukande straumprisar og me står utan verktøy til å gjera noko, me har gjeve bort kontrollen.
Ein kan endeleg ropa på hjelp frå styresmaktene, men korkje avtroppande eller påtroppande regjering kan gjera noko med straumprisane, dei står utan verktøy. Fri flyt og forbod mot konkurranseforstyrrande tiltak er berebjelken i EU sin politikk. I Dagsnytt 18 22. september seier statssekretær frå Høgre, Tony Christian Tiller, rett ut at me ikkje kan gjera noko som helst, og han åtvarar SP mot å lefla med avtalane me har me Europa – altså EØS-avtalen.
Så kan ein kompensera med bustønad og reduksjon i el-avgifta. Det kan hjelpa privatpersonar og familiar. Men industrien vil måtta blø, dei betalar eit halvt øre i el-avgift og kvalifiserer neppe for bustønad. I verste fall vil me sjå at tradisjonell, kraftkrevjande industri som har hatt eit konkurransefortrinn i rimeleg og fornybar kraft, vil måtta leggja ned eller flytta ut av landet. Det kan verta katastrofalt for norske arbeidsplassar, og årsaka er energipakkane og EØS-avtalen.
Eit sjølvstendig land ville ha redusert eksporten når magasinfyllinga nærma seg normalen i slutten av juni og det vart meldt tørt ver. Men 22. mars 2018 vart Norge ein del av EUs energiunion, styringsverktøya er overlatne til EU.

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: