24.11.2021 EØS-avtalen – meir til skade enn til gagn.

Tilhengjarar av EØS-avtalen har over mange tiår repetert påstanden om tap av arbeidsplassar og marknad dersom me tuklar med avtalen. Dei framstiller avtalen som  kritisk viktig, ja nærast som eit vera – ikkje vera for oss som nasjon. Desse påstandane har aldri vore dokumentere, ikkje i 1972, ikkje i 1994 og heller ikkje no.

Kvifor er det slik?  Kanskje finn me noko av svaret i at EØS-avtalen er garantien for å kunna halda fram med marknadsliberalistisk høgre-politikk? Eller at avtalen tener arbeidsgjevar godt? For avtalen er ein god reiskap for den som ser fordelen ved eit uorganiserte arbeidsliv og som tenkjer at marknaden får styra heller enn at dei folkevalde tar det ansvaret dei har fått av folket.

Eg vågar å påstå at desse argumenta er mest eigna som skremmebilete, og eg vil vidare hevda at EØS-avtalen faktisk er eit trugsmål på mange viktige samfunnsområde og tilhøyrande politikkområde. Det er ikkje vanskeleg å finna døme på dette:

EØS-avtalen skapar eit arbeidsliv der sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og utrygge arbeidstilhøve ikkje er unntaket, men oftare regelen. Bemanningsbransjen hyrer inn arbeidsfolk frå fjern og nær på korttidskontraktar og ofte på elendige vilkår. Fast tilsetjing er ikkje regelen lenger. Organisering er nesten eit ikkje-tema. Når mange arbeidsoppdrag går ut av landet, taper me innanlandske arbeidsplassar. Det synest å vera viktigare at den frie konkurransen får råda framfor å skapa arbeidsplassar her til lands. Fiskeria kunne ha gjeve oss mange fleire arbeidsplassar, men me eksporterer heller rund fisk og er såleis med på å skapa arbeidsplassar utafor grensene. EØS-avtalens tollsatsar legg premissar her.

Hurdalsplattforma har mange fine tankar for god politisk styring. Men – regjeringa legg EØS-avtalen til grunn og  Støre & co skal nok meir enn ein gong måtta møta seg sjølv, og kanskje endå meir EØS, i døra når dei skal setja politikken ut i live.

EØS hindrar dei folkevalde i å realisera det mandatet dei har fått frå veljarane. Nokre konkrete eksempel: regjeringa vil sikra at norske bankkundar framleis skal ha ein bankgaranti for innskott på 2 mill kroner. Støre veit at denne grensa er 1 mill kroner i EU, og han bør også vita at forsøk på å få endra dette ikkje har ført fram så langt. Statsministeren vil og endra på taxi-reforma. Har han gløymt at denne har skjedd etter delvis pålegg frå EU? Og kva med jernbana? – det ville vera fantastisk om jernbanepakka frå EU kunne reverserast, men vil regjeringa makta å få det til? På det energipolitiske området står norske styresmakter fullstendig utan styring og makt. Botemiddelet nasjonalt er å gje stønader til vanlege folk som ikkje lenger har økonomi til å ha det varmt i heimen. Heller stigmatisera folk som hjelpetrengjande enn å gripa tak i det eigentleg problemet: me har gjeve styringa på energi frå oss. Slik er EØS-avtalen også med på å oppretthalda klasseskilnader.

Når det gjeld solidaritet som EØS-forkjemparane held fram som eit viktig argument for å vera med EU, er det nok å nemna flyktning- og vaksinepolitikken. Var det noko som nemnde solidaritet?

Slik kunne eg halda fram, her er nok å ta av. Overordna alt er trusselen mot folkestyre og demokrati. Me har ein husmannskontrakt, me er underlagt EU, me styrer ikkje eiga hus lenger. Dramatiske er det og at mange av dei folkevalde ser ut til å ikkje villa gjera noko med det. Dei vil tena EU heller enn å tena folket som trass alt har valt dei. Og om nokon no vil hevda at då er medlemskap betre, så er det feil svar. Det demokratiske underskottet ville auka endå meir om me vart medlem i EU. Det er absolutt ikkje vegen å gå.