
Standpunkt: – Hva er problemet med prosedyreforordningen?
Podkast med Nei til EUs Alexander Fossen Lange og Morten Harper. I denne episoden av Standpunkt ser vi nærmere på EUs prosedyreforordning.
Med utgangspunkt i LO-kongressane i 2013, 2017 og 2021, der LO har vedteke at norske tariffavtalar og norsk arbeidslivlovgjeving må gjevast forrang over EU-reglar, viser forfattaren korleis dette faktisk ikkje er mogeleg. LO er oppteken av kva dei ulike partia tenkjer om utviklinga i arbeidslivet, og framfor stortingsvala stiller LO partia spørsmål om nettopp dette. Men dei stiller ikkje spørsmål om partia er samde i at norske tariffavtalar og norsk arbeidslovgjeving skal ha forrang over EU-reglar.
Det er lett å forstå kvifor så lenge LO si toppleiing meiner at avtalen er god for landet vårt. EØS-avtalen forpliktar Norge, og EØS-avtalen er klar på at det som er bestemt i EØS-loven (loven som vart vedteken av Stortinget like etter at EØS-avtalen vart godkjent i oktober 1992) skal gå framfor annan norsk lov. I protokoll 35 til EØS-loven står følgjande:
Partene forplikter seg til å gi EØS-lovverket forrang hvis norske regler er i strid med en EØS-lov.
EØS-avtalen er dynamisk, det betyr at når EU endrar lov- og regelverk må det som er tatt inn i norsk lov, og som alt er vurdert som EØS-relevant, også oppdaterast.
Eg forlet Dag Seierstad sin artikkel her og går over på det meir overordna som gjeld for alle politikkområde der EU-lov er tatt inn i norsk lovverk. Dette inneber det som alle motstandarar av EU og EØS-avtalen har sett for lengst: dette er ei svekkinga av folkestyre, demokrati og nasjonal styring. Med opne augo har me gjeve i frå oss det ein nasjonalstat burde setja som høgast av alle verdiar: det opplagte i å kunna styra i eige land.
Arbeidslivspolitikken er eit viktig område. I desse dagar ser me dei katastrofale følgjene på det energipolitiske området. Ei totalt handlingslamma regjering står utan verktøy, ved tilslutninga til energipakke 3 og ACER, er me totalt underlagt EU sin marknadsliberalistiske politikk. Jonas Gahr Støre er krystallklar: desse marknadsmekanismane skal me ikkje røra.
Den alternative energikommisjonen sin rapport konkluderer indirekte på same måte, fordi dei meiner at det er handlingsrom innafor EØS-avtalen til å gjera nødvendige tiltak. Me veit minst to ting om dette handlingsrommet: det er forsvinnande lite - og det er ingen vilje til å ta det i bruk.
LO og NHO har så langt stått saman om å verna om EØS-avtalen. Utan den har me ikkje ein marknad å selja varene våre til, utan den står arbeidsplassar i fare.
Realiteten i dag er heilt motsett. Dersom me ikkje tar eit oppgjer med EØS-avtalen, går ut av ACER og går attende på energipakke 3, vil me tapa konkurransefortrinnet me har hatt i form av billeg og fornybar kraft. Det er ting som kan tyda på at folk i både LO og NHO byrjar å forstå dette. Det står att å sjå om dei er viljuge til å handla før det er for seint.

Podkast med Nei til EUs Alexander Fossen Lange og Morten Harper. I denne episoden av Standpunkt ser vi nærmere på EUs prosedyreforordning.

Under koronapandemien så vi en rekke utfordringer for helseberedskapen både i Norge og resten av verden. I ettertid av koronapandemien og i en usikker verdenssituasjon ser vi behov for styrket helseberedskap. Likevel er ikke suverenitetsavståelse til EUs legemiddelbyrå og en ensidig tilpasning til EU løsningen.

EU vil neppe være Norges «trygge havn». De har lite å tilby i så måte, er splitta i ulike interesser, og mangler mye på å framstå som en enhetlig forsvarsunion.