
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Ja-folket, dei som vil ha EØS-avtalen og kanskje til og med EU-medlemskap, kjem ofte med udokumenterte påstandar. For oss som er aktive i Nei til EU er dette kjente tonar. Slik var det i 1972, slik var det og i 1994, og slik er det framleis.
Eg har lyst til å retta merksemda mot nokre innlegg i Klassekampen dei siste vekene. I ein artikkel i avisa laurdag 29. august, med overskrifta Departement for feilinformasjon, forfatta av Morten Harper, jurist og utredningsledar i Nei til EU, dokumenterer Harper ein del faktafeil som er å finna på nettsidene til regjeringa. Klart og konsist gjer han greie for reine fakta, og korleis desse ikkje er å finna på nemnde nettsider, heller ikkje i ytringar uttalt av regjeringsmedlemer. Som at norsk eksport til EU er under 60 prosent av samla eksport, ikkje 80 prosent som regjeringa hevdar. Eller når statsministeren hevdar at Storbritannias handel «har falt saman» etter Brexit. Harper viser at forventa vekst i UK er høgare enn i store EU-land som Tyskland, Frankrike og Italia. Faktisk har eksporten til EU-land auka for Storbritannias vedkomande etter at landet gjekk ut av EU.
I tillegg kan nemnast den repeterande trusselen om arbeidsplassar står på spel dersom me seier opp EØS-avtalen, noko Leif Sande, vararepresentant til Stortinget for AP, hevdar i sitt svar til Morten Harper 31.8. Vidare hevdar han at eksporten vil gå ned, og at EU vil straffa oss om me tuklar med EØS-avtalen.
Morten Harper svarar godt for seg i nytt innlegg i KK 7. september. Han påpeikar det viktige i at EU treng varene våre, slik me treng varer frå EU – og andre land. Derfor er begge partar tent med å ha ein avtale som begge partar – ikkje berre ein part slik situasjonen er i dag med EØS-avtalen - er nøgde med.
Poenget mitt med dette innlegget er å visa at mykje, kanskje det meste, av det EØS- og EU-tilhengjarar kjem med vert framstilt som fakta trass i at det alt for ofte manglar dokumentasjon. Når dei vert konfrontert med dette, tyr dei til lause forklaringar som ikkje akkurat styrkjer påstandane. Dokumentasjon er, og vert, mangelvare. Og til alt overmål skulder dei oss ofte for kunnskapsløyse!
Me må heile tida retta merksemda mot slike feilaktige påstandar. Skremselspropaganda har alltid vore eit middel frå ja-sida. I den vidare kampen vår er det viktig å visa at dette er lause påstandar som ikkje let seg dokumentera. Derfor er dei heller ikkje korrekte, og dei må aldri få lov til å stå uimotsagt.

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: