Gå til hovedinnhold
John Dale

Ny bloggpost!

30. jan. 2024

Til våre lesarar.


Heimesida til Hordaland NTEU kan bli eit viktigare møtepunkt for medlemmane
våre. Fram til no har du funne informasjon om våre aktivitetar og også fakta og
meiningar om EU/EØS. Det vert som før. Men me tek fastare tak i det politiske
innslaget. Det skal bli meir regulært. Såleis tek eg ansvar for å skrive
kommentarar med jamne mellomrom. Dei vil ta for seg tema og saker som er
lite framme i media. Å plukke opp og forsterke kva dyktige skribentar på nei-sida
publiserer vil og bli gjort.
Heimesida kan nyttast av alle som vil skriva innlegg. Slik kan me saman bli best på
det som skjer i EU og landa omkring, og med serleg omtanke for vårt eige land.

Brexit fiasko?
Storbritannia melde seg ut av EU. For Noreg og vår heimelege EU-debatt
vil det vera av stor interesse å sjå korleis det går med britanane etter at dei erstatta
sitt EU-medlemskap med ein frihandelsavtale. Alle meiner ikkje det. I fylgje norske
media er det lite å spekulera over. Brexit vart ein fiasko. Og dei kan vise til at
vinnarane av folkerøystinga har tapt terreng etterpå.
I dag, 21. januar, får unionsfolka påfyll i ei melding på NRK: Borgarmeistaren
i London, Sidic Kahn, meiner byen hans bør få ein avtale med EU slik at unge
kan ferdast fritt i unionen. London er blitt hardt råka av Brexit, seier han, den
den økonomiske kostnaden av regjeringa si harde brexit-linje har vore enorm.
At Kahn seier dette er ingen sensasjon. Han var og er absolutt motstandar av
Brexit. Men har han rett ?
Eg fylgjer med på utviklinga i Storbritannia, politisk og økonomisk. Financial Times
og Economist les eg dagleg. Det gjer og journalistar i våre riksmedia. Desse to
publikasjonane er nyliberale og for at EU skal bli større og meir integrert. Dei
har ingen sans for å føra makt tilbake frå Brussel til dei nasjonale nivåa der
folkestyret har sitt feste. Likevel har dei sjølvrespekt nok til å rapportera om
to utviklingstrekk: Dei økonomiske utsiktene for Storbritannia er relativt gode
framover. London greier seg best.Og partiet som truleg vinn komande val seier klart
at Brexit vert ståande. Denne informasjonen saksar ikkje våre ja-media. Det bryt med
forteljinga om Brexit som fiasko.
Borgarmeistar Kahn har rett i at London, som er i ein vekstperiode, slit med
mange problem. Folk flest har t.d. knapt råd til å kjøpa seg husvære der. Det har
dei heller ikkje i Oslo. Men å skulda på Brexit og frihandelsavtalen, nei, det
bør han ikkje gjera.

John Dale 21.1.24

Relatert

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

03. juli 2026

Igjen og igjen opplever me at meiningane våre vert kasta vrak på både i presse og media. Styret i Hordaland Nei til EU har mange medlemer som er glade i å ytra seg om kampsakene våre. Me sender lesarinnlegg både som sjølvstendige innlegg og som svar på andre sine innlegg. Me sender fakta der ja-sida har servert udokumenterte påstandar. T.d. i saker som omhandlar Brexit, peikar me på manglande dokumentasjon frå ja-sida, og me tilbyr nettopp det, faktabasert informasjon. Me kan lura på kvifor presse og media synes å vera interesserte i å støtta opp under feil-informasjon. I BT 29.6.26 kjem Morten Myksvoll med eit innlegg som osar av skremselspropaganda. Me er nær undergangen om me ikkje tenkjer medlemskap i samband med at Island vurderer dette. Me står utanfor, me er ein stat utan makt, me er utrygge osv. Det er ikkje måte på kva som vil henda oss om me no ikkje går inn i unionen. Eit svarinnlegg på dette var det ikkje plass til i BT. Då eg la innlegget ut som ein kommentar, ser eg at moderator har fjerna det. Er den frie pressa ein myte? Skal det vera slik at meiningsytringar som ikkje fell i smak hos redaktøren, berre skal neglisjerast? Eg publiserer her innlegget mitt, eit innlegg som haltar litt fordi Myksvoll sitt innlegg ikkje vert publisert samstundes. Dette kan ein sjå ved å gå inn på bt.no.