
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Alle spørsmåla i utspørjinga var viktige, eit av dei handla om å få ei utgreiing av alternativ til EØS-avtalen, eit anna om kva kandidaten ville føretrekkja dersom valet sto mellom EØS-avtalen og ein rein, jambyrdig handelsavtale.
Det er grunn til å tru at kandidatane ikkje kjem til å følgja opp det dei tidlegare har gjeve uttrykk for når dei gav svara sine i vår. No seier den nye regjeringsplattforma, AP og SP, at EØS-avtalen skal leggjast til grunn i den nye 4-års perioden.
Så langt er ikkje dei endelege politiske føringane lagt, me kjenner berre dei overordna hovudlinene. Derfor er det overordna viktig å følgja med. Kan det partia svarte i kandidatutspørjinga verta noko som var greitt før valet, men som lett kan endrast til noko heilt anna etter valet?
Det er vår oppgåve som kamporganisasjon å ikkje berre halda oss orienterte om kva som vert den endelege politikken, men også reagera når me ser at det som var politiske utsagn i valkampen i verste høve ikkje harmonerer med det som vert den reelle politikken.
Uansett – det nye Stortinget har fleire representantar som er skeptiske til EØS-avtalen, og som også er klare på at medlemskap i EU ikkje er aktuelt.
Det er eit godt utgangspunkt for korleis med skal arbeida vidare, ikkje berre i fylkesstyret, men i heile organisasjonen.

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: