7.9.2021 Usant om EU og EØS

EU- og EØS-tilhengjarar tyr igjen til skremselspropaganda og usanningar, dei fryktar eit nytt storting med auka motstand av både EU-medlemskap og EØS-avtalen. Som aktiv i Nei til EU helsar eg ein debatt velkomen, ingen ting er betre enn at det vert stilt spørsmål ved EØS-avtalen, men då er det viktig å halda seg til fakta. (innlegget fikk ikkje plass i Klassekampen)

Det er ikkje sant som ja-folka seier at me vil tapa hundretusenvis av arbeidsplassar om me erstattar EØS-avtalen med ein normal handelsavtale. Dette truga dei med i 1972 og i 1994, og det er like lite hald i dette i 2021. Det er ja-sida sitt ansvar å føra bevis for dette om det skal stå til truande.

Det er heller ikkje sant at EØS-avtalen er garantien for at me får seld varer og tenester. Faktisk så har eksporten til EU-land gått nedover etter at me gjekk inn i denne avtalen, importen har auka. EU-landa sine behov for norske varer og tenester vert ikkje borte om me får alternative avtalar for handel. Norge er ein viktig marknad for EUs varer og tenester.

Det er ikkje sant at me ikkje har alternative løysingar for handel og samkvem med EU. Norge er eit av 3 land i heile verda som er bundne til EU med ein EØS-avtale. Kvifor skulle ikkje me, som resten av verda, kunna ha ein normal og likeverdig avtale med EU-landa når det gjeld handel og samarbeid? Kan ja-sida dokumentera at land som ikkje har EØS-avtalen ikkje får selja varene sine til EU?

Det vert hevda at EU er eit solidaritetsprosjekt. Det er heller ikkje sant, og det er nok å nemna EU sin flyktningpolitikk og vaksinepolitikk for å slå fast nettopp det. Eller førre finanskrise som kan stå som eit skrekkens eksempel på korleis dei mektige i EU strupte land som Hellas, Spania, Portugal m.fl.

Det er vidare grunn til å stilla spørsmål om EU som eit fredsprosjekt. Fred for kven? EU har delteke i fleire krigar, dei ønskjer å byggja opp sitt eige sterke forsvar, og det har så vidt eg veit vore krigshandlingar på europeisk jord i unionens historie. Har deltaking i Afghanistan ført til fred? Eller i Libya, Syria?

Vil eit medlemsskap gje oss nemneverdig påverknad i dei organa der dei politiske avgjerdene vert tekne? Norges folketal utgjer i overkant av ein prosent av EUs folketal. Der omkring ville vel og vår tyngde i unionen vera. Det er ein illusjon å tru at dette ville ha endra EU sin politikk om me ønskte det.

EØS-avtalen svekker folkestyre og demokrati, og har endra landets suverenitet i negativ lei. Ja-folket må gjerne hevda noko anna, men det vert ikkje meir sant av den grunn. EU-lov står over norsk lov, til og med grunnloven, EU-domstolen står over eigne domstolar, til og med Høgsterett. Dei folkevalde som me stemmer inn i styrande organ, kommunalt, regionalt og nasjonalt, er bundne på hender og føter i politikkutforming på mange viktige område der EU-lov og rett står over nasjonal lov og rett. Dessutan går mykje av EU si politikkutforming føre seg i ulike byrå, utanfor dei demokratiske organa, noko som svekkjer demokratiet internt i EU. Er dette eit reelt folkestyre?

Det er på tide at ja-sida, både i høve til EU-medlemskap og EØS-avtalen, dokumenterer påstandane sine, ikkje berre slengjer om seg med laust krut. Det er grunn til å mistenkja at høgresida si faste tru på marknadsliberalisme og kapitalisme er hovudårsaka til EU-lojaliteten. Det er ei ærleg sak, men då er det kanskje nettopp det det bør argumenterast med, ikkje dei gamle og etter kvart oppbrukte flosklane om at me ikkje får seld varene våre og at arbeidsplassar vil gå tapt.