Høyringsinnspel, sak 202314829, om 420 kV kraftleidning Sauda-Blåfalli og ny Blåfalli transformatorstasjon.

Utbygging av høgspent er ein typisk konsekvens av eksport og vår tilknytning til EU via EØS og ACER. Dette er eit høyringsinnspel skrive for å anmode om å skåne naturen mest mogleg, då det er naturen som til slutt vert lidande.

No har Noreg, eit av verdas rikaste land, moglegheit til å væra i forkant av utviklinga, og halde lovnader i naturavtala, samt skåre høgt på beredsskapstrategi. Denne moglegheita bør me ikkje gå glipp av.

Mitt forslag består i å leggje i hop planar om utbygging av tunell frå Sauda til Etne, og byggje inn kabel, samt mest mogleg av trafo/straumstasjonar, inn i tunell og fjellhall der dette er mogleg. Dette kostar mykje, men ein skal ikkje sjå bort frå at det kan lønne seg på sikt, og krev samarbeid mellom fleire etatar.

Videre vil eg presisere at der ein ikkje kan leggje kablar i jord eller fjell, bør traseen haldast mest mogleg til opprinnelig trasè for å unngå at meir natur vert rørt. Det er òg viktig å ta mest mogleg omsyn til kulturminner, myr og bustader når det gjeld sjølve plasseringa av mastene.

Begrunnelse: Me kjenner alle til at årsaka til denne veldige utbygginga av kraft, og transport av kraft med høgare kapasitet er på grunn av det grøne skiftet. Både transport til/frå grøn industri, grønnvasking av olje/gass, og til eksport. Behovet for meir kapasitet ville ikkje vore like pressande som i dag, om me hadde stått utanfor EØS og ACER.

No er heile argumentasjonen for å delta i eit Europeisk samarbeid lagt på at me må gjennomføre EU sin klimapolitikk. Eg meiner denne består meir om kampen om ressursar, enn ein reell klimapolitikk. Om ein skal sjå bort frå dette med kva slags klimapolitikk som er den beste, så vil eg utfordre Statnett og NVE med dette argumentet: Om me byggjer ned natur på vegne av klimaargument, så er ikkje dette reell klimapolitikk. Me er heilt avhengige av å bevare natur og landbruksjord for å kunne gjennomføre eit reelt grønt skifte. Då må òg staten med Statnett og NVE ta inn over seg at det ikkje er den økonomiske kostnaden på ei straumutbygging som skal væra avgjerande for kva og korleis ein byggjer.

Når det gjeld plan om tunell frå Sauda til Etne, så vert dette den raskaste rømningsveg via bil dersom ammoniakkfabrikken vert ein realitet. Dette er viktig for folket i Sauda, og ved å legge kabelen i tunell, vil ein kunne sikre gjennomføringa av tunellen.

Det er fleire fordelar med å plassera straumstasjonar inne i fjellet når det gjeld beredskap, og merk at dette ikkje er noko nytt. Dette har vore gjort allereie på 50-talet då dei hadde andre verdskrig friskt i minne. Sjølv om det er nokre utfordringar knytt til å byggja straumstasjonar i fjell, er det klart at det er fleire fordelar knytt til beredskap. Ved å plassera kritisk infrastruktur i fjellhall, kan ein bidra til å sikra ein stabil og påliteleg straumforsyning, sjølv under ekstreme forhold:

• Verna mot ekstremvêr: Fjellhallar gir ein naturleg vern mot ekstremvêr som storm, snø, is og flaum. Dette reduserer risikoen for skadar på utstyret og avbrot i straumforsyninga.

• Tryggleik: Fjellhallar gir eit meir kontrollert miljø og reduserer risikoen for brann, eksplosjon og andre uønskte hendingar.

• Verna mot sabotasje: Å plassera sensitive installasjonar inne i fjellet gjer dei mindre tilgjengelege for uønskte element.

• Stabil temperatur: Temperaturen inne i fjellhallen er meir stabil gjennom året, noko som kan bidra til auka levetid for utstyret.

Sjå lenke for bilder frå området: https://www.facebook.com/700900791/posts/10162057776515792/

Mvh Agathe Børretzen