
– Send inn høringssvar om datasenterstopp og kontroll på krafta
23. november er det høringsfrist for tre forslag om stans i datasenterutbygging og 24. november er det frist for forslag om styring over kraftpolitikken. Send inn i høringssvar!

Alver Nei til EU opna valkampen 2021 med stand i Knarvik Senter, 14. august. 3 frå styret deltok: leiar Arnulf Hjelmtveit, nestleiar og sekretær Jane Nordlund (sjå bilete), og styremedlem Toril Mongstad. Det vart delt ut Standpunkt og anna materiell. I senteret er det sett av plass til stand for politiske parti, Alver NtEU har og fått løyve til å stå i det same området. Ikkje heilt optimalt, det er trongt om plassen, og publikum kan lett oppfatta det påtrengjande å verta snakka til av så mange når dei passerer i området. Men dette skal ikkje hindra oss i å stå på stand fleire gonger, me møter opp laurdag om ei veke, og har i tillegg planar om å stå på stand på Lindås senter samt å vitja vidaregåande skular.
Om ein månad er valet over, og fram til då er det viktig for oss å få fram kva me står for og kva me kjempar for. Så må dei som mottek informasjon frå oss sjølve avgjera kven dei skal gje stemma si den 13.9. Me skal vera partipolitisk nøytrale, og når nokon spør oss om kva dei ulike partia meiner, viser me til kandidatsvara som det vert opplyst om i Standpunkt og informerer så nøytralt og godt me berre kan. EØS-avtalen er på dagsorden i valkampen, det synest me er bra, det viser at saka engasjerer mange.

23. november er det høringsfrist for tre forslag om stans i datasenterutbygging og 24. november er det frist for forslag om styring over kraftpolitikken. Send inn i høringssvar!

Uttalelse fra Nei til EUs landsmøte på Hamar 6.-8. november 2026.

Send innspill til partienes kommune- og fylkestingsprogram der du bor!