30 år sidan folket sa nei til EU-medlemskap. Feiring med bismak.
Hordaland Nei til EU la denne fråsegna fram som forslag på Landsmøtet 8. – 10. november 2024. Den vart avvist, ei grunngjeving for det var at den var negativ. Sjølv om nokon skulle oppfatta den som negativ, er den likefull etterretteleg og ærleg. Fylkeslaget vil og senda den til pressa i håp om å sjå den på trykk i riksdekkjande aviser. Me har bytta ut Nei til EU med Hordaland Nei til EU i nest siste linje.
I 2024 er det 30 år sidan det norske folket sa nei til medlemskap i den europeiske unionen, EU. Det er og 30 år sidan norske styresmakter sa ja til EØS-avtalen, ein avtale som i 1994 vart presentert som ein handelsavtale, men som over desse 30 åra har vist å ha stor innverknad på norsk politikkutforming, sjølvråderett og folkestyre.
Sidan 1994 har unionen utvikla seg til å verta meir overnasjonal og med eit uttrykt ønskje om å utforma ein felles politikk for alle medlemslanda, ei topptung leiing og med etablering av styringsorgan som ikkje er folkevalde, men som har meir og meir sjølvstendig ansvar og makt.
Norge har klart seg godt utan medlemskap i unionen. Fleire politiske parti tar i aukande grad til orde for medlemskap, dette trass i at det framleis er eit solid folkefleirtal mot å verta unionsmedlem. Utanfor unionen har Norge framleis råderett over mange viktige politikkområde: me har vår eigen valuta, me har, til ei viss grad, råderett over landbruks- og fiskeripolitikk, me har ein sjølvstendig utanrikspolitikk så langt me sjølve ønskjer det, og me har ei fri og eiga stemme i internasjonale fora. Norge har hatt, og har, god økonomisk vekst. Utanfor unionen har me hegna om suverenitet og folkestyre, viktige og grunnfesta verdiar i eit velfungerande samfunn.
Men 30-års feiringa til folkets nei kjem med ein viss bismak. EØS-avtalen viste seg snart å vera ein svært omfattande avtale, med stor innverknad på viktige politikkområde. Avtalen er dynamisk, og den har utviklila seg til å vera svært inngripande på nasjonal politikkutforming. EØS-avtalen inneber at EU-lov står over norsk lov i EØS-relevante saker. Dette inneber innlemming av EUs politikk på ei rekkje viktige område. Politikk som i aukande grad vert avgjort av styringsorgan som ikkje er folkevalde. Avtalen knyter oss til dei fire fridomane, fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og kapital. Kravet om fri flyt og fri uhemma konkurranse reduserer nasjonale styresmakters moglegheit til å gripa inn med tiltak for å sikra norske interesser og norsk sjølvstyre. Eit tydeleg døme på det er det energipolitiske område. Ved å slutta seg til energipakke 3 og ACER, har EUs energiunion meir makt og styringsrett over energipolitikken enn det norske styresmakter har.
EØS-avtalen grip indirekte inn i både landbruk og fiske, utan at desse områda er ein del av avtalen. Lågare toll gjer oss til ein råvareeksportør av fisk, noko som går ut over norske arbeidsplassar og kystkommunar. Auka import av landbruksvarer frå EU, svekker norsk sjølvforsyning, og som ein konsekvens av dette, norsk beredskap.
EØS-avtalen opnar for norsk reservasjonsrett, veto. Ulike regjeringar gjennom desse 30 år har vist liten, om enn nokon, vilje til å bruka denne, og slik vert EUs politikk og lovverk ein aukande del av norsk politikk. Denne utviklinga må stoppast. Dei viktigast årsakene til folkets nei i 1994 var å hegna om norsk suverenitet og folkestyre.
Kampen for å få EØS-avtalen erstatta av ein normal frihandelsavtale som ikkje inneber overnasjonal styring av norsk politikk, er ein kamp Hordaland Nei til EU vil intensivera i åra som kjem. Denne kampen står me like støtt i som kampen for å hindra norsk unionsmedlemsskap.
Toril Mongstad, fylkesleiar i Hordaland Nei til EU