
Stand i Tromsø 3. oktober
Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.
Representantar for fylkeslaget og fleire lokallag har gått saman i ei arbeidsgruppe, og me arbeider med å planleggja ulike aktivitetar i fylket. Både i samband med Høgsterett si handsaming av ACER-søksmålet 5. september og i valkampen fram til valet 11. september er det viktig at me er aktive og synlege. Å stå på stand er ein god arena for å møta folk og for formidling av informasjon og utveksling av meiningar. Så langt er det planlagt for stands-verksemd i Bergen, Alver, Etne, Voss og Odda. Nokre stader vil me stå på stand mange gonger utover sumaren og hausten, andre stader vert det kanskje berre ein gong. Mykje er avhengig av at me får til samarbeid med medlemer i fylket.
Den 29. august vert det eit ope møte i tida 16 – 20 på Bergen offentleg bibliotek. Her får me høyra tre innleiarar, det vil verta høve til debatt, og i tillegg vil med invitera og utfordra listetoppar i dei ulike partia som stiller til val i Bergen. Desse vil verta oppmoda til å uttala seg om korleis dei ser på lokaldemokratiet sine vilkår med EØS-avtalen som ein viktig premiss for politikk og aktivitetar.
Me legg og opp til stor bruk av sosiale media, der me både vil leggja ut informasjon og små videoklipp med bodskap om å støtta oss.
Det vil koma meir informasjon om dei ulike aktivitetane, men sett av 29. august alt no!. Om du som les dette, tenkjer at du gjerne vil ha standsaktivitet der du bur, er det berre å kontakta oss. Me deltar gjerne både i førebuingsarbeid og på stand.
Arbeidsgruppa er sett saman slik:
Toril Mongstad, John Dale, Sigmund Simmenes frå fylkesstyret.
Jane Nordlund og Arnulf Hjelmtveit frå Alver NtEU.
Tor Sander frå Bergen NtEU.
Me tek gjerne i mot idear og forslag til aktivitetar og me ser gjerne at me er synleg fleire stader i fylket.
Toril Mongstad – fylkesleiar

Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.

Få med deg debatten fra Litteraturhuset i Trondheim mellom Morten Harper fra Nei til EU og Tommy Reinås og Lars Gaupset fra Europabevegelsen Trøndelag.
Telemark Nei til EU og Vest-Agder Nei til EU samlet inn om lag 900 underskrifter under Dyrsku’n i Seljord 11.–13. september 2026.