
Stand i Tromsø 3. oktober
Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.
Dette er klassisk argumentasjon frå unions-tilhengjarar, dette har me høyrt sidan tidleg på 60-talet. Men dårlege argument vert ikkje betre over tid.
La oss slå fast at verda er større enn EU. Tilknytingsforma me har til EU, EØS-avtalen, gjer meir enn nok skade på demokrati og folkestyre i landet vårt, men med den avtalen har me trass alt ein rett til å reservera oss til det som kjem frå EU. Og sjølv om me sidan 1994 har tatt inn rundt 13.000 rettsakter i form av lover, direktiv, forordningar mm, så er det lite å rekna mot det me måtte ha funne oss i som EU-medlemer. Eit medlemskap vil neppe gje høve til reservasjonsrett. Som eit EU-land ville Norge få mindre enn 15 medlemer i eit Europaparlamentet med i alt rundt 715 medlemer. I kommisjonen måtte representanten vår lova å arbeida for unionen, ikkje for Norge sine interesser. Kommisjonen, som ikkje er folkevald, har einerett på å foreslå lovtekstar. Me måtte ha godtatt euro og dermed ville me ha mista ein særs viktig finanspolitisk styringsreiskap. Me ville ha tapt nasjonal kontroll over viktige område som fiske, landbruk og utanrikspolitikk.
EU har oppretta mange byrå som arbeider med ulike viktige politikkområde. Ingen som arbeider der er folkevalde, men dei har likevel svært stor makt over så vel medlemsstatar som EØS-land. Det er nok å nemna ACER (energireguleringsbyrået i EU).
Me som kjempar mot medlemskap i EU og for å erstatta EØS-avtalen med ein likeverdig og normal frihandelsavtale, er ikkje europaskeptikarar. Me meinar at samarbeid ikkje må forvekslast med overnasjonalitet. Me er for samarbeid, ikkje berre med medlemslanda i EU, men med alle land det måtte vera interessant å ha samarbeid med.
Me krev vidare respekt for maktfordelingsprinsippet nedfelt i grunnlova vår. Skal me oppretthalda eit godt demokrati og eit levande folkestyre, må me halda fram som sjølvstendig nasjon. Me har vore i union tidlegare i historia, la oss ikkje hamna der igjen.
Toril Mongstad
Fylkesleiar – Hordaland Nei til EU

Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.

Få med deg debatten fra Litteraturhuset i Trondheim mellom Morten Harper fra Nei til EU og Tommy Reinås og Lars Gaupset fra Europabevegelsen Trøndelag.
Telemark Nei til EU og Vest-Agder Nei til EU samlet inn om lag 900 underskrifter under Dyrsku’n i Seljord 11.–13. september 2026.