
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Me som er medlemer i NtEU har ein jobb å gjera med å setja EU og EØS-relaterte saker på dagsorden, både i eigen organisasjon, men ikkje minst i den nasjonale debatten. Korleis skal me få bodskapen vår ut til fleire? Korleis skal me gjera kampsakene våre meir relevante for det norske folket, og for dei folkevalde?
Fleire parti tar til orde for ein ny medlemskapsdebatt, den ønskjer me velkomen. Meiningsmålingar viser eit solid nei-fleirtal, slik har det vore lenge. Men nesten viktigare enn den debatten, er spørsmålet om EØS-avtalen. Norge vert meir og meir EU-tilpassa gjennom lover og regelverk me må godta som ein del av EØS-avtalen, ein avtale som synest å ha aukande påverknad på alt for mange politikkområde. La oss slå fast: EØS-avtalen er mykje meir enn ein handelsavtale, den er like mykje ein politisk avtale der målet er å gjera landet vårt så likt eit EU-land som mogeleg. Den europeiske unionen ønskjer meir overnasjonalitet og overstyring, dei ønskjer unionar innan sjølve unionen som energiunion, helseunion, militærunion osv. Dei opprettar fleire og fleire byrå, ikkje folkevalde, men likevel med aukande makt og påverknad. Innanrikspolitiske saker må i aukande grad få godkjenning frå EU før eigne folkevalde torer å ta avgjerder. Me ser ein kraftpolitikk utan nasjonal styring, og me ser handlingslamma folkevalde. Frå unionistane høyrer me at Norge knapt kan gjera noko på eiga hand lenger, me må verta med i unionen, og det norske folket skjønar ikkje sitt eige beste.
Samstundes ser me ein union som har interne utfordringar i aukande grad. Veksten som alltid har vore, og framleis er det essensielle i all politikk i EU, stagnerer, og fleire medlemsstatar opplever at ekstreme høgrekrefter vinn innpass blant folket. Ei slik utvikling er ofte eit teikn på misnøye med det etablerte som ikkje lenger svarar på det folket ønskjer. Me ser og eit byråkrati som aukar, og som fjernar seg frå folket samt at det krevst store summar for å halda det gåande. Det urovekkjande er at dette byråkratiet, dette embetsverket, får meir og meir makt, og det demokratiske underskotet i unionen vert tydelegare. I tillegg ser me at sterke pengekrefter, lobbyar på ulike område, påverkar både lovutforming og politikk. Det er diverre og ei fenomen som har gode vilkår her til lands og.
Arbeidsplanen som vart vedteken på landsmøtet i november 2024, peika på dei to viktigaste satsingsområda framover:
Landsmøtet vedtok også følgjande satsingsområde som middel for å nå måla i arbeidsplanen:
Sentralstyret skal, i følgje arbeidsplanen, ha det overordna ansvaret for å ta initiativ til og ha ansvar for at arbeidet sentralt og lokalt har merksemda retta mot både hovudmåla og dei andre viktige politikkområda i arbeidsplanen.
Landsmøtet vedtok og i same arbeidsplan at sentralstyret skal gje skriftleg rapport om status i arbeidet med å oppfylla arbeidsplanen på kvart rådsmøte i landsmøteperioden, og det skal liggja føre ein sluttrapport til landsmøtet i 2026.
Som fylkeslag har me ansvar for å bidra aktivt i arbeidet med å oppfylla den vedtekne arbeidsplanens mål og intensjon. Sentralstyret har eit sentralt og overordna ansvar for å involvera alle fylkeslaga og for å bruka dei ressursane som er i fylkesstyra og i medlemsmassen.
Styret i Hordaland Nei til EU vil delta med engasjement og entusiasme i dette arbeidet, og me ser fram til eit kjekt og aktivt samarbeid både internt i styret, med sentralstyret, med alle medlemene våre og med dei 18 andre fylkesstyra i Nei til EU.
Heile landet i arbeid for eit EU og EØS-fritt Norge!

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: