
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Hordaland Nei til EU, Alver Nei til EU og Bergen Nei til EU har samarbeidd om aktivitetar og arrangement i sumar, og mykje har stått på dagsorden:
Me har gjennomført stand mange stader i fylket: Bergen, Etne, Knarvik, Lindås, Manger, Odda og Voss. Det har vorte nærare tjue gonger i alt. Me har delt ut materiell, snakka med folk, diskutert og oppmuntra til medlemskap.
Tre større arrangement har vorte gjennomførte, i Ullensvang (Odda), i Bergen og i Alver (Knarvik). Det har vore vekslande oppmøte både når det gjeld publikum og inviterte politikarar. Det har undra oss at Høgre, som eit klart ja-parti når det gjeld spørsmålet om medlemskap i EU, konsekvent har takka nei til å stilla på møta våre. Me har fått reaksjonar på at me ikkje har invitert INP (Industri- og nærings-partiet). Forklaringa på det er enkel, me hadde på førehand avgjort at berre parti representerte på Stortinget ville få invitasjon til å delta på møta våre. Dette er eit standpunkt me skal ta opp til ny vurdering i fylkesstyret, spesielt med bakgrunn i reaksjonane me har fått. Som ein faktaopplysning kan me nemna at i Bergen kommune stiller 20 parti liste til valet 11. september. Arrangementa har hatt gode innleiarar, både eksterne og frå fylkes- og lokal-laga. Publikum har delteke aktivt i ordskiftet på møta.
Korleis er det å stå på stand kringom i fylket? Det er stort sett berre positivt og kjekt, mange stoppar opp, nokre tar berre i mot materiell og hastar vidare, veldig få møter oss på mindre positivt vis. Det er artig å høyra på kva som vert sagt som orsaking for ikkje å vilja snakka med oss, eller ta i mot informasjonsmateriell, eg nemner nokre få svar-døme: Nei takk, eg har alt stemt. Nei takk, det går bra. Eg veit nok om dette og har stemt nei alltid. Dette treng eg ikkje, eg er for EU. Eg treng ikkje engasjera meg i straumprisane, eg har straum inkludert i leiga. Beklagar, men eg er ikkje her frå. Eg er berre turist her. Nei til EU, er det framleis aktuelt??
Me som har arbeidd med alle desse aktivitetane i sumar har hatt ei veldig kjekk tid saman, og me ser at det er eit stort behov for meir informasjonsarbeid, opplæring og kunnskapsformidling. Ikkje berre blant folk flest, men og når det gjeld lokalpolitikarane våre. Når me har bedt dei svara på ein skal frå 1 til 10 om kva kunnskap dei tenkjer at politikarar generelt har om EØS-avtalen sin innverknad på politikken, nasjonalt og lokalt, landar dei på eit snitt på 5, og kanskje litt under. Det er for dårleg meinar me, og det trur me fleire av dei spurde også tenkjer.
No står det att å sjå kva dom Høgsterett vil landa på etter at ACER-saka har vore til handsaming der. Oppstart er 5. september, og det er sett av fire dagar til rettsprosessen. Me er optimistiske! Om ikkje det å overlata politisk styring over krafta vår til ACER og EU er suverenitetsavståing i stort omfang, kva er då vilkåra som definerer vesentleg avståing av suverenitet?
Valet 11. september vert og spanande. Rundt 50% av dei politiske avgjerdene som vert tekne på lokalt nivå, er påverka av EØS-avtalen. For oss i Nei til EU vert det viktig å stemma på parti som deler synet vårt i kampen mot medlemskap i EU og for å erstatta EØS-avtalen med ein avtale som sikrar handel, men som gjev oss nasjonal og lokal sjølvråderett. Samarbeid med Europa og resten av verda vil me ha heilt uavhengig av kva handelsavtale me har med den europeiske unionen.
Me arbeider vidare med ulike aktivitetar for hausten, mellom anna tenkjer me på studiearbeid relatert til aktuelle saker og generell kunnskapsheving. Kom gjerne med innspel til oss på tema de ønskjer at me skal ta opp.
Godt val!
Hordaland Nei til EU: Toril Mongstad, fylkesleiar, John Dale og Sigmund Simmenes
Alver Nei til EU: Jane Nordlund, lokallagsleiar, Arnulf Hjelmtveit
Bergen Nei til EU: Tor Sander, lokallagsleiar

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: