Oppsummering frå landsmøtet 2024
Landsmøte 2024 i NtEU vart avvikla på Hamar i helga 8. til 10. november. Landsmøtet er organisasjonens øvste styringsorgan, og vert halde annan kvart år. Kvart fylke kan stilla med 7 delegatar, i tillegg kjem direkte valde rådsmedlemer, i alt 20, Ungdom mot EU, styret, ein representant for dei tilsette, delar av staben samt inviterte. Det er og opna for observatørar frå fylka.
Landsmøtet sine saker er fastsett i NtEU sine vedtekter. I tillegg til å handsama årsmelding og rekneskap skal landsmøtet vedta budsjett, arbeidsplan, val, vedtektsendringar og fråsegner. Landsmøtet skal også handsama innkomne saker, saker som styret, råd eller fylkeslag ønskjer å ta opp.
Så er det sjølvsagt politisk debatt der generaldebatten er viktig, men like viktig er debatten knytt til dei sakene som landsmøtet skal vedta.
Hordaland Nei til EU møtte med 7 delegatar og eit medlem direkte vald til rådet, og me møtte svært godt førebudde. Me ser det som overordna viktig at deltakarar på landsmøta har sett seg grundig inn i sakene, og at alle deltek aktivt under møtet
Arbeidsplan.
Den framlagte arbeidsplanen fekk mange godord, den var kortare, hadde om lag halvparten så mange tiltak som tidlegare planar, og den viste ei ny retning. Formidlingsarbeidet vert sett på som overordna viktig for å nå ut til folket, vinna fleire for sakene våre, auka talet på medlemer, og ikkje minst, verta vurdert som ein viktig samfunnsaktør god synleg i det samfunnspolitiske bilete. Den avsluttande arbeidsplankomiteen handsama alle innkomne saker før planen vart vedteken. Delegatane frå Hordaland hadde levert inn fleire endringsforslag, mange av desse vart vedtekne.
Budsjett.
Trass i fleire endringsforslag som kunne ha gjort det mogeleg å satsa på ekstern, profesjonell hjelp i formidlingsarbeidet, vart budsjettet vedteke slik styret hadde vedteke det. Budsjettet viser inga nytenking, det er justert for løns- og prisvekst samt redusert støtte frå ulike organisasjonar. Ein ny post er gjevarprosjektet, og det vert avgjerande for budsjettbalansen at dette lukkast i 2025. Den største posten er lønsutgifter til administrasjonen, denne summen vert så vidt dekka av totale kontingentbetalingar.
Me frå Hordaland var ikkje nøgd med dette, men vann diverre ikkje fram.
Vedtekter.
Det hadde kome mange endringsforslag til vedtektene.
Fleire fylkeslag, bl.a. også Hordaland, ønskte endringar i formålsparagrafen i vedtektene slik at kampen mot EØS-avtalen også kom tydeleg fram som eit formål med organisasjonens arbeid og kamp. Dette vart avvist av landsmøtet der ein av motargumenta var at dette kunne hindra inkludering av medlemer som er mot medlemskap, men for EØS-avtalen.
Me i Hordaland er svært opptekne av kampen for å få erstatta EØS-avtalen med ein normal og jambyrdig handelsavtale, der politisk overstyring ikkje skal vera mogeleg. Me stiller difor spørsmålet, inkludering av kven? – og, kan for stor breidde gjera oss utydelege og svekka kampen vår? Det er ei kjennsgjerning at EØS-avtalen svekkjer både demokratiet og suvereniteten vår, det er både ja- og neifolk samde om. Kvifor skal me då vera redde for å ta denne viktige kampen inn i vedtektene som eit formål på lik linje med unionskampen? Svaret som mange på landsmøtet hadde, var at me måtte femna breidt og ikkje støyta nokon frå oss medlemer, tillitsvalde og alliansepartnar. Motspørsmålet vert: kva om ei slik breidde støytar frå seg dei som ser skadeverknadene EØS-avtalen har nettopp på suverenitet og sjølvstyre, og som ønskjer denne kampen parallelt med kampen mot medlemskap? Er organisasjonen tent med å står fram som utydeleg i dette spørsmålet?
Val.
Landsmøtet skal velja styre med leiar og nestleiarar, AU som ein del av styret, direkte valde rådsmedlemer, valkomité, kontrollkomité og revisor.
Me i Hordaland meiner at det er ein mangel at landsmøtet ikkje får vita kvar dei som er kandidatar til dei ulike verva står i forhold til EØS-avtalen, og me vil oppmoda den nyvalde valkomiteen til å gjera greie for dette når nye kandidatar skal veljast ved neste landsmøte.
Me hadde forslag til endringar både til styret og til rådet, og var veldig nøgde då me fekk Mette Sivertsen, Bergen Nei til EU, inn i sentralstyret.
Einar Frogner vart attvald som leiar. Sjå heile styret her: https://neitileu.no/Om-oss Her finn du og oversyn over rådsmedlemer mm.
Innkomne saker.
Hordalandsdelegasjonen hadde sendt inn sak til punktet innkomne saker, der me ønskte ein prinsippdiskusjon om vedtektene og der me ville ha debatt om kva rolle og mynde vedtektene skal ha i organisasjonen. Kven tolkar vedtektsparagrafar som kan synast diskutable? – og kan lågare styringsorgan enn landsmøtet avgjera delegering av vedtektsfesta ansvar og oppgåver?
Sjå heile forslaget nederst på sida.
Det står ingenting i vedtektene om at sentralstyret skal handsama og innstilla i slike saker. Me meinar at desse sakene skal handsamast på landsmøtet utan føringar frå styret, slik at landsmøtet kan handsama sakene på heilt fritt grunnlag. Dette er den einaste posten der fylkeslaga kan koma med eigne saker i landsmøtet. Fylkeslaget vårt har fleire gonger sendt inn eigne saker, ingen av dei har kome til realitetshandsaming i landsmøte eller i rådet, og me spør: er det i god demokratisk ånd at styret i realiteten avgjer om saka skal til landsmøtet eller ikkje? Det kan sjølvsagt innvendast at landsmøtet stemmer over styret si innstilling, men det er og ei kjennsgjerning at styret har ein maktfordel i slike saker. Eg spurde fleire delegatar om dei hadde stemt for realitetshandsaming dersom styret innstilt for det. Svaret var ja.
Avsluttande kommentar.
Landsmøtet var godt førebudd, og det vart organisert og gjennomført på ein god og ryddig måte. Stemninga var god og debattane vart haldne i ein god atmosfære trass i motsetningar og ulike syn på dei mange sakene.
Laurdag var det jubileumsmiddag med god mat, underhaldning og stemning.
For delegasjonen og direkte vald rådsmedlem
Hordaland Nei til EU
Sigmund Simmenes, nestleiar og delegasjonsleiar
Toril Mongstad, fylkesleiar (og ikkje lenger rådsmedlem)
___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
Nei til EU – Landsmøte 8. – 10. november 2024
Sak til sak 7 – Innkomne saker
Til: Generalsekretær Kjell Arnestad med kopi til landsmøtekoordinator Frida Aune Borstad
Frå: Hordaland Nei til EU sin landsmøtedelegasjon v/ delegasjonsleiar Sigmund Simmenes og direkte vald rådsmedlem Toril Mongstad
Sak: Vedtektene sin rolle i organisasjonen. Kan paragrafar i vedtektene delegerast, tolkast og eventuelt fråvikast av andre enn landsmøtet?
Dato: 11. oktober 2024
§ 14 i vedtektene slår fast følgjande:
Vedtekter for Nei til EU kan bare endres ved 2/3 flertall på et lovlig innkalt landsmøte og hvor innholdet i endringsforslaget er gjort kjent på forhånd. Endringsforslag må være innsendt senest 4 uker før landsmøtet.
Spørsmåla denne saka reiser er følgjande:
Kan klart definerte ansvarstilhøve i vedtektene delegerast utan at dette vert handsama av landsmøtet?
Kan tolking av innhaldet i vedtektene gjerast av andre organ enn landsmøtet?
Bakgrunnen for saka:
Til landsmøtet i november 2022 sendte Hordaland Nei til EU inn framlegg til vedtektsendringar. I same dokument vart følgjande tatt opp:
Til § 8 – styret
Linje 110, 111 og 112 har i dag følgjande tekst:
Styret forvalter organisasjonens midler til den sentrale virksomheten. Styret ansetter personalet i det sentrale sekretariatet. Styret skal ved nyansettelse tilstrebe kjønnsbalanse. Styret fastsetter instruks for de ansatte.
Me kan ikkje sjå at dette er praksis i dag.
Me oppfattar sekretariatet som staben, og at styret har ansvaret for å tilsetja personalet i staben. I dag er det, slik me har oppfatta det, generalsekretæren som har denne oppgåva, medan styret har ansvaret for å tilsetja generalsekretær.
Me vil påpeika at denne delen av § 8 må følgjast opp i det praktiske.
Sak under stabs- og styresamlinga 3. – 5. februar 2023.
I styremøtet under stabs- og styresamlinga 3.-5. februar 2023 handsama og vedtok styret sin eigen instruks i sak 22 – 22/24.
I eit av punkta i nemnde instruks under avsnitt I Styrets oppgaver står følgjande:
Styret delegerer myndigheten til å ansette og fastsette instrukser til generalsekretær når det er snakk om å fylle vakanser eller ansette midlertidig.
Generalsekretær foretar ansettelser i samråd med stillingsutvalget og etter vedtektenes § 8 (andre avsnitt), samt gjeldende landsoverenskomst.
Generalsekretær har ansvar for å orientere styret og AU om administrasjonens arbeid og sammensetning.
Vår merknad:
Dette inneber at styret har tillate seg å delegera det ansvaret som vedtektenes § 8 slår fast, og me meiner at dette er å sjå bort frå ein tydeleg vedtektsparagraf. Slik delegering undergrev også vedtektene sin § 14 og landsmøtets klart definerte ansvar.
§ 7 i vedtektene omhandlar Rådets ansvar og der står det mellom anna:
Rådet kan diskutere alle saker som angår organisasjonens formål og drift og fatte vedtak i viktige saker som ikke kan utsettes til neste landsmøte.
Omgrepet viktige saker er upresist, og det gjev rom for tolking. Hordaland Nei til EU har ved fleire høve bedt om at både budsjettrevisjonar og rekneskap skal vera vedtakssaker i Rådet i dei åra det ikkje er landsmøte.
Dette har ikkje vorte etterkome, og temaet har heller ikkje vore til diskusjon i landsmøtet. Me meinar at det berre er landsmøtet som øvste styringsorgan som kan tolka innhaldet i vedtektene dersom desse ikkje er heilt presise, som i dette eksempelet. Ved å avvisa handsaming av det medlemene meiner er viktige saker, har styret tatt dette tolkingsansvaret.
Me vil leggja fram følgjande forslag til vedtak i denne saka:
- Delegering av ansvar definert i Nei til EU sine vedtekter kan ikkje gjerast av andre organ enn landsmøtet.
- Tolking av vedtektsparagrafar der det er rom for diskusjon og ulike meiningar, skal gjerast av landsmøtet og skal handsamast på same måte som konkrete endringar av vedtektene vert handsama i landsmøtet.