Debattmøte i regi av Hordaland Nei til EU fann stad 30. august på Scandic Bergen City. Det var nyttig, informativt og interessant.
Representantar frå AP, FRP, MDG, SP, SV, Rødt og etter kvart også Venstre stilte opp. Høgre og KrF hadde meldt forfall. Det møtte rundt 20 deltakarar, pandemiutviklinga la nok ein dempar på lysta til å stilla opp, vil me tru.
Fylkesstyret vil seia tusen takk til dei som deltok, både i panelet og i salen.
Kandidatane presenterte seg og fekk innleiingsvis 3 minuttar kvar til å informera om partiet sitt syn på EØS-avtalen og EU-medlemskap. Ordstyrarane losa oss deretter gjennom ei rekkje med spørsmål, og oppgåva deira var like utfordrande som det me kan høyra både på Politisk kvarter og Dagsnytt 18: det er ikkje alltid like lett å få konkrete svar. Me fekk høyra mykje om mangt, og det er interessant nok i seg sjølv, men det hadde vore endå meir informativt om me hadde fått meir konsise svar på enkle og konkrete spørsmål. Eksempel på det var når det vart spurd om dokumentasjon for påstanden om at eit Norge utan EØS ville verta hundretusenvis av arbeidsplassar fattigare, eller med kva grunnlag ein kan hevda at me ikkje får seld varene våre utan ein EØS-avtale. Her vart nok ja-sida svar skuldig, og då er det like greitt å leia svaret inn på heilt andre politiske saker. Det var høve for publikum å også koma med innlegg og spørsmål, og fleire hadde saker som dei ønskte å utfordra paneldeltakarane på.
Det er, som alltid, interessant å merka seg at tilhengjarar av EØS-avtalen stort sett ikkje ønskjer kunnskap om alternative handelsavtalar, og at det vert hevda at utan EØS er Norge nærast utan ei framtid. Dette trass i at berre 3 land i heile verda handlar med EU gjennom ein EØS-avtale, og at både Norge og EU handlar med resten av verda gjennom meir normale og likeverdige avtalar.
Ei kort oppsummering frå kvar av partia sette sluttstrek for debatten, og som takk for innsatsen fekk kvar av kandidatane historieboka: Folket sa nei.