Gunnar Sirevåg ny leder i Rogaland Nei til EU

Gunnar Sirevåg (til venstre i bildet) ble valgt til ny leder på Rogaland Nei til EUs årsmøtet 17. februar. Til høyre i bildet avgått leder Leiv Olsen.

Følgende styremedlemmer utenom leder Gunnar Sirevåg ble valgt:

Sara Mauland, Leiv Olsen, Kate Elin Norland, Marthe Lien Hamre, Tron Håland, Hanne Marthe Vatnaland og Remy Penev. 

Varamedlemmer: Samuel Tengs, Olav Gjesteland. 

Valgkomité: Arne Kverneland, Eldar Myhre. 

Det ble vedtatt to resolusjoner på årsmøtet: 

Ikkje gi EU makta over krafta! 

EU planlegg ein energiunion der energi skal flyta mest mulig fritt på ein felles marknad. Konfliktar mellom medlemslanda skal løysast av eit nyoppretta energibyrå, ACER. «ACER skal kun avgjøre i spørsmål der det er tvister mellom land,» uttaler energiminster Terje Søviknes (Klassekampen 25.1.2018). Det betyr at ACER på visse område kan diktera energipolitikken vår. Vassdragsvesenet skal skilja ut ein eigen instans, Reguleringsmyndigheten for energi (RME), som skal ta imot instruksar frå ACER, og som skal opptre uavhengig av norske styresmakter. Tilslutning til ACER betyr å gi frå oss råderetten over krafta vår bit for bit. 

Rogaland Nei til EU avviser norsk medlemskap i ACER og krev at Stortinget behandlar saka etter Grunnlovens § 115. 

Sei opp EØS-avtalen! 

EØS-loven slår fast at EØS går føre alle andre norske lovar. Føremålet med EØS-loven er å sikra EUs fire «friheter»: varer, personar, tenester og kapital skal flyta fritt i heile EØS-området (EØS-loven artikkel 1, pkt. 2), og det skal byggast opp ein statsliknande struktur som skal sjå til at medlemslanda følgjer regelverket som EU vedtar for den indre marknaden. EØS fører til at me på stadig fleire område må overlata avgjerder til EU. EØS betyr sosial dumping og trugar sjølvråderetten vår — sei opp EØS-avtalen!